Viser innlegg med etiketten solidaritet. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten solidaritet. Vis alle innlegg

fredag, mars 18, 2011

Tenk globalt, handle lokalt!

Eg hoppa akkurat av landsmøtetalerstolen på Senterpartiets landsmøte. Snakka om tusenårsmåla - og om kva konsekvensar det får når vi ikkje er så opptatt av å tenke globalt også når vi handler lokalt. Pluss eit lite krav til Lars Peder, sjølvsagt. Kan forøvrig rapportere om at han svarte med eit lurt glis. Så får vi tolke det som vi vil.

---

Ordstyrarar, referenter,
Gode landsmøte!

«Vi vil ha brød!» ropte demonstrantene. Ikkje berre under den franske revolusjonen, men også under revolusjonen i Egypt. Det var ikkje berre demokrati dei bad om på Tahir-plassen, men også mat i magen. For verdas største importør av kveite fekk dei høge internasjonale matvareprisene alvorlege konsekvensar. Frå før brukte den jamne egyptar 60- 70% av inntekta si på mat. Auka matvarepriser medførte auka matkostnader og redusert måltidsmengde.


Vi har dårleg tid. I år 2000 vedtok Tusenårstoppmøtet i FN at vi innen 2015 skulle ha klart å halvere ekstrem fattigdom og svelt. Vår generasjon er den første som har hatt eit ambisiøst, men like fullt realistisk mål om å utligne forskjellane i verda. Men sanda i timeglasset er i ferd med å renne ut. For vi er ikkje kommet så langt som vi burde ha kommet fire år før utløpsdatoen.

Andelen menneske som lev på mindre enn 1 dollar om dagen skal bli halvert innan 2015, seier målet. Og der ligg ein an til kanskje å klare målet – men utfordringa er at mange av desse som nå klarer seg på litt over ein dollar om dagen framleis må klare seg på mindre enn to. Andelen menneske som nå lev på under to dollar om dagen har auka så kraftig at ein har ein lang veg å gå før den ekstreme fattigdomen er utrydda.

Landsmøte, Det unike med Tusenårsmålas plan, er at ein ser samanhengen mellom mat og arbeid. Ein seier nemleg at eit av dei aller framste måla for å klare å utrydde ekstrem fattigdom og svelt er å oppnå full sysselsetting og verdig arbeid for alle – også kvinner og ungdom. Det er eit viktig tiltak, ikkje minst fordi det gjev menneska det gjeld ein reell sjanse til å komme ut av ekstrem fattigdom på permanent basis.

Det er framleis nok mat i verda til å brødfø alle. Det er framleis mogleg for vår generasjon å klare å nå lenger enn Tusenårsmålas mål – vi kan utrydde svelten! Om vi bare vil!

Eit godt gamalt senterpartislagord seier tenke globalt, handle lokalt. Senterungdommen krever at Noreg bidreg med det vi kan. Å gjeninnføre nasjonalt kornlager vil kunne bidra til at vi unngår å presse verdensmarkedsprisen opp. Dårleg planlegging frå vår side kan bety at vi et opp maten til dei fattigaste. Lars Peder, vi forventer at du tek grep.

Nordmenn kastar ¼ av maten vår. I Lyngdal kommune, med 8.000 innbyggarar, har ein matbutikkar tilsvarande behovet til 43.000 folk – og fleire butikker er under planlegging. I dag kaster Lyngdalsbutikkane aleine kring 2 tonn useld kjøt. Eg vil oppmode dei her i salen som er kandidatar til kommunestyrer å stoppe denne utviklinga lokalt. Det fortoner seg kanskje som ei drope i havet, men ein skal aldri undervurdere dråper i fulle begre.

onsdag, februar 04, 2009

Gratulerer Rabab!

Foto: www.vest-sahara.no


Studentenes Fredspris blei offentleggjort i dag - og prisvinnaren er Elkouria ”Rabab” Amidane. Den 23 år gamle studenten er kanskje ein av dei sterkaste stemmane i den vest-saharavinske frigjeringskampen. Ho driv kampen fram på mange fronter - heime i Vest-Sahara og ute i verda. Ho publiserer valden frigjeringskjemparane blir utsett for av marokkansk politi på youtube, og ho møter verdensleiarar - og grasrota. Ho blir utsett for heilt ekstreme trusler, men står rakrygga.

Eg har treft Rabab nokre gonger, og mitt første møte med Rabab er eit av dei sterkaste møtene i mitt liv. Både fordi denne vevre jenta fortel så levande, er så til stades - og fordi ho har ei vanvittig utstråling og ei ekstremt sterk historie.

torsdag, januar 15, 2009

Verda står kanskje ikkje til påske...

Eg blei ei gong skjelt ut av ein AP-mann fordi eg sa høgt at eg ikkje liker 1. mai. Det er sjølvsagt greitt med ein ekstra fridag ein månad som ikkje består av anna enn fridagar, men eg har gått i eitt 1.mai-tog for mykje. Sist eg gjekk i såkalla "solidaritetstog" var det heile 3 paroler (av rundt tusen, om ein tel med smått og stort) som ikkje var krav som direkte angjekk den som heldt fana. Det mest rungande slagordet var det som i mine øyrer høyrdes ut som "vi vil ha sex! Vi vil ha sex". Det viste seg at dei sa "seks" og ikkje "sex" - og slutten av slagordet var "vi vil ha sekstimers arbeidsdag". Som får meg til å tenke at desse folka ikkje gir seg før dei har full løn og ingen jobb. (Misforstå meg rett - eg er for sekstimers arbeidsdag for dei som treng det. Men det er ingen grunn til at vi alle skal ha det). Elles det vanlege: tamilske organisasjonar kjempa for fred på Sri Lanka, irakiske kravde at USA skulle ut av landet deira - og norske arbeidarorganisasjonar var igrunnen mest oppteken av å fortele kor mykje høgare løn dei skulle ha. Ting tyda på at dei ikkje hadde tenkt å gi seg før løna nærma seg perleporten i antall 0-ar før komma.

Joda, dette er frykteleg karikert. Det var faktisk nokon som kjempa for ting som ikkje direkte influerte deira kvardag - t.d. gjekk ein haug med heterofile forbundarar i tog for ny ekteskapslov, nokre Senterstudarar under den superkorte parolen "edelt er mennesket, jorden er rik. Finnes her sult og nød, skyldes det svik!" og ganske mange rundt i toget hadde palestinske flagg, for å signalisere kva side dei stod på i ei konflikt langt borte, men likevel nært.

Dessverre, for meg var mangelen på solidaritet med andre enn eigne lommebøker ganske skummel. Og sidan har eg vore mot 1. mai. Så ekstremt at eg vurderer å gjere 1. mai til ei anti-solidarisk sone - eg skal bruke dei 364 andre dagane til å vere solidarisk, medan eg akkurat den eine skal vere usolidarisk. (Skjønt, det blir aldri slik. Motstanden min mot 1. mai stikk ikkje djupt nok).

Derfor blei eg ganske så hoppande glad då eg opna nettavisen heime i dag, og oppdaga at min ordfører (i den grad eg kan seie noko sånn om ein mann eg ikkje røysta på), AP-mannen, har gått inn for søndagsopne butikkar på 1. mai. Og medan eg tenker høgt om korleis dette må oppfattast som eit slag i trynet for arbeidarrørsla, går det brått opp for meg at dette berre er ei vidareføring av "vi tenker med lommebøkene våre"-strategien ein har sett i Oslo. Berre at det nå er direkte innkomer til butikkane på torget, og skatteinnkomer som står i fokus. Dei ville aldri søkt om det ikkje hadde vore Lundevågen tilfeldigvis blir havn for eit britisk cruiseskip.

Eg er igrunnen glad eg ikkje jobber. For solidaritet eller ikkje - fridagen min får du aldri.