fredag, juni 18, 2010

Så enkelt kan det gjerast! (Eller?)

Eg er i Vilnius nå, og i går tok vår litauiske kompis oss med til eit nystarta ungdomssenter like i elvekanten (det heitte seg at det var ein slags husbåt, men trur nok heller vi snakker hus oppå elva).

Der var det ein austerriker som heldt foredrag om kva han har gjort for å redusere sitt eige CO2-forbruk. Han er distriktslege, og fann ein dag ut at han skulle prøve å redusere forbruket blant anna gjennom å sykle. Sidan har han blitt vegetarianar, sjølvsagt, og heldt også ein presentasjon av solkomfyren sin (eit sånn parabolliknande solreflekterande utendørskar), som etter hans skjønn er den mest miljøeffektive måten å koke mat på (skjønt, funker dårlig på regnversdager og vintertid..). Og ikkje minst inneheldt presentasjonen ekstreme mengder statistikk om kor gale klimaendringene har ført hen.

Eg har vore på ein god del slike foredrag opp igjennom, og eg kjenner at dei ofte virker mot si hensikt. Hans gode råd var som følger (dette er eit utdrag, fekk ikkje notert ned alle)
1. Gå og sykle nesten uansett kor du skal
2. Ta toget om du må reise langt
3. Bli vegetarianer, eller aller helst veganer (for kyr promper så mykje!)
4. Invester i vindmøller og skogplantingsprosjekter (for dei pengene du sparer på ikkje å kjøre bil).

På toppen av det heile, kasta han inn bilete av han og kona på sykkeltur i Europa og 1000 gode helsegrunner til å begynne å sykle.

Joda, best practises er vel og bra. Problemet med sånne gode døme som har snudd opp-ned på livet sitt og tatt store grep, er at det fort blir bare gode døme, og ikkje noko vi kan omsette til røynddom. For forslagene blir så drastiske at det faktisk nesten virker mot si hensikt. For kven er han som trur han kan kreve at eg skal bli veggis? Og kutte bilbruken når det tek meg 5 min å kjøre til jobb, men ein halvtime å sykle (og lagt over ein time å gå)? Og TOG?! Kva tog? Og på kva måte vil det monne - så lenge industrien ikkje tar dei store kutta?

Til sjuande og sist kjem vel spørsmåla også fordi eg innerst inne veit at han har rett. Eg burde. Men som med så mykje anna eg burde her i verda - det ender somregel med at det er enklere å tenke tanken enn å omsette han i praksis.

---

Earth Song. Michael Jackson. HIStory. 1994.

2 kommentarer:

nragnhild sa...

Hehe... Ser meg sjølv sykle på arbeid om morgonen (i og for seg fort gjort), heim, og så ned at på eitt eller anna møte. For ikkje å snakke om regionrådsmøte i Skjåk!

Signhild sa...

Jepp. Eg tenker at vi må kunne seie at dette ikkje høver til Distriksnoreg... Og kanskje særleg ikkje for dei som held til der som ingen skulle tru at nokon kunne bu // oppi uren luren Himmelturen