Viser innlegg med etiketten jobb. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten jobb. Vis alle innlegg

søndag, juni 27, 2010

Hell i spel = hell i kjærleik?

Det har vore litt i overkant stille på jobb dei siste dagane, så min kjære kollega E og eg har hatt våre runder med kortspeling. Det er eigentleg utrolig at vi gidd, for resultatet er igrunnen gitt før kortene er stokka. E vinn og eg taper så det syng. Så roper eg "revansje", og går på eit nytt tap.


"Det er jo egentlig like greitt", sa eg, "for vi veit jo alle at den som har hell i spel har uhell i kjærleik". Og kjende meg straks litt ovanpå att. Inntil eg såg det skremte uttrykket til min kjære nyforelska kollega.


Tre minutt seinare kom vi til at han nok hadde stjåle flaksen min. For han har, i alle fall så langt, vist stort hell i både kjærleik og spel. Medan eg. Vel.. Eg har vel ikkje akkurat utvist stort hell nokon av stadane.


Så det er vel bare å rope REVANSJE og stole på at neste trekk går betre. For det gjer det jo alltid. I alle fall i teorien.


---

Fortune Friday. Unni Wilhelmsen. Back in the Blonde 2000.

fredag, juni 04, 2010

Alt eller ingenting

For tida fortoner livet mitt seg slik: eg dundrer avgårde i 160/kmt for å bli ferdig med alt eg skal bli ferdig med - og så fort eg er ferdig, er planen ingenting. Då meiner eg virkelig ingenting. For nokre dagar kjem livet mitt til å fortone seg som år 201 f. Kr - året det åpenbart ikkje er noko å rapportere om.

Deretter skal eg heim på sommerferie. For å gjere det kanskje aller kjekkaste eg veit: vere historieforteller. Og få betalt for det. Då hender det eg blir så engasjert at eg nærmer meg den listelendingen Mathias Skeibrok skriv om i Sandferdige Skrøner, han som lyg på seg så gode historier at han trur på det sjølv. (Eg trur ikkje eg har gjort det, altså, men at eg har forfina historier, er eg ikkje eit sekund i tvil om!) Den boka har eg forøvrig plan om å ha som sommarlektyre.


---
"Motor Lullabies". Noa. Now 2002

tirsdag, mai 05, 2009

Å planlegge - og å replanlegge

Eg skulle til Heidelberg neste semester. Eg skulle ned dit for å pusle litt med masteroppgåva, og for å ta eit emne. Lære tysk, drikke øl, leve studenterlivet på bortebane og kjenne meg fri.

Men så blei eg utsett for gruppepress. Massivt sådan. Så sterkt at eg gav etter og søkte jobben. Og fekk han.

Så brått skal eg ikkje vere tysklandsstudine likevel. Brått skal eg i staden smykke meg med tittelen Generalsekretær i ein ti månaders tid medan den noverande er ute i fødselspermisjon. Og eg kjenner at det igrunnen er veldig kjekt. Eg gler meg.

onsdag, november 19, 2008

Dinosaurreklame

Eg skjønner ganske sjeldan poenget med framleis å ha faks, sånn bortsett frå dei få gongane ein har behov for å sende noko veldig viktig som må vere stadfesta m underskrift og slikt, og som ein ikkje kan sende elektronisk.

For med unnatak av den eine gongen i året ein må fakse like ting - kva brukes faksmaskinen til? Jo, reklame. Så langt i dag har eg kasta 4 "legg julebordet til vår restaurant"-reklamer, 2 mobilreklamer, 1 "lampe for lange vinterdager" ("koster mindre enn en sykedag!") og 1 om "vennesalg på Cubus" - og enda nokon til.

Føles litt som å håndtere 80-tallets spam, eigentleg.