onsdag, oktober 08, 2014

Bok: Guds barn av Lars Petter Sveen

Bokhausten 2014 ser ut til å bli ein særs god bokhaust. Boknerden i meg gler seg like mykje kvar haust. Eg finles bokmeldingane som kjem i både små og store aviser, og lista over bøker eg skal lesa ein dag eg får tid, veks alltid så mistenkeleg mykje fortare enn eg klarar å lese bøkene ut. Difor ender det ofte med at eg gremmes når jula kjem, og eg innser at hausten blei for kort  i år igjen. I år har eg difor, for første gong i historia, laga ei prioriteringsliste over bøker eg skal lesa før jul. Og mykje på grunn av Dagbladet si melding og Vårt Land sitt intervju, hamna Lars Petter Sveens Guds barn aller øvst på den lista. Gleda var difor ganske stor då Aschehoug i starten av månaden spurte om eg kanskje hadde lyst til å lesa boka? Sjølvsagt hadde eg det!

Sveen debuterte i si tid med ei novellesamling, og at han meistrer novellesjangeren blir tydeleg også i denne boka. Forlaget marknadsfører boka som ein roman. Strengt tatt er dette ein roman fortald som noveller, men som bryt novellelovene og difor heng saman. Språkdrakta er særs poetisk (og han har lånt frå fleire gode diktarar), og han har ein manglande teiknsetting ved replikk som på eine sida trigger rettetrongen i denne norsklæraren, men som samstundes understreker det poetiske språket han bruker. Språket er vakkert, og gir den til dels überdystre handlinga ein vakker glød. Det krev stor forfattarkunst å klara det.

Forlaget har førehandsannonsert boka med "Dette er historier ingen har lese før, frå ei verd alle kjenner til.". Skildringa kunne nok ikkje vore meir passande. Guds barn fortel historiene til menneska på Jesu samtid. Nokre av dei flykter, andre forfølger. Nokre er sterke i trua, andre tvilar. Nokre ser framover, andre har blikket vendt bakover og innover. Nokre reiser, andre blir verande. Saman har desse blitt ei vakker bok om tvil, tru, kjærleik, ære, ærefrykt, daud, naud, vankunne og von.

Boka tek til i det Kong Herodes krev at alle guteborn under 2 år skal drepast (Matteus 2:16). Me møter offiseren Cato, som handlar på kongens ordre, men som kjenner tvilen komme gnagande. Han prøver å legitimera overfor seg sjølv at det er rett å følga ordre, rett å ikkje handla på den måten samvitet eigentleg fortel at han burde.

Me møter Jakob, som fryktar at den stammande sonen hans er merkt av det vonde, og som let jakta på den som kan heile sonen bli altoppslukande. Me møter den døde kona, som frå det hinsidige framleis ikkje klarar å slutte å uroa seg for mannen sin og relasjonen han har til familien. Me møter jenta med det knuste ansiktet, ho som må dekka seg til og gøyma seg vekk, men som likevel, eller kanskje nettopp derfor, er den sterke. Røvaren som gjer det vonde, men som vil det gode. Me møter dei som fulgte andre profetar og andre som rekna seg som profetar. Me møter Anna, som forlèt alt ho har for å finna att Andreas, mannen ho elska, men som forlot ho.

Sveen speler på det kristne fellesgodset, men utan å gjere dette til eit kristent verk. Jesus speler ein viktig rolle, men berre som birolle. For dette er forteljinger frå Kristi samtid, til ei viss grad frå livet til disiplane hans. Det er forteljinga om dei utstøtte, om dei inkluderte, om dei som står utanfor og dei som står midt i. Det er historier om dei som følger Jesus, og om dei som aldri høyrer om han. Det er rå og krevande historier frå ei rå og krevande tid. Historia er velskrive, men stundom tunglese. Ho utfordrar lesaren, tvinger fram refleksjonar kring råskap, truskap og tru. Men duverden for ei bok!

Les det første kapitlet nederst på denne sida. Resten av boka er minst like god. Nyt.

Ingen kommentarer: