tirsdag, april 14, 2015

Bok: Mine fem år som far


Bjarte Breiteig gav i haust ut sin første roman. Etter tre særs gode novellesamlingar (eg har berre lese to av dei, men eg satsar på at han anmeldaren i Fevennen som eg plar lika det same som har rett i at også siste boka er god..), har han nå begitt seg ut på romanformatet.


Som novellist er han kjent for å ikkje akkurat framheva det positive i livet, for å seia det forsiktig. Men leiken hans med dei mørke sidene av menneskesinnet er ikkje av den sjølvutslettande karakteren. Dette mørket tek han med seg også inn i romansjangeren. I boka følger me Martin Havn, som i det boka tek til blir henta av politiet mens han et middag i lag med kone og to søner. Han er mistenkt for overgrep mot datra til ekskjærasten sin. Han nekter for å ha gjort noko gale, men me forstår fort at det er noko han vil skjule, for han planter gamle avisar hos si demente mor for på den måten å sikra seg alibi.

Martin Havn fortel si historie, og resten av boka er eigentleg eit forsvarsskrift, eit forsøk på å vise at han eigentleg er ein bra kar. Han tek oss med på ei vandring i tidas tilbakelagte gater, og viser korleis forholdet mellom hans til ungdomskjærasten (ho som er mor til barnet han er anklaga for å ha forgripe seg på), forholdet til kona og forholdet til ungdomskjærasten sin kjærast. Han viser oss eit mislukka forfattarliv.

Martin Havn har satsa alt på eitt kort, har satsa på å kunne skriva like godt som han ein gong gjorde, og så sit orda fast. Samstundes har kona hans (som forøvrig blir mor til barna hans) stor suksess i arbeidslivet. Ekskjærasten hans har behov for ein god ven, og han stiller opp. Han er ein eksemparisk mann. På overflata. Han har ei utruleg god evne til at "ting berre skjer", utan at han har ansvar...

Boka er på mange måtar Martins forsvarsskrift. Dette portrettet av ein mann som ikkje tek ansvar for noko av det han befinn seg i, er ubehageleg. Ikkje først og framst fordi at mannen skyv alt ansvar for sine eigne utviska grenser på andre, men fordi han med å gjera det, også vekker urovekkande tankar i lesaren. Kven er det eigentleg som gjer mest skade hjå eit overgrepsutsett barn? Er det overgriparen, eller er det prosessen etter at overgrepsmistanken har slått rot? Skaper ikkje dei intervjua og undersøkelsene eit medvit om overgrepet i barnet, som er farlegare for barnet enn om det kunne gått i gløymeboka?

Mine fem år som far er ubehageleg, velskrive, tankvekkande og utvilsamt leseverdig!

Takk til Aschehoug for leseeksemplar!

Ingen kommentarer: