Eg er ekspert på å trykke på "lagre" i staden for "publiser" på bloggen eller "send" på eposten. Då eg tidlegare i dag svinsa forbi bokhylla, kom eg til å tenke på kva han mannen eigentleg sa i artikkelen om Bella Coola. Eg visste eg hadde funne referansen i innlegget om boka til Kari Nygaard. Men den låg ikkje på bloggen. Fordi eg hadde trykka på feil plass. Så her kjem eit innlegg som altså skulle vore publisert i mai. Kan eg skulde på å vere sørlending? Vi er jo ikkje alltid kjent for å vere så kjappe av oss..
Biletet har eg frimodig stole frå Aschehoug sine nettsider.
Eg blei sengeliggande i byrjinga av mai. Etter nokre dagar med næringsopptak på minussida orka eg ikkje eingong sjå film. Men å ligge under dyna var keisamt, og ingenting skjedde på facebook (det gjer jo aldri det når ein er sjuk! Muligens fordi ein er inne ca kvart 2. minutt?). Eg treiv til meg ei bok frå nattbordet. Timane berre forsvann.
Heile livet har eg hatt Den store Amerikareisa framme i pannebrasken. Det er vel umogleg å ha opphav frå Lista utan at Amerika har vore ein del av livet. Mine oldeforeldre på morssida hadde ikkje overlevd om det ikkje hadde vore for Amerika. Mine oldeforeldre på farssida hadde aldri fått lov til å gifte seg om det ikkje hadde vore for at oldefar hadde vore "over there". (Dei to forelska hadde vel heller aldri møttes om dei hadde blitt verandre i Noreg, strengt tatt..). Slekta mi hadde med andre ord ikkje vore til om det ikkje hadde vore for amerikabåten. Men samstundes har eg eit litt anstrengt forhold til amerikareisene i litteraturen. Kanskje er det fordi det Amerika dei skildrar er eit ganske annleis Amerika enn det som har vore ein del av min familie si kollektive (Brooklyn-) fortelling? Derfor var det med ei viss skepsis eg gjøyv laus på Kari Nygaards "Reisen til Bella Coola".
Amerikabåten SS Majestic fraktar i 1892 med seg tre (fiktive) personar som har tre ulike grunnar for å forlate, og kanskje til og med rømme frå, sine norske røter. Hovudpersonen Ingrid og ektemannen Esten forlet Østerdalen i von om eit betre liv. Ingrid ber ei stor sorg, og om Esten eigentleg deler denne, skjuler han ho i arbeidet sitt. På båten over blir Esten så sjøsjuk at han må halde seg i kahytten heile turen. Den meir sjøsterke Ingrid får derfor høve til å utforske det mini-samfunnet Amerikabåten er heilt for seg sjølv. Slik har det seg at ho møter prestesonen Andreas frå Stavanger. I Estens ufrivillige fråver veks det fram eit sterkt vennskap mellom den skuleflinke innlandsjenta og akademikarmannen frå strandkanten, og mellom linene forstår vi at dette kanskje er noko meir enn "berre" vennskap. Både Ingrid og Andreas rømmer frå stor sorg, og på kvart sitt vis har sorgene deira eit skamfullt element ved seg, og sjølv om dette er uuttalt, forsterker det banda mellom dei. Men dei kjem frå to ulike verder, og ho er gift. Når båten klapper til kai på Ellis Island, må dei også seie farvel til kvarandre.
Andreas, som har vakse opp i borgarskapets stillesittande tilvere, får eit røynddomssjokk når han må finne på noko å brødfø seg med. Han dreg til Chicagos slaktehallar for å jobbe av seg sorga. Esten og Ingrid reiser til Minnesota, til Esten sin onkel og familien hans. Esten jobber minst like hardt som heime, i god lutheransk and. Ingrid klarer derimot ikkje heilt å tilpasse seg hustrurollen som det blir forventa at ho skal fylle. Etterkvart klarer ho å overtale sterke krefter om at ho kan få andre oppgåver i området enn berre å vere gardskjerring. Det er duka for skandale.
Tittelen på boka er eit klart hint om at Ingrid og Esten skal vidare. Til kanadiske Bella Coola, som i 1890-åra blei busett av ei gruppe norske lutheranarar. Den spanande historia til kolonien kan du lese her. Nygård bruker Bella Coola som eit slags "forjettede land", der Esten og Ingrid skal skape eit nytt liv, og sjølv rydde seg grunn i karrig jord. Men det går vel ikkje heilt som planlagt..
Reisen til Bella Coola er ei vakker bok, men ho er langdryg. Dette er ikkje boka for deg som treng spenning på kvar tredje side, for det hender at det går langt mellom hendingene her. Og plottet i boka er kanskje ein smule for forutseibart - eg kjende meg ganske sikker på korleis det kom til å ende allereie etter ti sider.
Innimellom framstår boka som ein transportetappe, og slutten tyder på at dette kanskje er meint å vere første bok i ein serie. Eg vonar at det stemmer, for eg kjenner eg gler meg til ei bok til. Og har eit lønnleg håp om at det kanskje er litt mindre "pause" i den.
Takk til Aschehoug for fint meldeeksemplar!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar