onsdag, mars 16, 2016

Hylle-fantasi (ein slags bokinteriørblogg)

I norsktimen i dag hadde eg med meg rundt 30 bøker som anten var diktbøker eller tekstsamlingar med mange dikt i. Eg fortalde elevane at eg hadde kome på at eg skulle ha dei med rett før eg skulle legge meg, så utvalet var det eg tilfeldigvis fann i går kveld. Når eg kunne spa opp nokon og 30 bøker på nokre minutt, oppstod spørsmålet om kor mange bøker eg har, sånn eigentleg. 

Det er det ingen som veit, dessverre (eller heldigvis). Eg har bøker ståande framme her, bøker ståande framme hjå opphavet og bokkasser på bokkasser både her, hjå opphavet og i opphavets lager. Eg ser med skrekkblanda fryd fram til den dagen eg får samla alt. (Ikkje minst lurer eg på kor mange bøker eg har tre av...). Men eg sa som sant er, at eg har ein 15-18 meter med bøker her. Dei hadde nettopp teke UngDataundersøkinga, der det kjem fram at 1 meter er ca 50 bøker. Ein kar på framste rad rekna seg fram til at det skulle bety ein stad mellom 750 og 900 bøker. Kremt. (Han gav seg i kast med å rekne ut kor mykje penger eg hadde brukt på dei bøkene. Det reknestykket gjorde meg akkurat skamfull nok til å puste letta ut då eg såg at minst to av desse metrane er dekte med utrangerte skulebøker frå då jobben rydda biblioteket..)

Ein av elevane mine fortalde då at ho såg for seg at eg måtte bu i ei hule lik den som i Fimlene. Det er nokså langt frå sanninga. Så difor: eit utdrag bokhyller. Og eit døme på kor idiotisk ein kan finna på å møblera når ein har eit møbel for hånd, men ikkje heilt plass. Den bokhylla som står så dumt til skulle stå der midlertidig ei kort stund då eg flytta inn for 2 år sidan. Men så er det nå ein gong slik at ei bokhylle med ledig hylleplass fort blir tom når eigaren har ein tendens til å skaffa 15 nye for kvar bok ho hiv ut...



Den lille bokhylla passa perfekt der ho er kjøpt for å stå,
og ikkje spesielt godt der ho står nå (det grå i enden er sofaen min..)

Ingen kommentarer: