mandag, april 20, 2009

Valutakrise!



Eg skulle gjere eit forsøk på å bestille hotellrom i Reykjavik. Sidan det tross alt ikkje er eg som eigentleg skal betale gildet (eg skal berre legge ut for det), er det ein fordel at vi ikkje ender opp med å betale i dyre dommer. Så eg sjekker ut Islands offisielle heimeside for å finne eit eigna hotell. Og her er det problemet oppstår: medan prisane på nokre er oppgitt i Euro, står dei fleste i islanske Kroner. Og det hadde vore vel og bra det, hadde det ikkje vore for at det faktisk ikkje er mogleg å oppdrive ein dugande valutakalkulator - eller i alle fall ikkje ein som er villig til å oppgi kva dei vil ha som vekslingskurs. DnBNor Markets valutakalkulator (som er den valutakalkulatoren dei fleste norske tar utgangspunkt i), oppgir til og med følgande feilmelding: "Banken handler ikke det valutaslaget.". Så det så.

Om nokon der ute tilfeldigvis veit kva korrekt vekslingskurs ville blitt - meld til meg. For det er jo kjekt å vite kor mykje ting faktisk koster FØR ein bestiller dei...

1 kommentar:

Simon Hansen sa...

Prøvd Google sin? Skriv inn til dømes: 1 EUR in ISK, så finn Google kursen. Syntaksen er lik for alle kursar: "[tal] [opphavleg valutta] in [målvalutta]". Men hugs at «Google cannot guarantee the accuracy» osb.

Og forresten: hatar at eg må logga inn i Blogger for å kunne gje innspel. Vil signera med Simon, ikkje Boba