søndag, desember 16, 2012

Bok: Mamma er en countrysang


Denne hausten har eg vore i eit forhold som Facebook ville kategorisert som "complicated". Den andre delen av forholdet er Cathrine Evelids "Mamma er en countrysang". Boka kom postboren frå Aschehoug (i von om at eg ville lese ho ut og melde ho). Eg har lese litt og lagt boka frå meg fordi eg og boka liksom ikkje forstår kvarandre. Men så går det ei stund, så kjenner eg at boka har noko som gjer ho verd å vende tilbake til. Noko dreg meg tilbake, heilt til eg går lei igjen. Så er det pause og på'an igjen. Som eit slikt forhold du ikkje vil vere i, men heller ikkje gje slipp på.

Men nå er det slutt. I utgangspunktet, i alle fall. Siste ord er lese, og figurane frå Havnegata i Stavanger har spelt sin siste countrysong for meg. Skjønt, har dei det? Fakta: hovudpersonane fortset å kverne i bakhovudet mitt.

Eg veit ikkje kva det er som gjer at eg krangler sånn med boka. Eg kan ikkje seie om det er handlinga, språket eller fortellerstilen. Tilsvarande veit eg ikkje heilt kva som driv meg tilbake til ho igjen. Men det er noko der...

Evelids debutroman handlar om Gry, Terje og Stig. Gry vaks opp i eit pietistisk miljø på Sør-Jæren, men har brote ut av det. Men ho strevar med å finne sin plass i familien, og i livet. Draumen er å bli oppdaga, bli kjent. Terje er sambuaren hennar, countryelskar og nordsjødykkar. Han er i sambuaren og sonen sitt bilete mannen med stor M. Dumdristigheita hans gjer at han ikkje alltid kan vere det. Stig, sonen, elsker foreldra sine utan atterhald, og blir drive inn i ei vaksenverd han ikkje heilt forstår.

Evelid har vald å skildre verda gjennom auga til Stig. Og mykje av det Stig ser og høyrer, er ting han ikkje sjølv forstår eller evner å pusle saman til eit bilete. Heldigvis, får ein nesten seie. For den vaksenverda Stig tek del i, inneheld mykje ein liten gut ikkje skal kunne forstå.

Eg trur at noko av grunnen til mitt elsk-hat-forhold til denne boka, er at eg blir frustrert over alt det den stakkars Stig må sette i system sjølv. For under den ganske perfekte overflata er det tidvis råte. Sambuarparet slit, både seg imellom og kvar for seg, og Stig aner dette, men forstår det (naturleg nok) ikkje. Guten må stadig vere med mor på jobb på den lokale kafeen. Kvinnene på kjøkkenet har utvikla eit ganske direkte språk, og problemet er at Stig nå forstår ein del meir enn dei nok skjønner at han gjer.

Stig har ein velutvikla fantasi, og i møte med foreldras stundom manglande forståing for kva som egner seg for barn og ikkje, bidreg dei delane av voksenverda som han ikkje forstår til å gjere verda enda skumlare enn ho burde vore. Fakta: Star Tour er ein skummel plass. Antakeleg er det eit monster der, for på bileta er det fine strender, store basseng - og ingen folk. (Kven sender frivillig foreldra sine der?)

Eg har vore så frustrert over dette universet at eg har hatt lyst til å kaste boka i veggen - for sekunder seinare å ville gjere det godt igjen gjennom å stryke boka forsiktig langs bokryggen. Eg har aldri opplevd noko liknande. Men eg trur, innerst inne, at det er eit godt teikn. 

Då eg hadde lese siste setninga i boka, stirra eg apatisk på den kvite sistesida i eit minutt. Var det ikkje meir? Var det slutt nå?! DET er eit særs godt teikn, for den som måtte lure.

Er du ute i siste liten med ein julepresang til ein lesehest, er det bare å smile pent og seie at du vil ha "Mamma er en countrysang". Skulle mottakaren havne i eit tilsvarande av-og-på-forhold til boka som eg har hatt, har vedkommande heilt sikkert bare godt av det. Og ei god leseoppleving har vi jo alltid godt av.

Ingen kommentarer: