
Boka tek til i det Kong Herodes krev at alle guteborn under 2 år skal drepast (Matteus 2:16). Me møter offiseren Cato, som handlar på kongens ordre, men som kjenner tvilen komme gnagande. Han prøver å legitimera overfor seg sjølv at det er rett å følga ordre, rett å ikkje handla på den måten samvitet eigentleg fortel at han burde.
Me møter Jakob, som fryktar at den stammande sonen hans er merkt av det vonde, og som let jakta på den som kan heile sonen bli altoppslukande. Me møter den døde kona, som frå det hinsidige framleis ikkje klarar å slutte å uroa seg for mannen sin og relasjonen han har til familien. Me møter jenta med det knuste ansiktet, ho som må dekka seg til og gøyma seg vekk, men som likevel, eller kanskje nettopp derfor, er den sterke. Røvaren som gjer det vonde, men som vil det gode. Me møter dei som fulgte andre profetar og andre som rekna seg som profetar. Me møter Anna, som forlèt alt ho har for å finna att Andreas, mannen ho elska, men som forlot ho.
Sveen speler på det kristne fellesgodset, men utan å gjere dette til eit kristent verk. Jesus speler ein viktig rolle, men berre som birolle. For dette er forteljinger frå Kristi samtid, til ei viss grad frå livet til disiplane hans. Det er forteljinga om dei utstøtte, om dei inkluderte, om dei som står utanfor og dei som står midt i. Det er historier om dei som følger Jesus, og om dei som aldri høyrer om han. Det er rå og krevande historier frå ei rå og krevande tid. Historia er velskrive, men stundom tunglese. Ho utfordrar lesaren, tvinger fram refleksjonar kring råskap, truskap og tru. Men duverden for ei bok!