Eg liker Earth Hour. Eg skryt til og med av å ha bidratt til å snikinnføre det før tida, for det gjorde vi faktisk i eit kolletiv eg budde i etter å ha høyrt om det frå Australia. Eg tilhøyrer også den delen av folket som meiner det er juks å sitte med datamaskinen på batteri under Earth Hour. For to år sidan erklærte eg til og med at Earth Hour overgjekk 17. mai som min yndlingsdag - (lenge til eksamen,) levande lys, god middag og gode venner er ein uslåeleg kombo. Kven treng elektrisitet då?
I år, derimot, var det bare meg, ei gigantisk rettebunke på pcen, ein passe varm hybel, eit ullpledd, 13 t-lys, to kubbelys. Middagen var oppeten, venner og bekjente reist på påskeferie, og eg ikkje reist på feire til familien ennå. Kva skulle eg ta meg til? Jo, eg treiv ei tilfeldig bok frå bunka av bøker eg hadde tenkt å lese om høvet baud seg.
Det er noko poetisk over at eg i mi einsemd treiv den vakraste boka om einsemd eg nokon gong har lese. Eg kunne nå ha sagt noko vakkert om korleis einsemda mi ikkje var til å halde ut, og korleis det å få ta del i hovudperson Matheas einsemd var det einaste som heldt meg oppe. Men det ville vore blank løgn. Eg treiv boka fordi ho var så lita at eg kanskje ville klare å lese ho ut før kvelden var omme, slik at eg hadde ei unnskuldning mindre til å unngå å rette elevtekstar dagen etter. Då eg var komen halvvegs tok eg meg sjølv i å lese ekstra seint, i å medvite hale ut tida. For det å lese ut boka ville vere det same som å måtte forlate Matheas vakre, einsame univers.
(Biletet har eg frimodig rappa frå Oktober.no i von om å bli tilgitt fordi dette strengt
tatt er ein slags reklame, og det utan at dei har betalt eller bestukke meg eller noko anna)
Kjersti Annesdatter Skomsvold har skrive ei vakker og morsom bok om ei lita dame som aller helst vil gå i eitt med tapetet. Ho er bokstaveleg tala heilt utan nettverk, og ho veit heilt enkelt ikkje korleis ho skal forholde seg til andre mennesket. Ektemaken Epsilon er det einaste mennesket ho har kunne forholde seg til, og vi aner snart at han muligens ikkje er til lenger, sjølv om ho fortset å omtale han i presens. Livet hennar består av pikekyss, rundstykker, syltetøy, ørevarmer-strikking og venting. Ufattelege mengder venting, og aller mest på at Epsilon skal bli ferdig på jobben i Statistisk Sentralbyrå. For ikkje å snakke om at han skal bli pensjonist, så dei kan vere i lag heile tida. Då han endeleg blir pensjonist, går det galt.
Mathea har aldri heilt skjønt korleis ho skal forholde seg til andre menneske. Ho forstår dei ikkje, og det er særdeles gjensidig. Gradvis forstår vi lesarar kvifor, og etterkvart som det blir avdekt, er det ikkje lett å vite kven ein skal vere forståingsfull andsynes. For ho har aldri lært sosiale kodar og denslags, korkje heime, i skulen eller seinare i livet. Epsilon har vore den einaste ho har forstått seg på, og han har forstått ho.
Matheas univers er området rundt Lutvann. Det er vannet, det er området rundt, det er boligblokkene der. Derfor er det også i dette området ho gjer sine forsøk på å bli sett. Av naboane. Av dei på butikken. Av dei på eldresenteret. Ho baker rundstykker og pikekyss i stor skala for å servere på borettslagsdugnaden, vel vitande om at ho ikkje treng å vere med. Men korleis skal ho gå fram for å servere det? Ho kjøper syltetøy på glass, men får ikkje opp lokket. Korleis skal ho formulere seg for å få svensken bak disken til å opne glasset før ho forlet butikken? Ho drister seg på eldrekveld på senteret, og sjølv der det skal vere koseleg for alle går ho att med tapetet. Ho tulleringer til opplysninga i håp om at dei fører statistikk over kven som er dei mest populære å få opplyst nummeret til. Ho lager seg ein tidskapsel, bare for å vise at ho har eksistert. Ho hiv seg til og med på ei småkriminell karriere - alt i håp om å bli lagt merke til.
Skomsvold kunne ha skrive ei grusom bok om einsemd. I staden har ho skrive ei morsom, var og fin bok om ei dame som eigentleg er ganske tøff, men som aldri heilt har skjønt korleis ho skal få vist akkurat det til seg sjølv eller andre. Les boka, du vil ikkje angre. (Nesten-rim!) For, som Mathea vile sagt det: "Sannsynligheten for at det skulle skje må være mindre enn Ɛ, dersom Ɛ er en mikroskopisk liten mengde".
Mathea fortener minneord. Eg gjer Goethes ord til mine, og lysar fred om hennar litterære minne med orda
Warte nur, balde
Ruhest Du auch.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar