søndag, juni 24, 2012

Ting eg har lært av å henge rundt på FN-konferanse

Vel tilbake i Noreg er det på tide å "oppsummere" mine litt under tre døgn som delvis tilstadesverande på Rio+20-toppmøtet. Rett nok var eg i ganske liten grad på sjølve møtet - eg brukte det meste av tida mi på Copacabana, der Norden hadde sine side events, og der hotellrommet eg var så heldig å få overta (då hostellet mitt ikkje var meint for menneske!) også låg. Så i god gamal lær-noko-nytt-kvar-dag-ånd -her kjem eit knippe av tinga eg lærte i dei 73 timane eg var på riosk jord:


- det er ufattelig mange folk over alt
-"international food" betyr burger og pizza på fn'sk
-minnepinner er superpopulært i Brasil. Sjølv om det står Norden på den og den er fyld med rapporter
-du farge-og bokstavkodes ut frå kor viktig du er. Eg er raud O, som betyr at eg er ordinær delegat i ein obervatørgjeng. Trur eg, i alle fall.
-å skrive namnet mitt på arabisk. Fordi Qatar har utstyrt meg med dreieskive
-dei einaste som trakk fram kvinner som naudsynte for å skape eit berekraftig samfunn var Dei sameinte arabiske emiratane og Norden (med eit sterkt atterhald om at eg ikkje var innom alle standane i athletes park)
-folk stresser veldig fordi dei ikkje når alt dei skal rekke og ikkje kjem i kontakt med folk, men at dei likevel ikkje bruker den timen det tek i bussen frå hotella til Rio Centro til å bygge allianser
-at eg blir stum når eg skal drive small talk, og særlig når nokon snakker eit anna språk enn det eg venta å høyre - Sorry, Tarja Halonen. Komplimenten din takkes hjarteleg for, sjølv om eg altså ikkje klarte å seie anna enn "eeh, ja, eeh.." og smile beskjedent
-grunnstega i samba. Takk vere ein Norden-frelst brasilianar som det viste seg at eg var brunare enn (stor siger for meg - sjølv om eg tapte veddemålet).
-at Vatikanet meiner det er viktigare å unngå aborter enn å sikre at mødre og barn overlever fødselen
-at det å vasse på Copacabana kanskje ikkje er det mest gjennomtenkte ein kan finne på ein ettermiddag - når havet stig og bølgene brått er meterhøge. Med mindre du liker å bli dyvåt, då
- at det å bytte ut eit par sko med eit anna fordi du har fått gnagsår fort bare betyr at du får gnagsår andre stader
-kor smittsomt deg er når "alle" har snakka ned forventningene til det endelige sluttdokumentet, og kor lett ein dermed gløymer det som faktisk var bra i det
-den lengste køen med mennesker eg nokon gong har sett førte til Brasils historiske nasjonalmuseum. Aner ikkje kva som skulle skje der, men eg blei glad lell
-strendene i Rio har uttøyings-og treningsapparat som står langs hovudvegen, til gratis bruk for både hobbymosjonister og atleter. Godt brukte var dei og.
-likestilling er hovudnøkkelen når ein skal løyse framtidas utfordringer. Noreg blei ikkje rike fordi vi fant olje, men fordi vi fant på ordninger som fekk kvinnene ut i arbeid, og som sikra at dei kunne vere heltidsarbeidande sjølv med små barn. Og siste påstanden er henta rett ut frå foredraget til sjefen for ein av FN sine forskningsinstitusjoner, i fall du lurte
-Copacabana og Ipanema har kvar sine fortausmønster, slik at du skal vite kor du er (?), og desse mønstra er byen svært stolte av.
Bittelitt blaut etter mitt forsøk på vassing, gitt
Copacabana gjennom bussvinduet. Her også med dei geniale trenings-og uttøyingsgreiene som er langs Rios strender.
Ipanema gjennom bussvinduet ein gråversdag. Men mønsteret er jo kult, då.

3 kommentarer:

Ole sa...

Ser jammen ut som om du har lært en del nyttig og unyttig ;)

Håkon sa...

Det du skriver forteller hva jeg og mange mener.
Disse klimakonferansene er koseklubber hvor enormt mye penger blir brukt på førsteklasses reiser, topp hoteller for deligatene, middager og kos.
Og det eneste de blir enige om er å møtes igjen å fortsette hyggen - uten å komme frem til noe som helst.

Jeg ser på tallene fra København, som havarerte totalt :
I pund :
Fly 6.375.000
Hotel 19.965.00
Mat 3.300.000
Møtelokaler : 8.080.792
Lønninger til delegatene 54.534.750
Totalt 130 millioner pund - ca 1 mrd.

Tallene fra Cancun året etter er lavere, men også penger brukt på ingen ting.
For Rio har ikke tallene kommet enda, men at flyprisene er langt høyere er det ingen tvil om. Og - igjen - totalt bortkasta penger.

Hvem betalte for turen din? Betalte du alt selv?
Og - var det vært det? Å bli våt på Cocapabana, er det hva man forventer å få ut av et klimamøte?

Det var klart før møtet at det ikke kom frem til noen enighet. Da er det bare å avlyse å spare pengene.
Klima... pengesluk!

Signhild Stave Samuelsen sa...

Eg var i Rio for å ta del på eit av Norden sine sidearrangement, for å snakke om ungdomsperspektivet på likestilling. Alle land og ein del regionar held sidearrangement der dei vel tema dei er opptekne av, eller om tema dei sjølv meiner dei er særskild gode på. Ettersom berekraftig utvikling var tema for FN-konferansen, var det naturleg nok tema for alle sidearrangementa også. Norden valde å halde seminar om ny nordisk mat (kva ein kan gjere for å satse på å utvikle og ivareta lokalprodusert og kortreist mat), likestilling (og kvifor likestillingsarbeidet er vikig i høve til berekraftig utvikling) og om grønn økonomi og bruk av naturressurser.

Dei som betalte for (mesteparten av) reisa og oppholdet mitt, var Nordisk Barne-og Ungdomskomité, som sende meg ned for ein ynskja å sikre at aldersperspektivet blei ivaretatt på sidearrangementet som likestilling, fordi ein rekna dette som ein viktig arena for å få fram at likestillingsspørsmål også er utviklingsspørsmål, og at likestilling handler om meir enn kjønn.

Så når eg skreiv "henge rundt" i overskrifta, var det fordi min rolle under opphaldet utelukkande var å vere innleiiar på det eine seminaret (og å følge dei andre nordiske seminara). Eg hadde ingen rolle under forhandlinger. Eg var akkreditert som ein del av den nordiske delegasjonen fordi det lenge var usikkert om eg kunne sleppe inn på hotellet sidearrangementa til Norden skulle vere på utan eit slikt bevis.

Eg tok turen til områda der forhandlingene føregjekk og der utstillerområdet var fordi eg er nerd nok til at eg på ein regnvåt ettermiddag (etter at eg var ferdig med å snakke) og ein regnvåt morgon (før flyet mitt gjekk) fann ut eg heller ville vere turist i messeområdet enn i Rio by, rett og slett fordi eg var nysgjerrig på kva som gjekk føre seg der. Så nei, å bli våt på Copacabana er ikkje det ein forventer å få ut av eit klimamøte - heldigvis! Bloggposten er flåsete, og har sjølvsagt ikkje vore meininga å skulle vere noko oppsummering av FN-forhandlingane. Åpenbart ikkje - for der deltok ikkje eg.

Kall meg gjerne naiv, men eg trur at det er mogleg med bindande klimaavtaler, og eg har tru på at FN-systemet er staden å spikre desse. Ja, det var klart før møtet at ein ikkje fekk på plass ein bindande avtale, men eg har eit klart inntrykk av at ein likevel har klart å bevege forhandlingane i rett retning. Eg snakka med fleire tilfeldige delegatar frå både Afrika, Asia og Europa i løpet av dei 18 timane eg hadde til "fritid" i Rio, og sit att med eit tydelig inntrykk av at ein rekna forhandlingane i Rio som betre enn venta på veldig mange felt. Eg blei ganske overraska over kor samstemte dei eg tilfeldigvis snakka med var om at mykje av grunnen til at ein ikkje kom heilt i hamn, var ei særs uproff styring frå Brasil, som skulle leike den tøffe gutten i klassen i si leiing.

Spørsmålet om ein ikkje bare skulle avlyst toppmøtet til ein var sikker eller tilnærma sikker på at ein avtale skulle komme på plass, er sjølvsagt berettiga. Dersom du har rett i at målet med slike reiser er å "kose" og å bu på fancy hotell, er avlysing det einaste rette. Men mitt inntrykk er at slike forhandlinger inneheld svært lite kos. Forhandlingene er i høgste grad reelle, og ein skal tåle mange dagar med lite søvn, mykje venting og irriterande mange diskusjonar om flytting av komma og vekting av ord med nyanseskiller. Og fordi forhandlingar er aller mest effektive når ein har eit tidsmål for dei og ei fysisk samling, meiner eg det er rett å fortsette dei, men eg legg til grunn at alle parter vurderer fortløpande kor mykje økonomiske ressurser det er forsvarleg å sette inn. Ettersom eg ikkje har vore ein del av forhandlingane aner eg ikkje kva behov som er reelle, men eg merka meg at fleire av dei eg snakka med fortalte at regjeringane deira hadde kutta i den opphavlege delegasjonen, fordi dei ikkje ynskja å sende fulle delegasjonar ned når det såg ut til at det ikkje ville bli så stor semje som ein håpa. Og det er nok ikkje så dumt.