
Her ein dag trefte eg på ein av desse som bommer småpenger av tilfeldig forbipasserande. Og mens dei ofte spør om du har ei krone å avsjå, spurde denne mannen om eg hadde "en mynt han kunne få". Sist eg fekk det spørsmålet, var då lillebroren til ei venninne av meg var 4 år og akkurat hadde forstått at ved å veksle inn eit visst antall kronestykker i butikken, kunne han få ein sjokolade. Det han derimot ikkje kunne forstå, var at det kunne vere av betydning kva for ein type mynt ein veksla inn. Hovudpoenget var å samle flest mogleg mynter - kvantitet over kvalitet.
Av og til skulle eg ønske at verda var innretta sånn.
Og hadde eg ein mynt å avsjå? Vel, i dette papir- og myntlause samfunn?
2 kommentarer:
Nei, du hadde ikkje??
Vi kan vel slå fast at eg i alt for stor grad har bytta ut kontantene med kort. Dvs, eg oppdaga etterpå at eg faktisk HADDE ein tier i lomma, men det var liksom litt seint å skulle prøve å oppdrive denne mannen ein time seinare - frå ein heilt annan kant av byen....
Legg inn en kommentar