Viser innlegg med etiketten studentpolitikk. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten studentpolitikk. Vis alle innlegg

mandag, desember 22, 2008

Publiseringspoeng, takk

Då eg jobba i Studentparlamentet ved UiO, handla mykje av jobben min om publiseringspoeng og utrekning av sånne. Særlig brukte vi mykje tid på å finne ut korleis tellekantsystemet skulle fungere, og korleis vi skulle få UiOs forskarar til å gå over frå publisering av sine funn i såkalla "nivå 1-tidsskrifter" (typen aviser og artikler av "lettere karakter") til "nivå 2-tidsskrifter" (tidsskrifter som er anerkjent som "tyngre", særleg internasjonale). Vi var jamvel med på å diskutere om det heldige ville vore å arbeide for å få eit nivå 3 - for dei heilt spesielle tidsskriftene som t.d. the Scientist og dess like.

Og kvifor skriv eg dette? Vel, eg vil gjerne få dei 500 kronene ekstra som nokon tentativt kunne tjent på at eg nå har fått publisert ein artikkel i årboka til Lista museum (bildet). Handler til og med om eit tema som er relevant for faget mitt, nemlig om herrnhutisme. Jepps, pietisme på høgt nivå.

Strengt tatt burde eg vel publisert den i open access, om eg skal leve opp til politikken eg hardt forfekta i fjor. Det skjer i alle fall ikkje i år.

søndag, november 30, 2008

Kvotering på mange nivå

Sit på landsstyremøte i Norsk Studentunion, og her går debatten fritt. Vi har blant anna fått høyre om "midlertidig vitenskaplige kvinner", som eg antar at må vere sånne folk som meg, som strengt tatt jobber kvasivitskapleg og særdeles mellombels. (Så voner eg ingen kjenner for å utfordre mitt kjønn, anten vi nå snakker sex eller gender!).

Ein annan diskusjon går på skeiv rekruttering. For vil ikkje skeiv rekruttering innbefatte å vere i tråd med likestillingsmåla, innvendes det frå sidekameraten min. Og det trur eg då han har rett i. Vi veit jo alle at yndlingskandidaten til ei kvar stilling for tida er ei lesbisk dame med minoritetsbakgrunn og sognamaol. Så eg er litt usikker på om det å skulle motvirke skeiv rekruttering er bra eller dårlig, eg.

torsdag, april 26, 2007

Demokratibekymring

Sitter og venter på at vi skal kunne få bli ferdig med valet til nytt studentparlament. Mens ein tidlegare har brukt tida på å telle manuelt, bruker ein nå tida på å vente på å kunne ta avgjerelser. Så "basically": her sit ein og soser og kaster bort tid (men får gjort lure ting innimellom)....

Men det som er så skummelt, er at resultata foreløpig tyder på lågare valdeltaking enn nokon gong før. Mens jus telles opp og SV er det einaste som det ikkje er gjort noko med, sit eg her og frykter for at valoppslutninga bare raser nedover. Me treng eit mirakel, me treng superkrefter. Og ikkje minst: me treng vanvittig gode idèer til korleis me skal få opp valdeltakinga ved neste korsveg. Gode idèar mottas med takk.