Kristin Halvorsen har fleire gonger vore ute og sagt ting i retning av "shop meir". I desse finanskrisetider er det nemlig slik at di meir ein shopper, di betre er det for å halde hjula i gang. Så det er visstnok bare å hive seg rundt og la kortet løpe varmt.
Eg kom heim frå Island for få timar sidan, og eg har for første gong på lenge shoppa. Ikkje i veldig store mengder, men har nå skaffa meg alt frå koffert til julegaver - og ikkje minst, denne: (kven kan motstå, liksom?!)
Ps. Påstanden om at Island er billig er overdrive. Skjønt, kanskje det berre handler om at vi eigentleg aldri fekk ein skikkelig valutapris? Gardermoen sa 6 NOK per 100 ISK, Reykjavik meinte 16 og Akureyri 19...
6 kommentarer:
Å MILDE MACARONI! Du veit eg må bryta meg inn hjå deg å stjela den sparesauen, sant? Eg er seriøst forelska. Det er noko av det mest fantastiske eg har sett!
(Og ellers, den shopping-greia har eg holdt på med i ei stund. Har blant anna resultert i at eg har to nesten like jakkar og sko med traktor på.. Kjekt å ha^^)
(Og kven har sagt at lukke ikkje kan kjøpast for penger?)
"Den som sier at lykke ikke kan kjøpes for penger, handler på feil sted".
Og jeg konkurrerer med Kristine om å stjele sparesauen først!
Sparesauen er låst inne av frykt for tyveri, så Kristine, det nytter ikkje å sjekke opp PolNesten for å bli med han heim, og så stele sauen min. Berre så du veit det.
Faen.
(Berre vent, du. Ein dag..)
Signhild har vore på shopping!! :D Og ein ting ho ikkje nevnde med eit ord her, er at ho har kjøpt andre saueprodukt og, nemlig ull!! :D Oooog: sendt den i posten til meg!! Evig takksam, kjære!!
Legg inn en kommentar