Viser innlegg med etiketten Lista. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Lista. Vis alle innlegg

torsdag, august 29, 2013

Bok: Reisen til Bella Coola

Eg er ekspert på å trykke på "lagre" i staden for "publiser" på bloggen eller "send" på eposten. Då eg tidlegare i dag svinsa forbi bokhylla, kom eg til å tenke på kva han mannen eigentleg sa i artikkelen om Bella Coola. Eg visste eg hadde funne referansen i innlegget om boka til Kari Nygaard. Men den låg ikkje på bloggen. Fordi eg hadde trykka på feil plass. Så her kjem eit innlegg som altså skulle vore publisert i mai. Kan eg skulde på å vere sørlending? Vi er jo ikkje alltid kjent for å vere så kjappe av oss..


Biletet har eg frimodig stole frå Aschehoug sine nettsider

Eg blei sengeliggande i byrjinga av mai. Etter nokre dagar med næringsopptak på minussida orka eg ikkje eingong sjå film. Men å ligge under dyna var keisamt, og ingenting skjedde på facebook (det gjer jo aldri det når ein er sjuk! Muligens fordi ein er inne ca kvart 2. minutt?). Eg treiv til meg ei bok frå nattbordet. Timane berre forsvann. 

Heile livet har eg hatt Den store Amerikareisa framme i pannebrasken. Det er vel umogleg å ha opphav frå Lista utan at Amerika har vore ein del av livet. Mine oldeforeldre på morssida hadde ikkje overlevd om det ikkje hadde vore for Amerika. Mine oldeforeldre på farssida hadde aldri fått lov til å gifte seg om det ikkje hadde vore for at oldefar hadde vore "over there". (Dei to forelska hadde vel heller aldri møttes om dei hadde blitt verandre i Noreg, strengt tatt..). Slekta mi hadde med andre ord ikkje vore til om det ikkje hadde vore for amerikabåten. Men samstundes har eg eit litt anstrengt forhold til amerikareisene i litteraturen. Kanskje er det fordi det Amerika dei skildrar er eit ganske annleis Amerika enn det som har vore ein del av min familie si kollektive (Brooklyn-) fortelling? Derfor var det med ei viss skepsis eg gjøyv laus på Kari Nygaards "Reisen til Bella Coola".

Amerikabåten SS Majestic fraktar i 1892 med seg tre (fiktive) personar som har tre ulike grunnar for å forlate, og kanskje til og med rømme frå, sine norske røter. Hovudpersonen Ingrid og ektemannen Esten forlet Østerdalen i von om eit betre liv. Ingrid ber ei stor sorg, og om Esten eigentleg deler denne, skjuler han ho i arbeidet sitt. På båten over blir Esten så sjøsjuk at han må halde seg i kahytten heile turen. Den meir sjøsterke Ingrid får derfor høve til å utforske det mini-samfunnet Amerikabåten er heilt for seg sjølv. Slik har det seg at ho møter prestesonen Andreas frå Stavanger. I Estens ufrivillige fråver veks det fram eit sterkt vennskap mellom den skuleflinke innlandsjenta og akademikarmannen frå strandkanten, og mellom linene forstår vi at dette kanskje er noko meir enn "berre" vennskap. Både Ingrid og Andreas rømmer frå stor sorg, og på kvart sitt vis har sorgene deira eit skamfullt element ved seg, og sjølv om dette er uuttalt, forsterker det banda mellom dei. Men dei kjem frå to ulike verder, og ho er gift. Når båten klapper til kai på Ellis Island, må dei også seie farvel til kvarandre. 

Andreas, som har vakse opp i borgarskapets stillesittande tilvere, får eit røynddomssjokk når han må finne på noko å brødfø seg med. Han dreg til Chicagos slaktehallar for å jobbe av seg sorga. Esten og Ingrid reiser til Minnesota, til Esten sin onkel og familien hans. Esten jobber minst like hardt som heime, i god lutheransk and. Ingrid klarer derimot ikkje heilt å tilpasse seg hustrurollen som det blir forventa at ho skal fylle. Etterkvart klarer ho å overtale sterke krefter om at ho kan få andre oppgåver i området enn berre å vere gardskjerring. Det er duka for skandale.

Tittelen på boka er eit klart hint om at Ingrid og Esten skal vidare. Til kanadiske Bella Coola, som i 1890-åra blei busett av ei gruppe norske lutheranarar. Den spanande historia til kolonien kan du lese her. Nygård bruker Bella Coola som eit slags "forjettede land", der Esten og Ingrid skal skape eit nytt liv, og sjølv rydde seg grunn i karrig jord. Men det går vel ikkje heilt som planlagt..

Reisen til  Bella Coola er ei vakker bok, men ho er langdryg. Dette er ikkje boka for deg som treng spenning på kvar tredje side, for det hender at det går langt mellom hendingene her. Og plottet i boka er kanskje ein smule for forutseibart - eg kjende meg ganske sikker på korleis det kom til å ende allereie etter ti sider. 
Innimellom framstår boka som ein transportetappe, og slutten tyder på at dette kanskje er meint å vere første bok i ein serie. Eg vonar at det stemmer, for eg kjenner eg gler meg til ei bok til. Og har eit lønnleg håp om at det kanskje er litt mindre "pause" i den. 

Takk til Aschehoug for fint meldeeksemplar!

tirsdag, juni 19, 2012

Min barndoms eventyrland

Bestefar hadde vore sjømann, og fruktbåter var innimellom greia. Min barndoms eventyrverden handla derfor like mykje om Brasil, Japan, Filippinene og sør-Afrika som om den norske fjellheimen. Ein av bestefars favorittbyer var Rio de Janeiro, og eg har høyrt mykje om Copacabana. I mitt hovud skulle denne staden vere ei blanding av Kardemommeby og Listastrendene. Etter eit døgn her slår eg fast: eg trur eventyrverda var den finaste! :)

mandag, mai 23, 2011

For tante stenne bag gardin' å ser...

"Nå slår britiske aviser tilbake mot munnkurven" kunne Dagbladets nettframside melde i dag. Sjølve artikkelen fortel at britiske tabloider ikkje tør å fortelle kven han er,  men at dei sørger for å protestere som best dei kan. I ein annan artikkel opplyser Dagbladet at fotballfansen skal ha sunge om denne speleren medan hans kone og barn var på tribunen - framleis utan å ha sagt kven han er. 

Eg er ikkje spesielt interessert i fotball, og enda mindre er eg interessert i kven som måtte finne på å (frivillig) ligge med kven. Mi grunninnstilling har alltid vore at utruskap er ei sak mellom involverte parter (som i dei to pluss partnarar), og ikkje for det offentlege rom. 

Det finst riktignok eit unnatak frå regelen om at utruskap er ein privatsak, og det er saker der (minst) ein av dei aktive partane er sjølvutnemnd moralistog "familieverdiforkjempar". Dei som går hardt ut med krav til korleis andre skal leve sine liv må tole søkelyset når dei sjølv ikkje lev opp til desse ideala - særleg om dei fordømmer andre for å gjere det same som dei sjølv.

Eg interesserer meg altså på ingen måte, sånn eigentleg. Og likevel tok eg meg sjølv i å aktivt bruke 2 minutt av mitt liv på å finne ut kven denne mannen var. Det var ganske enkelt. Db har nemlig linka til Trendistic - som lager statistikker over bruken av ord på twitter. Der søkte eg på "football player". Nokon hadde spurt etter kven det var. Nokon hadde svart vedkommande. Eit nytt søk på eit namn i Trendistic stadfesta at namnet hans - slik artikkelen hadde spådd - hadde auka kraftig i omtale på twitter dei siste dagane. 

Kva kan ikkje teknologien gjere for oss i dag? Vel, for min del har den i alle fall påført meg mykje ein stor skuffelse. Ganske mykje over meg sjølv, at EG kunne finne på å foreta søket, når det ikkje interesserer meg. Og så litt over vedkommnde fotballsparker, fordi eg alltid har tenkt at han var ein sympatisk fyr (for ja, det var ein eg kjenner godt til - i seg sjølv noko talande om hans popularitet). 

I Listasangen, som til liks med ganske mange andre heimstadssongar her i landet opphavleg var ei revyvise, heiter det at "Når æg ska uid å sjå min hjertenskjer/Då dreg eg heua gått for euan ner/For tante stenne bag gardin å ser/De' æ så vonnt fårr ho å la d ver". Og eg frykter at det er litt det same genet som altså slo ut i meg nå. 

Det var så vondt for meg å la det vere.

mandag, mai 16, 2011

Mot "årets helligste dag"

"17. mai er det heilagste dagen i året" utbraut mamma rundt middagsbordet i dag. I min familie har det alltid vore ein liten (ideologisk?) kamp mellom 17. mai og langfredag om å stå øverst på heilagheitsskalaen. 

Eit av mine første minner er ein 17. mai der eg truleg var 3 år. Eg var enebarn, og feira i lag med bestemor, bestefar og mamma og pappa i Vanse. Eller, eg antek at mamma og pappa også var der, men dei er ikkje til stades i minnet. Det eg hugser, er at eg stod like ved den store bautaen i Vanse og holdt ei bunadskledd bestemor i eine hånda, mens den enorme hånda til min dresskledde bestefar hadde eit solid grep rundt den andre. Det var trygt og godt, og eg stod og studerte den enorme bautaen og lurte på korleis nokon menneske nokon gong kunne ha klart å lage noko som var så stort. At Kyrkja ved siden av kunne vere høg, kunne eg forstå, for eg hadde jo sett at ein bygde med stillaser. Men korleis ein fekk til den "enorme" bautaen, det var meg eit mystrium. 

Då eg var liten, var 17. mai strengt tatt ei todagersarrangement. Vi begynte med barnetog i gata og saft og kaker på leikeplassen den 16. mai. Dette var ein kombinasjon av ein gatefest for å feire at ein var ferdig med god dugnadsinnsats og ein måte å sørge for at alle ungane, anten dei var 2 eller 15, fekk gått i tog. Etterpå var det sekkeløp og kanskje litt grilling før badekaret venta på skitne men lukkelege barn og strykejernet venta på at opphavet skulle gyve laus på bunadsskjorter.

Sjølve 17. mai var ein dag der alt fulgte sin faste rytme, og der alt gjekk slag i slag.  Oppstilling på grusbanen på Heståsen for ei kort tale før barnetoget. Så gjekk toget ut i gatene, og endte opp på Hånes skole for Den Store Talen, nasjonalsonger av fulle lunger, loddsalg, kaker, is og så mykje leik ein bare orka. Og når ein omsider gjekk lei, sånn ut på tidleg ettermiddag ein gong (ofte fordi alle andre hadde vendt heim, og den Stave Samuelsenske hop var dei einaste utanom arrangørane som  framleis var i full sving), gjekk vi heim for å strekke på beina litt, før turen gjekk ned mot Kristiansand sentrum og Borgertoget, anten for å gå der sjølv eller fordi ein alltid kjende nokon som gjekk der (eventuelt for å finne ut kva studentkora hadde funne på denne gongen). Så bar det ut for å ete, før turen gjekk heim eller til venner eller naboer for å proppe i oss enda meir kake (som om vi ikkje hadde fått nok slikt allereie på Hånes). Litt meir beinstrekk, og skifting frå bunad til dongri før Tapto var tingen. 

Min barndoms 17. mai fulgte med andre ord eit fast system. Den var ritualisert, og blant hovudritene var øvingene "få i deg så mange kalorier du overhodet klarer". Desse ritene var så klare at eg nesten blei paralysert då eg flytta til Oslo og måtte tilbringe nasjonaldagen liggande på ein sofa mens eg las til eksamen dagen etter. Eg gjekk ein tur i skogen (bunadslaus) og traff ein forvirra polakk og nokre fugler. Elles var alle folka borte. Den 17.mai'en var så trasig at eg etterpå bestemte meg for å i alle fall prøve å finne nye ritualer. 


I den grad eg kan skryte på meg å ha funne nye 17. mai-ritualer i hovudstaden, er det barnetoget som er ein hovudingrediens. Sjølv om dei eg kjenner i toget kan oppsummerast på ei hand (og i stor grad på biletet av Romsås Janitsjar..) har det absolutt vore ei god erstatning for Hånes-toget.


 




Men resten av ritualene har det vore så som så med. Anten det har inkludert laaaaaaaaange frukoster, like lange lunsj-middager eller å drikke sjampis på statens rekning, har det liksom ikkje blitt så dreis på det. Den heilage 17.mai'en har blitt mindre heilag med åra, er det bare å innrømme.

I morgon skal eg igjen feire 17. mai i Vanse (for første gong sidan eg var 4), og igjen stille meg slik at eg kan betrakte den bautaen som ikkje lenger er enorm, og som eg ikkje lenger har problem med å skjøne korleis blei reist. Bestemor og bestefar ligg gravlagt på same kyrkjegården, og bestemors bunad er det eg som skal gå i. Men kanskje kan eg, i eit lite glimt, oppleve å vere 3 år igjen og vere lykkeligst i heile verda fordi at "endelig er dagen her".

I fjor: utenriksdepartementets mottaking. 
I år: høvesvis på ny-gamle jaktmarker på Lista og på gamle-gamle jaktmarker på Dovre


HA EIN FANTASTISK GOD 17. MAI!

mandag, mai 02, 2011

Kva skulle eg gjort utan pappaen min?

(dette innlegget blei forsøkt lasta opp på påskeaften, men fordi breibandsdekninga på Lista virkelig ikkje alltid er mykje å skryte av, fekk eg bare skrive det i Blogger, men det blei aldri lasta opp. Og det oppdaga eg altså først nå, 8 dagar seinare)

I påska i fjor slapp eg bomba. "Pappa, æg tru'kje du kan rægne mæ at æg kjeme heim i påska neste år". Eg visste at (a) påska kom seint i 2011, og (b) at eg etter planen skulle levere masteroppgåve under ein månad seinare. Det betyr at Påska2011 skulle tilbringes på Eselsalen. Pappas skuffelse var særdeles synleg, for å seie det mildt. Men med eit år å førebu seg på, trudde han det skulle gå fint. Då eg var heime for ein månads tid sidan var det tydeleg at han hadde klart å slå seg til ro med tanken. "Jaja, så sjåast mi i mai, då!", sa han.

Men så, i dagene før Palmesøndag, begynte maskinen min å oppføre seg som om den hadde fått hekseskot og kink i nakken og magevondt på ein gong. Den opererte som i sirup. Artigast av alt var igrunnen at den bad meg taste inn passord eg ikkje hadde brukt sidan august. Eg tømte den for innhald, men det såg ikkje ut til å ville hjelpe. Det tok lenger tid å skrive ei 3-ords setning etter at eg hadde sletta 3 GB enn det gjorde før. Og brått ville den altså ikkje la meg slippe inn i det heile, truleg fordi den bad om eitt passord mens den ønska eit heilt anna.

Problemet var at siste versjon av oppgåven låg på maskinen - og på ein backup-disk som er formatert til bare å godta å leses av mac'er. Eg kunne med andre ord ikkje smile pent til maskinene til UiO med mindre eg absolutt ville skrive alt på nytt. Hurra, hurra.

Då var det bare ein ting å gjere. Ringe pappa.

Og pappa svarte at han nok skulle få fiksa det, bare eg kom meg heim. Sidan eg ikkje hadde maskin for å bestille på, måtte billettbestillinga tas med pappa som konsulent. Så brått kom eg heim til påske likevel. Med sånn cirka 140 kilo bøker i verdens største koffert. Pappa blei så glad då eg kom heim at eg eit ørlite sekund mistenkte han for å ha planta det viruset som altså åt opp maskinen min innanifrå.

Vel heime kunne pappa fortelle meg at det ikkje var gjort i ei håndvending å slette det som låg på maskinen, ei helller å laste inn på nytt. Men skjærtorsdag fekk eg tilbake maskinen min i topp stand. Eg feira som seg hør og bør på ein Skjærtorsdag - på Øl og Spadser (det er det mogleg eg ikkje hadde gjort om ikkje Torrey hadde gått ut og sagt at han ville forby det - takk, Torrey!). Elles har kjellarstova og terrassene heime og på hytta fungert som påskas lesesal.

Rett nok fråtok denne lille "kræsjen" meg for alt håp om å komme i mål med levering i mai, men det får våge seg. Mi Oslo- og Lesesalpåske blei Listapåske. Og med sommertemperatur og solbrente naser føler eg  igrunnen ikkje det blei så gale. Og best av alt: eg har fått lov til å henge i lag med verdens beste familie i mange "bonusdagar". 

mandag, mars 07, 2011

Should I stay or should I go?




VS






(Bileta av Gimlemoen og Blindern er henta frå Wikipedia Commons)

Eg snakka med pappa over telefon i går. Når eg snakker med pappa, hender det ganske ofte at han bringer opp nokre kjensler i meg som minner mistenkeleg om heimlengsle. I heile dag har eg kjent på kjensla av at det er forferdeleg lenge sidan eg har vore heime-heime. Har vore fleire gonger i Kristiansand i år, men har ikkje komme så langt at eg har karra meg til Lista ennå.

For nokre dagar sidan fann eg ut at eg skulle søke PPU frå hausten av, og heilt automatisk sende eg inn søknad til UiO. Og kanskje er det pappa si skuld at det i løpet av dagen i dag har dukka opp eit "behov" for å rette søknad også mot UiA. Og før eg rakk å tenke tanken ferdig, hadde eg søkt meg inn der også.

Og brått sit eg her, då. Og innser at eg har søkt begge stadar. Om eg berre får til å levere masteroppgåva mi i mai (det MÅ eg), får eg etter alle solemerker tilbod om plass båe stadar. (Teoretisk sett får eg tilbod uavhengig av om eg får ferdig masteren, for så vidt. Einaste fordelen med å vere ein slik ein med dobbelt sett av bachelorgradar - omsider finst eit bruksområde for sånne som meg og!)

Det gir det endelege spørsmålet: Oslo eller Kristiansand? Eg aner ikkje kva eg ender opp med, kjenner eg. Frustrerande. Og litt merkeleg godt å ikkje ane kva veg ein kjem til å gå.

onsdag, januar 19, 2011

Den siste generasjonen som lengtar heim..

Eg trefte min kjære (tidlegare?) kollega E på trikken i dag. Han er også Oslostudent, men kom ikkje tilbake frå juleferie på fagre Lista før mot slutten av førre veke. Eg kjende eg blei ein smule misunneleg på den heldiggrisen som "fekk lov til" å vere i Paradiset med stor P så lenge (som om nokon tvang meg til å reise inn for å feire nyttår her, liksom!).

Då eg forlot Lista på årets nest siste dag, var det 5-10 minus og heile det fagre landskapet var snødekt. Slik hadde det vore i nesten ein månad - og slik har det forblitt i mitt hovud. Eg ser igrunnen berre for meg at Listavinteren i år ser noko a la slik ut:



Foto: meg. Biletet er så uskarpt at det ikkje bør blåsast opp - men du verden så fint Listalyset blei likevel!

Problemet var berre at det som vanleg var slik at dei som veit betre, veit betre. Her har eg sitte inne i Oslo og sett på smeltande snø som blir sørpe som frys til og blir is - og tenkt at "nei, den som hadde vore på Lista nå, ja! Det er andre boller! Der er det fagert snødekt og berre fint. Og isen ligg utelukkande på innsjøane - der naboane har traktorbrøyta.". Slik har eg tenkt, og strengt tatt berre bygd opp ein heimlengsel som endeleg fekk springe fri då eg trefte E på trikkestoppet - for endeleg trefte eg nokon som ord som "badre håve mæ"*, "Båro" **og "jååårple"*** gav meining for, sjølv når dei blei sagt superfort.

Men sjølv om E er ein del av eit team som openbart er gode til å selge museumsopplevingar (der fekk eg skrytt av det også! Ka-tsjing!), kan han nok ikkje hevdes å vere like god til å la andre halde fast på sine illusjonar. For kva kan han fortelle? Jo, at det fantastiske vinterveret på ingen måte har holdt seg, og at det er sørpe som avveklser såpeglatt med gigantiske vanndammer sånn innimellom.

Det er då eg innser at eg truleg ber preg av å ha ein Dovring i min aller nærmaste krins. For tanken om at vinterveret skal halde seg skikkeleg ute på den forblåste halvøya eg liker å kalle heim, er i beste fall ganske søkt.

Men det er vel sånn det skal vere. Vi i siste generasjonen som lengtar heim har jo ein tendens til å tru at alt heime er som då vi forlot det. Kanskje det eigentleg berre er eit hint om at vi bør komme oss heim?

*Badre håve mæ: Tenk engelsk: bother ones head
**Båro: er ei forenkling av gardsnamnet Borhaug, som igjen har blitt synonymt med Vestbygda, bygda før fyret.
***Jåååårple: jordeple. Altså det ordet der fleirtalet forfiner seg og kaller grønnsaken for potet.

tirsdag, juni 29, 2010

Regndans

Det meldes om tørke i det sørvestre hjørnet av Noreg. Her på Lista er det langt mellom dei grøne markene - over alt er det i beste fall mykje gult på dei, i verste fall er det knapt eit grønt strå att. Bøndene fortel om 30% mindre avlinger - og nå har fleire måtte gyve laus på vinterforet. Farsunds Avis melder om tørkekrise, og det er dessverre ikkje agurktida som gjer at krise-ordet brukes. Om det ikkje kjem skikkelig regnver snart, vil resultatet bli massiv nedslakting.


I går køyrde eg og mamma opp Lyngdalen. Lyngna, elva som har gitt dalen sitt namn, er så uttørka at ein fleire stader kan gå tørrskodd tvers over ho. Her om dagen sa ein elvefisker i nabodalen at elva Kvina er så tørr at laksen ikkje kjem opp elva, og han frykta at det vil få konsekvensar for fisket i mange år framover. Eg mistenker at det same er tilfellet i Lyngna. 


Men også dei av oss som ikkje er bønder eller hobbyfiskarar, merker konsekvensene av tørka. På St.Hans var det bålforbod - og det har vedvart. Ved bruk av grillkol har ein blitt anbefalt å væte bakken først - i fall grillen ikkje er tett. Ein kan gå tørrskodd i myrer som det elles alltid er vann i. Og ein slepp på det jamne å slå graset - det veks jo ikkje likevel.


Vi har fleipa om å danse regndans. Men i dag kom regnet. Akkurat nok til å gje eit lønnleg håp om at det kunne betre seg. Så kom det berre litt. 


Vi har bestilt regnver fram til fredag. Laurdag opnes nemlig KFUK-KFUM-speidarane sin landsleir på flyplassen. Og då vil vi gjerne vise dei Lista frå si aller beste side - grønne marker i strålande solskinn. (Og med glade dyr som får fôr direkte frå marka, og ikkje frå siloen)

----

Let it rain. Amanda Marshall. Amanda Marshall. 1995

lørdag, juni 26, 2010

Kvifor du har ei saks i førstehjelpsskrinet ditt

Eg veit du alltid har lurt på kvifor det er ei saks i førstehjelpsskrinet/puta/veska di. Somme tider er saksene til og med merka med "bilsetesaks". Det er sjølvsagt berre halve sanninga. Saksa ligg der også av ein annan grunn: ho skal brukes til å få personar, til dømes Signhild, laus frå sykkelen sin!

Eg sykla heim frå jobb i dag. Det er så sterk vind på Lista i dag at eg igrunnen har brukt meir energi på å halde sykkelen oppe enn eg har på å trø rundt. Og med sterk motvind har det heller ikkje gått veldig fort rundt.

På jobb må eg bruke svarte bukser, og i dag morges fann eg fram nokre bukser som er veldig gode å gå i, men som ikkje er innsvinga under kneet. Med andre ord: dei er relativt gode og vide. I tillegg er dei laga i eit stoff som i beste fall er glatt, i beste fall er heilt imogleg å få til å halde seg på noko anna vis enn slik det er sydd saman. Med andre ord: å brette opp buksa hadde liten effekt.

Mellom jobb og heim er det ei slette på kring 2 kilometer. Då eg hadde kring 200 meter igjen av den sletta, kom det ein bil bak meg som skulle forbi. Eg bremsa ned då eg høyrde den, slik at eg var sikker på at eg hadde kontroll på sykkelen (jf denne vinden..). Og brått innser eg at eg ikkje får trødd rundt - og heller ikkje trødd i bakken. Eg sit fast. Det er berre ein ting å gjere - la seg falle ned i grøfta, og sørge for at den landinga blir så mjuk som mogleg. Eg klarte å time det slik at eg datt i grøfta akkurat i det bilen kjørte forbi.

Grøfta var akkurat såpass bratt at eg ikkje heilt kunne sjå korleis eg skulle få av meg buksa - og buksa måtte av om eg skulle komme meg laus av sykkelen på eiga hand. Men det slapp eg, for sjåføren kjørte tilbake. Og fann ei leande Signhild som ikkje var i stand til å komme seg opp, og som hadde sykkelen liggande over beina.

Mannen i bilen prøvde først å rikke buksa ut. Det var ikkje mogleg. Så spurde han kva eg hadde tenkt å gjere, og eg svarte at eg funderte på å ringe pappa og be han ta med kuttereiskap. Då kom dei på at dei hadde førstehjelpsskrin. Oppi der låg ei saks. Og ein liten klipp seinare var eg laus.



Buksa mi er, som ein kan sjå, ein stor lapp fattigere. Men eg er heil (litt småforstudd i håndledd og litt merkelig forslått på beina der sykkelen låg, men pytt) og konkluderer med at eg har fantastiske folk i nabolaget. Aner ikkje kven dei er (anna enn at dei høyrdes lokale ut), men uansett: eg er sjukt takksam for hjelpa. Og ganske lattermild. Det finnes tidspunkt der ein skulle ønske ein kunne få sjå seg sjølv utanfrå. I sakte film.

---
Bicycle ride. Blümchen. Für Immer und Evig. 2000

torsdag, mai 20, 2010

Heimlengslekur trengs

Eg fekk mail om speiderleir i dag. Grønn Action Lista 2010. Og fekk litt heimlengsle då eg såg denne.. Vakre, vakre Lista!




----
Å Lista, Lista

lørdag, mai 08, 2010

Dagens lesetips

...eller var det tidlegare i veka, kanskje. Uansett. Eg har vore med på leseprosjektet "365 lesere", som Deichmann bibliotek har sett i verk (i samarbeid med Dagsavisen). Det eg skreiv, kan du lese her.

Då eg skulle søke opp teksten på nett i von om å kunne linke til sjølve teksten herifrå, fann eg ei omtale av songen som "Anders Hovdens Nedi Vester Soli Glader". Ei anna henviste til salme 821. Og det viser seg at joda, teksten er ikkje eigentleg berre ein bånsull, den har ein tidlegare Vanseprest som forfattar. Kanskje ikkje så rart eg er så glad i den teksten, lissom? Eg finn ingen lenke til sjølve teksten, men altså: finn ei salmebok nær deg. Slå påå på salme 821. Les. Og nyt.


---
Salme 821: Anders Hovden (t): Nedi Vester Soli Glader

torsdag, august 20, 2009

Dama som snudde ryggen til Hagen


Foto: Torrey Enoksen, Farsunds avis

Eg er igrunnen veldig stolt av bestemor mi i dag. Ho snudde nemlig ryggen til Carl I. Hagen då han besøkte Listaheimen, så han måtte snu stolen hennar sjølv. Det heile foreviga av Torrey i Farsunds avis.

Det er i alle fall slik eg kjem til å fortelle historia vidare. Mine barnebarn står i fare for å høyre mi høgst private, politiske tolkning av det heile: bestemor snudde ryggen til Carl I. i protest.

Sanninga er nok at mi kjære bestemor Jenny, som tykkjer Carl Ivar er ein kjekk kar, ikkje er i stand til å snu seg rundt for eigen maskin, og sat sånn til at ho var mellom dei siste ein hadde klart å snu på, og at Carl hoppa til for å bidra, som den gentleman han er (i alle fall i møte med søte gamle damer). Men det er nå ikkje kvar dag bestemor blir framsidemateriale i lokalavisen....

tirsdag, juni 30, 2009

Oppdatering

Joda, her var det oppdatert gitt. Og sidan eg i profesjonell samanheng oppsummerer eit halvår, kan eg jo oppsummere dei siste fjorten dagene.

Sidan sist har eg
*flytta
*fått ny jobb og gitt frå meg nøklene til dei to andre
*vore på American Festival
*ønska at eg kunne bu i Lista-sommeren til evig tid heilt uhorveleg mange gonger
*blitt singel igjen (og eg er veldig fornøyd med det, om nokon skulle lure)
*fått masse skattepenger
*brukt nesten like masse skattepenger
*brukt under 10 minutt frå eg gjekk inn på ein HM til eg gjekk ut med 6 plagg. Køståing foran prøverom og kassa tok det meste av tida. (Eg ELSKER effektive shoppingrunder!)
*tatt bilder til ungdomsbrosjyra
*sitte timesvis og rent vekk på kontoret - med dertilhøyrande kontraproduktivitet
*bada på Bausje
*nesten blitt brun
*skaffa meg diktafon - endeleg
*høyrt massemassemasse på Maja sin musikk. Anbefales, særleg for andre kontorrotter i denne varmen!

fredag, mai 29, 2009

Hurra for Jenny - og for eigaren hennar!


Farsunds Avis kunne i dag melde at Jenny på nabogarden min har vunne førsteprisen i ein regional missekonkurranse. Ho kan heretter smykke seg med tittelen "den vakreste på Lista og i Lyngdal". Juryen kåra Jenny til årets Miss fordi ho har "flotte bein, høyreist kropp, fine hofter og jur". Men Jenny er ikkje som andre misser, slik siste del av juryuttala kan tyde på. Ho er kring 2 og eit halvt år, og ku.

Og ein kan saktens vere stolt over å vere "nabo" til ei ekte miss, men eg må seie at det er Jennys eigar, Glenn, som gjer meg stolt. For Glenn Mathingsdal er berre 20 år, men hadde eit så sterkt ynskje om å bli bonde at då garden på Vere blei lagt ut for sal, kasta han seg rundt og blei bonde på fulltid. I ei tid der andre legg ned fordi dei ikkje opplev at det løner seg, har Glenn gått mot straumen og turt å satse på matproduksjon - til det beste for oss alle.



Foto: Trine Fladstad, Farsunds Avis

mandag, mars 02, 2009

Mot vår?!

Eg forlot eit Lista der våren hadde meldt sin ankomst, med krokus i blomstring og vipesang, sette meg på nattoget og vakna opp i eit Oslo der snøen lava ned. Det kjendes igrunnen som om årstidene hadde byrja gå baklengs, og eg var brått fyld med ein ekstrem heimlengsel - enda det var under eit halvt døgn sidan eg forlot heimen.

mandag, desember 22, 2008

Publiseringspoeng, takk

Då eg jobba i Studentparlamentet ved UiO, handla mykje av jobben min om publiseringspoeng og utrekning av sånne. Særlig brukte vi mykje tid på å finne ut korleis tellekantsystemet skulle fungere, og korleis vi skulle få UiOs forskarar til å gå over frå publisering av sine funn i såkalla "nivå 1-tidsskrifter" (typen aviser og artikler av "lettere karakter") til "nivå 2-tidsskrifter" (tidsskrifter som er anerkjent som "tyngre", særleg internasjonale). Vi var jamvel med på å diskutere om det heldige ville vore å arbeide for å få eit nivå 3 - for dei heilt spesielle tidsskriftene som t.d. the Scientist og dess like.

Og kvifor skriv eg dette? Vel, eg vil gjerne få dei 500 kronene ekstra som nokon tentativt kunne tjent på at eg nå har fått publisert ein artikkel i årboka til Lista museum (bildet). Handler til og med om eit tema som er relevant for faget mitt, nemlig om herrnhutisme. Jepps, pietisme på høgt nivå.

Strengt tatt burde eg vel publisert den i open access, om eg skal leve opp til politikken eg hardt forfekta i fjor. Det skjer i alle fall ikkje i år.

søndag, november 30, 2008

Preventive verknader


Bildet er frå Kiwi i Vanse, tatt med mitt ikkje veldig gode mobilkamera. Som de kan sjå, har "Bogår" gjort eit godt stykke arbeid for å lære ungdommen (og for den del dei litt eldre) gode prevensjonsvaner. Alternativt funne ein god måte å rope "told you so" til dei som, i det dei finn ein narresmokk til sin bitte lille, innser at dei kanskje sånn minst 9 mnd tidlegare skulle gått for alternativet til venstre.

Så la dette stå til skrekk og advarsel, og la meg sitere Cameron Diaz: "...and use condoms, guys!"