onsdag, oktober 21, 2015

Bok: Evna

Alle gode ting har ein ende. Så også Siri Pettersens fantastiske fantasyserie Ravneringene. Dei to første bøkene har eg meldt i ein smeis tidlegare, og kanskje var det derfor eg klarte å snike meg til å få eit meldeeksemplar av den siste boka i serien. Boka kom sirleg innpakka i gråpapir, og bandet rundt var festa med seermerket i voks. Eg var i utgangspunktet særs positivt innstilt til denne boka, men eg er sjølvsagt såpass enkel å glede at eg på ingen måte blei mindre positiv etter det, og det kan eg like godt vere ærleg om, først som sist.

Rime og Hirka er, i det Evna tek til, i kvar si verd. Rime kjem attende til Ymslanda, og finn at maktbalansen er endra i landet hans, og han er årsaken. Medan han har vore på leiting etter Hirka i Europa, har fråveret hans medført at landet står på randen av borgarkrig. Rådet er i røynda ute av funksjon. Kolkagga, hærstyrkene han er ein del av, har blitt usett for eit forsøk på å få dei til å oppløyse seg sjølv. (Det har dei ikkje gjort, og nettopp derfor blir det fatalt..) Han må prøve å foreine gamle fiendar til å saman stå opp mot kreftene som er i ferd med å øydelegge Ymslanda innanifrå. Og samstundes som ymslendinger står mot ymslendinger, veit han at også andre fiendar er nære. Farleg nære.

Bilete frå Gyldendal
Hirka er sendt til dei blinde, til landet Dreysil. I isødet må ho atter ei gong læra seg eit nytt språk, nye skikkar og nye måtar å tenka på. Ho er rett nok blant familien sin, og dei elsker ho over alt i verda, men heime er ho ikkje. Medan ho heile livet har vore lågast på rangstigen, er ho no i toppsjiktet i samfunnet. Men ho har ikkje gløymt kor ho kjem ifrå, og kva forhold ho har levd under det meste av livet. Med sin sterke rettferdssans godtek ho ikkje innrettinga på samfunnet i Dreysil, og det er nær ved å koste både ho og andre livet.

Hirka lengter heim til Ymslanda, men det er Dreysil som skal vera hennar land, for det er her blodsbandet hennar er. Kor skal lojaliteten hennar ligge? Hirka må redde verda, og det krever at ho gjer det ho hater mest. Ho må bli den strategen, den krigaren ho forakter. Ho må samle seg ein hær, og ho må gå til krig. Mot Rime. Skal ho kunne redde verda, må ho klare det umoglege: reparere Evna og sørge for at Evna støymer fritt mellom verdene.

Sjølv om Hirka og Rime begge ikkje kan tenka seg noko verre enn å skulle måtte gå til krig mot kvarandre, ser det ut til å vera uungåeleg: krig blir det, anten dei vil eller ikkje. Og uansett kor mykje dei måtte ønske det annleis, er det ikkje til å unngå at dei også må bli hærførarar. Mot kvarandre. Det er andre som trekk i trådane. Krigen er utanfor deira kontroll. 

Eg har ikkje lyst til å avsløre for mykje om korleis det går, anna enn å seia at dette er ei fenomenal avslutting på trilogien. Siri Pettersen meistrer å halde spenninga oppe heilt til siste slutt. Eg er aller mest fascinert av korleis ho lar Hirka endre seg så mykje at ho ikkje kjenner seg sjølv igjen, og samstundes la det vere same Hirka som me møtte i Odinsbarn. Ravneringene er god forteljarkunst, rett og slett.

Dette er ikkje det siste me høyrer frå Siri Pettersen. Forfattaren lova t.d. at prispengane ho fekk då ho nyleg vann Bokhandelens barne-og ungdomsbokstipend skulle gå til kaffi og sjokolade, "(d)rivstoff til flere bøker, altså". Eg gler meg allereie til å lesa resultatet av neste koffein- og sukkerkur!

Eg har eit lite håp om at dette kanskje heller ikkje er det siste me høyrer frå Hirka og Rime, sjølv om det bak på boka uttrykkeleg står at dette er siste boka i serien. Men altså, Siri, det ER lov å utfordre Douglas Adams' rekord på verdas lengste trilogi..

Ingen kommentarer: