tirsdag, juli 06, 2010

...når til og med tysk blir poetisk

Eg digger Nederland. Eg liker å sette det på konto for mitt nederlanske opphav - ein nederlandsk sjøfarer i fjern fortid som forliste utanfor Lista, og som trass alt var heldig: han kom frå det med livet i behald, og fekk god forpleining frå jenta på garden der han fekk pleie. Jenta blei seinare hans kone, og var så absolutt ein medverkade årsak til at eg kom til verda mange generasjonar etter.

Om min Nederlandsfascinasjon virkelig heng saman med det nederlandske dna-et ein skal kunne finne i meg, er nok ikkje heile sanninga. Eit trivelig folkeferd (også når dei er på reisefot, i motsetnad til litt for mange av deira naboar i aust..), fantastisk land og fascinerande språk medverker nok vel så sterkt. I alle fall er kombinasjonen uslåeleg, og eg digger NL. Så eg jubla ganske godt då dei særs fortent slo Uruguay i dag.

Min gode venn M, som heier på Tyskland, prøvde å overtyde meg om at eg var heilt på viddene i min fascinasjon. Om språket seier han "Nei då vert til og med tysk poetisk! :D". Men finst det noko meir potisk enn dette: ????

Über allen Gipfeln
Ist Ruh,
In allen Wipfeln
Spürest du
Kaum einen Hauch;
Die Vögelein schweigen im Walde.
Warte nur, balde
Ruhest du auch.


Kjære M, hadde du i det minste sagt at "Signhild, fotball har du ikkje greie på", så hadde du hatt rett, og du hadde parkert meg... Sjølv om eg nå er oppe i 7 sette kamper i mitt liv - derav 5 i dette VM.

(Den første var Vålerenga mot eit eller anna lag i Tippeligaavsluttinga det året John Carew var 18 år. Fordi han var så kjekk, og det var spådd at han ville bli den yngste toppskåreren ever. Kampen var så kjedelig at lillebror og mine kompiser gjekk ut for å spele fotball. Eg sat att. Og John skåra ikkje i det heile.)


(Ok, då, kjære M. Så skal du få den i'en som vanta i overskrifta. Alt for dæ, visstnok..)

Ingen kommentarer: