lørdag, mars 21, 2009

Å vere Norgesvenn


Metallica skal visstnok ha gitt seg ut for å vere eit usignert, norsk band på South By SouthWest i helga. Dette, kombinert med at dei held heile TO konsertar i Noreg i sommar, gjer at VG erklærer dei til (den norske) heiderserklæringa norgesvenn. Eg må ærleg innrømme at det er ein tittel eg ikkje er særleg begeistra for, for kva i huleste heiane skal det liksom innebere?

I min spede barndom fanst det berre ein sann Norgesvenn, han var til og med så stor ein venn av landet vårt at han var Norgesvenn med stor N. Han hadde hus på Hamarøy, og dukka stadig opp i fjernsynsruta på laurdagskvelden, der han viste seg frå si mest brilliante side. Huset og underhaldningsverdien gjorde at Horst Tappert var tilgitt for å vere tysk, sjølv hjå den eldre og krigshugsande garde. Den einaste andre som også kunne smykke seg med tittelen var faktisk også ein tyskar, men sidan Willy Brandt trass alt både hadde flykta frå Hitler-Tyskland til Noreg og var gift norsk (dobbelt opp), var han på mange måter meir norsk enn tysk, og derfor ikkje like mykje Norgesvenn som Derrick himself. Sidan den gong har det åpenbart gått inflasjon i omgrepet.

Eit søk på verdsveven viser godt over 14000 treff på ordet Norgesvenn. Bildesøket avgrenser seg til 2830. Lista over norgesvenner er lang, og mellom anna inneheld ho Lauryn Hill, Elton John, Katie Melua, Göran Persson og ymse BMW'er. Nett kva som skal til for å bli Norgesvenner er ikkje lett å seie, men det synes å vere nok å anten ha vore i Noreg ei gong eller å ha sagt noko fint om Noreg ved eit eller anna høve.

Og når folk som Robert Mugabe og Hugo Chavez får tittelen Norgesvenn kjenner eg at det igrunnen er på tide å la heile omgrepet døy ein svært brå død.

1 kommentar:

æLenn sa...

At Smokie va norgesvenna va et viktig positivt argument vi brukt i debatten som musikklærern arrangert mellom gutan (som likt Smokie) og tausinnj (som likt New Kids On The Block) i ei musikktim på barnskoln... ja... kor vart det av Smokie forresten?