tirsdag, mai 03, 2011

Kunnskap er nøkkelen. Også i hiv-arbeidet.

Tidlegare i dag var eg og nokre andre ungdomspolitikarar ein tur hos Hiv Noreg på møte for å diskutere tiltak som kan forebygge spreiing av HIV-viruset og kva ein kan gjere for å motverke stigmatiseringa av hivpositive.

For det er to skumle tendensar som slår imot ein når ein les statistikken.

Det første er at talet på heterofile, etnisk norske nysmitta har auka. Det forsterker biletet av at nordmenn i for stor grad er opptekne av graviditet og ikkje helse når dei skal "beskytte seg", eit bilete som allereie er teikna godt opp av klamydiastatistikken, der 23.000 tilfelle blir oppdaga kvart år, og der både syfilis og gonoré (som ein begge trudde var så godt som utdøydd) er på veg tilbake.

Det andre er at aldersgruppa 16-25 i påfallande liten grad veit korleis HIV smitter. Det fører til fordommer, som fører til stigmatisering av hivpositive. Hiv Noreg melder at det er vanskelegare å vere hivpositiv i dag enn det var for 10 og 20 år sidan, fordi det generelle kunnskapsnivået har minska i takt med at vi har fått meir kunnskap om korleis viruset smitter, primært fordi det hivspørsmålet ikkje lenger står på dagsorden i media og andre opplysande organ. Hiv har forsvunne ut av seksualundervisninga - og med vankunna har fordommane få lov til å rå grunnen. Derfor er det færre 18-åringar i dag som veit at hiv ikkje smitter dersom ein drikk av same kaffikoppen som ein positiv - eller at det ikkje er farleg korkje å ta på eller å kysse ein hivpositiv.

Eg skulle søke opp reklamefilmen deira på youtube, og blei sjølvsagt surfande litt når eg først hadde funne den. Og der fann eg denne særs søte reklamen, som viser at kondomar er praktiske også i andre samanhengar... :)

Ingen kommentarer: