onsdag, desember 31, 2014

Bok: Leksikon om lengsel

Hilde Østbys "Leksikon om lengsel" har stått høgt på leseønskelista mi sidan ho kom ut, men eg har aldri heilt kome så langt. Første gong eg såg boka var på Eldorado, berre nokre dagar etter at ho var sleppt. Nokre blikk på vaskesetlen, og eg var seld. Eg slo opp på ei tilfeldig side, og las til han eg var der i lag med ropte på meg. Eg hadde ikkje lese noko om boka før dette, men eg visste eg måtte lesa ho. Det lille eg las, og det forlaget fortalde om boka, var nok til å vekke ein slags lengsel etter boka. Men sjølv om min næraste bokhandel kunne tilfredsstilt meg ganske lett, varte og rakk det før eg kom så langt som til å få kjøpt ho. Men som me lært på 90-talet: nokon ting er verd å vente på. 

Liv Vestby set seg fore å laga eit leksikon som skal bevisa at kjærleik ved første blikk eksisterer. For å få det til, må ho samstundes presentera viktige personar og viktige hendingar i verdshistoria, og korleis kjærleik/lengsler/begjær har påvirka historia, litteraturen og kvardagen. Her finn ein historia om korleis Anne Boleyn klarte å kapre Henrik VIII, og kva ho undervurderte slik at ho mista han att. (Det var ikkje eigentleg HAN ho begjærte, men kaffien ho brakte han..). Her får me vite korleis morsealfabetet eigentleg blei til, og me lærer om korleis ærfuglbestanden sakte, men sikkert døydde ut på ei av øyene i Vesterålen. Den sanne historia bak Lolita er ganske annleis enn du trur, skal ein tru dette leksikonet, og dei eigentlege historiene bak Napoleon og Jeanne d'Arc er eg nokså sikker på at du heller ikkje har lese nokon annan stad enn her. 

Leksikonet fortel historier om andre som har prøvd å bevise at kjærleik ved første blikk, mellom anna om dei som går vitskapleg til verks. Det ender katastrofalt, men dersom formålet med undersøkinga berre hadde blitt avslørt umiddelbart, hadde resultatet vore ganske annleis. I forteljarstilen, og i utvalet historier, aner me også Liv Vestby si historie, og me får innblikk i nokre delar av livet hennar, og hennar forhold til kjærleik og lengsle, i nokre av historiene som blir fortald.

Hilde Østby sin romandebut er rett og slett brilliant, og eg klarer ikkje oppsummera boka betre enn det Per Buvik gjorde då han i Morgenbladet omtalte boka som "et overflødighetshorn av en bok, full av masker og spill, humor og lærdom i lett blanding". Ho leiker med språket, leiker med historier ein kjenner frå før, leiker med forestillingene lesaren har, og ho får ein til å undrast over kva som er sant og kva som berre er godt ljug. 

Eg venta ikkje for gjeves. Denne boka er rett og slett knall.

(Biletet stal eg hjå Tiden)

Ingen kommentarer: