For ei lita tid tilbake trefte eg ein kviterussisk venn. Gjensynsgleda var stor, og han spurde, som vanleg er mellom vener som ikkje har sett kvarandre på ei tid, korleis det stod det til. Eg svara noko i retning av at alt var som normalt, og gav han ei kort oppdatering på kva som hadde skjedd i livet mitt sidan våre vegar sist kryssa kvarandres. Studier, organisasjonsarbeid og venner fylte tida mi, men eg hadde det igrunnen veldig fint. "Og der?" spurte eg, kvardagsleg og utan å tenke på kor absurd spørsmålet var - og kor trivielt mitt svar hadde vore.
"Alt er som normalt" svara han i ei lettare sarkastisk tone. "Etter metrobomba i Minsk har mange av vennene mine blitt fengsla, utan at nokon heilt veit kvifor. Alt er som normalt. Folk fengsles, og ingen veit kor dei er. Normalt. Folk er paranoide, og KGB har intensivert innsatsen sin. Å ytre eit einaste ord mot regimet eller noko i landet er å risikere å stemples oposisjonell, og du blir paranoid. Alt er som normalt. Det er det normale nå."
Eg hadde lite anna enn ein måpande kjeft og ei eg-er-lei-meg-mine å svare med. Eg var stum, og utan ord, for eg har ikkje orda til å skildre korleis historiene virker. Langt mindre har eg fattevnen til å forstå korleis det oppleves. Eg har rett nok vore i landet, og opplevd korleis kjensla av å potensielt vere under overvåkning gnaga. Men eg hadde det privilegiet at eg kunne forlate landet og reise heim til trygge Noreg. Og i løpet av åra som har passert har minnet om den gode tida vi tilbrakte i lag med kjekke folk overskygga minnet om paranoiaen som til sist også slo seg ned mellom nordbuarane i følget.
Men den selektive hukommelsen til sånne som meg og den bedagelege og behagelege (for vår del, i alle fall) mangelen på forståing for korleis det er å leve i eit diktatur er ei farleg sovepute. Det er så lett å gløyme at nokon opplev å bli forfulgt fordi dei ikkje deler diktatorens visjon om kva som er eit godt samfunn.
Lukashenko sjølv har uttalt at landet har for mykje demokrati. Kneblinga av oposisjonelle er intensivert etter terroråtaket, og Lukashenkos intensiv har medført ein trussel om å forby enda fleire oposisjonspartier. Det er altså ikkje berre gatene som skal feies slik at Alexander Rybak kan gjenta at "Minsk er ein rein by", også politikken skal strigles ytterlegare.
Og kanskje er det dette striglingsprosjektet som gjer at landet sender ein song til MGP som muligens er skrive av presidenten sjølv. Ein song som skal vise at landet er fantatisk - ikkje berre på utsida, men også på innsida. Med fengande poptoner og kjærleikserklæringer til landet skal visstnok Europa vinnes. Eg vonar berre at vi ikkje fortrylles av lysshowet og steppelandsdansen, men at medvitet om at demokratiet framleis må kjempes for blir heldt ved like, også hos oss som faktisk har det privilegiet at vi lev i eit demkrati. Og at vi stør våre kviterussiske vener i kampen for demokrati. Slik at dei også vil kunne rekne det å gå fritt på gata utan å måtte frykte det hemmelege politiet for normalen.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar