Noko av det artige med å vera ungdomsskulelærar, er å observera den ungdommelege gløden når elevane oppdagar noko nytt som dei meiner absolutt alle andre burde vite om. Mitt første eigentlege møte med John Greens The Fault in our Stars, på norsk Faen ta skjebnen, var igrunnen i ein sånn ungdommeleg glød. Eg hadde jo hørt om både boka og filmen, men hadde ikkje hatt nokon grunn for å tenka at boka burde på leselista mi. (Mogleg at sørlendingen i meg dessutan hadde sett boka på konto for uaktuell, fordi eg sånn reint prinsipielt tykkjer ein kan begrensa bannskap som salstriks!) Før ei jente ein dag ikkje kunne få gått heim i rein iver etter å fortelja meg om "verdas aller, aller beste bok". "Du kjem til å lika den boka godt, sjølv om ho er skriven for ungdommar!", sa bokelskaren. Lat oss seia det slik: eleven kjenner læraren sin. Eleven oppmoda meg til å lesa boka på engelsk, og det ville eg fort ha gjort, men mammutsalet gjorde at eg las ho på norsk.

Mens Hazel forbanner skjebnen og tenderer til å gje opp, er Gus full av skjemt og pek. Saman er dei eit rart team som utfyller kvarandre godt. Hennar lunger har kollapsa, han har eit kunstig bein som gjer at han er ute av stand til å køyra bil utan å påtvinge kvalme hjå passasjerane.
Desse to veks gradvis nærare kvarandre, og blir ei god, gjensidig støtte i både dei gode og dei vonde dagane. Som alvorleg kreftsjuk har Hazel vore utanfor skulen på årevis, og då er det godt å ha Gus å lena seg på, for han veit kva det går i. Dei går frå nære vener til kjæraster, og vissheita om at forholdet deira har ein naturleg utløpsdato (dødsdagen til Hazel, med andre ord), gjer det vanskeleg for Hazel å våga å elska.
Dette kunne vore ei trasig bok om å vera sjuk og å døy. Dette er sjølvsagt ei trasig bok om å vera sjuk og å skulle døy. Men tru det eller ei, boka er i enda større grad ein hyllest til livet og til kjærleiken. Boka er full av humor, full av alvor, full av redsle, full av glede. Full av Livet. Ho er vittig og trist, og det attpåtil samstundes. Dette er ei slik bok som får deg til å le mens du griner (eller motsett). I høgste grad verd å spandera tid på!
PS: Innleiingsvis sa eg noko om sørland og bannskap og sånn. Sjølv om den norske tittelen er ei litt rar omsetjing (som dessuten mister ein referanse frå innhaldet i boka), er den norske tittelen likevel absolutt godkjent!
1 kommentar:
Nå klarte du til og med å gi meg lyst til å lese boka. Bra anmeldelse ;-)
Legg inn en kommentar