torsdag, oktober 16, 2014

Bok: Lykkeravnene

Fordi eg er leseglad og norsklærar i ungdomsskulen, har eg dei siste åra hatt som mål å halda meg passe oppdatert også på ungdomslitteratur. Det er greitt å vite kva som rører seg i ungdomsbokverda, og det er mykje enklare å anbefale bøker til elevar når eg sjølv har lese dei. Som eg skreiv tidlegare, har eg gleda meg til bokhausten i år, for det er jo så mykje bra! Og heldigvis er  ungdomsbøkene ikkje noko unnatak! Ei bok eg har kost meg skikkeleg med, er Paul Durhams Lykkeravnene. Boka er første bok i ein planlagt triologi, og sjølv om eg aldeles ikkje er målgruppa til boka, gler eg med til fortsettinga.

Lykkeravnene er historia om 11 år gamle Siv. Ho bur i Svartlågsbyen i lag med mor og lillesøster. Dei beste venane hennar, Kasper og Molly, held også til i landsbyen, og alle tre bur dei i delar av landsbyen som ligg liten utanfor allfarveg. Over byen ruver borga til Jarl Morgenparykk Langsjans, som hersker i byen, men som sjeldan nedverdiger seg å sjå til folket sitt. Siv, Kasper og Molly begir seg ut på rampestrekar i det boka til til, og blir nesten teke av jarlens soldatar. Soldatane er like lite vennlege som jarlen sjølv, og det er ein god dose flaks som gjer at barna slepp trøbbel. 

Svartlågsbyen ber på ein hemmelegheit. Ti år tidlegare blei byen angripe av nokre ekle skapningar kalla Myrslaskar, men klarte å bli kvitt dei. Myrslaskane laga smykker av føtene til dei daude, og var på alle måtar ufyselege vesen. Borna i landsbyen, Siv inkludert, har vekse opp med historier om desse farlege monstra, fortald på den måten folk fortel når dei er overbeviste om at monstra er borte frå jordas overflate for godt. I det boka tek til, får vi vite at mykje tyder på at myrslaskane berre blei skremt bort, og at dei kanskje har slutta å vere så redde for folket i Svartlågsbyen. Det er ting som tyder på at dei muligens er tilbake. Men enda skumlare er at byen i kampen sist trong hjelp av dei berykta røvarane som blei kalla Lykkeravner. Lykkeravnane har falle i jarlens unåde, og har gått over til å bli mytiske. I forordet til boka fortel ein at "Med tiden falmet Lykkeravnene og liknet mer på gjenferd, og senere igjen ble de bare rykter. Og til slutt, etter mange år, var det som om de aldri hadde eksistert". 

Siv, 11 og passe uskuldig, får etterkvart gode grunner til å frykta myrslaskane, for ho skal snart bryte både ein og to og tre av moras hardt innprenta husreglar, med ganske skummelt utfall. Og kven er den skumle mannen ho treff på gravplassen, som ho veit ho ikkje burde møte, men som ho treff likevel? Mens Svartlågbyen sine hemmelegeheiter avsløres ein etter ein, viser det seg at dei har stor betydning for Siv og familien hennar. Mykje av det Siv trudde ho visste, skal vise seg å vere basert på ei blanding av feilinformasjon og bevisst underkommunisering av fakta frå mor hennar si side. Korleis skal Siv takle dette? 

Forfattaren Paul Durham si eiga heimeside sel boka inn med "sometimes only the bad can save you". Eg har ikkje tenkt å avsløra for mykje om korleis det går, men at Siv gjer nokre oppdagingar som har tyding for tryggjinga for fleire enn berre ho, familien og venene, det kan eg lova deg.

Aschehoug selde leseeksemplaret sitt slik: "Actionfylt eventyr med sterk jentehelt, skumle skapninger, mørke hemmeligheter, helter og skurker". Siv speler ein morosam rolle som ein slags anti-helt, for det er hennar ikkje alltid like rasjonelle val som driv historia framover, og det er den sterke viljen hennar - og den sterke uviljen til å følge reglane - som gjer dette til ei artig og lesverdig bok.

Eg er ikkje i målgruppa, men du verden som eg koste meg! Allereie etter eit par kapittel kjende eg att den sitrande kjensla eg fekk første gong eg las Harry Potter. Dette universet er milevis unna trollmannsskulen, men det er likevel noko med den hjartevarmen Durham formidler folka og historia med som gjer at eg ikkje klarer å kome unna HP-referansen. Til liks med J.K.Rowling får han dessutan godt fram at menneska ikkje berre har gode elller dårlege sider, men at me alle har litt av alt. Samansette karakterar som du ikkje alltid heilt veit kor du har, og som du derfor ikkje alltid er sikker på at hovudpersonen kan stola på, er med på å gjera dette til ei super fantasy-bok for ungdom. (Eg er dessutan nokså sikker på at det er element her som den vaksne lesaren tek, men som ungdomane ikkje oppfatter.)

Dei to første kapitla i Lykkeravnene kan du lesa her, og eg kan lova deg at om du liker dei to, vil du elske resten. Og joine meg i me-som-ventar-på-bok-nummer-to-klubben. 

Ingen kommentarer: