Viser innlegg med etiketten jul. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten jul. Vis alle innlegg

søndag, januar 01, 2012

Eg ynskjer deg nok

GODT NYTT ÅR!

Denne jula og romjula har for min del handla om ord og fellesskap. Fellesskap med familie og venner, og ei kjensle av å høyre til i ein større samanheng - både som del av eit større samfunnsfellesskap og som ein del av eit historisk fellesskap. Slekt skal som kjent følge slekters gang, og ei julehelsing frå familien i Trondheim har sørga for at også framtidige slekter kan få med seg spesialitetene til oldemor, fødd 120-130 år før eg kom til.

Men jula har også bestått av ord. Og med det meiner eg ikkje at vi har forlese oss på Johannesevangeliet, akkurat. Eg har sitte i kjellaren store delar av jula i von om å få i hamn masteren (det sette helsa ein effektiv stoppar for, gitt!), men sjølv om eg har pressa ut av meg ein del ord, er det ikkje dei orda som har stått i sentrum. Det er dei gode orda, dei sterke orda, dei rørande orda, dei fine orda og dei ekte orda. Dei som formidler noko større enn ein sjølv.  Dei har fått ein stor plass i dette fellesskapet eg har vore ein del av, fordi vi har ynskja å la dei ta plass.

Den beste nyttårshelsinga eg har lese, kom frå ei studievenninne av meg, og eg har stjåle dei orda. Fordi dei nettopp er slike ord som har bidratt til å sette ordet i fokus denne jula. Dei er mitt ynskje til deg som måtte slumpe til å lese dette: eg ynskjer deg nok!


I 2012 ønsker jeg deg nok!

Jeg ønsker deg nok sol til at livet ditt blir lyst, nok regn til at du setter pris på sola.
Jeg ønsker deg nok fortjeneste til at du får råd til alt du trenger - og nok tap til at du er takknemlig for det du har.
Jeg ønsker deg nok velkomster til at du holder ut de avskjeder du må ta.
Jeg ønsker deg nok lykke til at du bevarer livslysten, nok sorg til at selv de små gledene blir store.

Og berre fordi eg blir så glad når eg høyrer på denne, sleng eg med den finaste kjærleikserklæringa denne nyttårsfeiringa kunne ta med: folkofonen NRK sendte i går. Det er vakkert, rett og slett.

mandag, desember 26, 2011

Mannen med koppen

Det var ein kald desemberdag, og Oslo var dekt av julelys. Alle butikker slost om å ha dei beste juletilboda, og langs Karl Johan slo den eine julesongen den andre ihel. Julestresset låg i tjukke lag over byen, og julestemninga var tilsvarande fråverande.

Det var min andre Oslovinter. Eg var ferdig med eksamen, og var i full sving med å få unna dei siste julegavene før eg skulle vende nasa heimover mot mammas juletorsk, pappas kokosmakroner og sørlandsk, familiær julero. Eg sette nasa mot t-banen, og på vegen ned i varmen der nede, blei eg stoppa av ein mann som lurte på om eg hadde nokre kroner til overs. Eg stoppa opp, men klarte ikkje fiske opp lommeboka – til det var det for mange poser i veien. «Va'kke heilt enkelt det her!» sa eg, og lo litt av meg sjølv mot han. «Å, er du sørlending?» svarte han muntert, og dermed var samtalen i gang. Mor hans var frå Mandal, og han var sjølvsagt vokse opp med torsk på julaften, «sjølv om det kanskje burde vore laks for ein mandalitt, haha». Han og søstra var dei einaste på drabantbyskolen med den julemenyen, og det som nå var eit kjært minne, var den gongen noko som var i overkant eksotisk. Med mormor frå Mandal måtte eg sjølvsagt prøve å plassere mor hans nærare. Det viste seg at hans barndomsparadis var tvers over elva frå mitt Holumsparadis, og vi konkluderte med at vi heilt sikkert hadde bada mange gonger på same badeplassen. «Ja, kanskje vi til og med er i slekt?», sa han. Så stoppa han opp. Stiv som ein pinne. Redd for reaksjonen min.

«Ja, kanskje det?!» svarte eg, og lo ein liten anerkjennande latter, utan heilt å forstå (der og då) kva han plutseleg var så redd for. Skuldrene hans sank, mjukheita kom tilbake. Litt småsnakk til, og så sprang eg på banen, oppløfta og fyld med ei god kjensle, slik berre samvær og fellesskap med ein totalt ukjend kan gje. At eg hadde tømt lommeboka for småpenger til mannen, og at han hadde fortalt om sine mange år som misbruker, rokka ikkje ved kjensla av at vi var likeverdige.

Nokre dagar seinare er eg igjen i fullt firsprang ned t-banetrappa ved Egertorget. Mot meg kjem ein mann med ein kopp. Han ser meg inn i auga, eg snur meg bort. Auga hans søker mine, og han gliser stort. «Jeg ringte mamma» seier han mot meg. Han tek tak i jakka mi, og eg trekk armen til meg. Redd. Ein narkoman som prøver å holde meg fast er ikkje berre ukjend kost, det er særdeles skummelt, og eg vil komme meg bort så fort som overhovudet mogleg. Sjeleglad er eg for at mannen foran meg i trappa ser det heile og signaliserer at han er parat til å gripe inn. Den narkomane prøver ikkje lenger gripe tak i meg, men han fortsetter å rope, denne gongen med ei merkeleg blanding av skuffelse og glede. «Jeg får komme hjem til jul! Til mamma». Eg har ei kjensle av at det er meg han roper etter, min anerkjennelse han vil ha. At det er EG han vil skal rope hurra, men eg forstår ikkje kvifor. I det eg forsvinn ned rulletrappa, ljomer stemmen, stolt, men samstundes så skjør, så skjør «Det blir juletorsk på meg i år!»..

Det tok meg nokre stasjonar før eg forstod kva han ropte. Enda nokre stasjoner før eg forstod kvifor han ropte etter meg. Då eg forstod det, gjekk eg av banen og sette meg mot ein ny ein til byen. Ville gjere det godt igjen. Ville møte han att, seie unnskyld. Be han på kaffi. Kva som helst – få han til å bli eit levande menneske for meg igjen, og ikkje berre ein eg kunne oversjå fordi han ein gong hadde tatt eit dumt val på fest fordi han var usikker og ville tøffe seg. Ville finne fellesskapet med han igjen, søke etter fleire felles referansepunkter enn dei vi hadde.

Då eg kom opp av t-banekolossen igjen, var han borte. Heller ikkje i nærleiken var han å finne. Sidan har eg kikka kvar gong eg har vore i området. Spurt ein og annan selger av =Oslo om dei kjenner ein innfødd Oslogut med mor frå Mandal. Men ingen napp.

Han er stadig i tankane mine. Stadig håper eg inderleg at det blei juletorsk på han det året. At han ikkje mista motet fordi eg ikkje kjentes ved han. At han kom heim til mor og søster den jula. At den julemiddagen kanskje var det påskotet han trengte for å klare å nå sitt store mål om å bli rein? Og like stor er frykten for at eg aldri såg han att fordi han fekk rett i at «denne vinteren knekker meg om jeg ikke blir rein». Eg får truleg aldri vite svaret.

Men eg vonar. Og han fortsetter å vere ein del av min kvardag. Kvar gong eg køyrer forbi skiltet som viser vegen inn til Holum. Kvar gong det snakkes om juletorsk. På ekstra kalde dager. Når all julemusikk blandes saman og blir ei stor suppe. Og kvar jul tenner eg eit lys for han. Og seier eit stille unnskyld. For at eg ikkje såg mennesket.

søndag, desember 18, 2011

Modernisert julefortelling

Rykta vil ha det til at fleire av mine preste- eller predikantvenner held på med å skrive juleandakter for augneblinken. Nokon av dei har klaga sin naud og lurt på korleis dei skal kunne skildre julebodskapen utan å seie akkurat det same dei gjorde i fjor. Her får dei, og alle andre som måtte slumpe innom her og av ein eller annan grunn ha bruk for det, eit lite tips frå meg: ta med ein videokanon, så har nokon andre sørga for at historia har blitt fortalt i facebookspråk. "Sånn som ungdommen skjønner", altså..

tirsdag, januar 06, 2009

13. dag jul

Eg var SÅ glad for at det er 13. dag jul i dag, og alle ting som kunne minne om jul skulle ut av huset. Men så fann ein av mine sambuarar ut at julepynten skulle vere til 20. dag jul. Ergo må eg leve med pynten i ei veke til..

Og det fekk meg til å innsjå at eg har eit anstrengt forhold til julepynt. Eg ELSKAR alt lyset som kjem fram til advent, og skulle gjerne hatt advensstaken framme til det var vårlys på utsida av glaset, men resten - julekulene, nissene og alt det der, det skal bort så fort som råd er.

Jaggu er det godt at julepynten her i huset ikkje er meir enn ei trollhasselgrein med overflod av julekuler. Hadde det vore meir enn som så...

mandag, desember 29, 2008

Jula kan erklæres over


Eg og pappa har ein juletradisjon som er ganske u-julete, og som vi liksom bare ikkje kan vere utan. Det er å sjå You've Got M@il (1998) på VHS mens eg kryper opp i armkroken hans og vi drikk julebrus. Og sidan årets film-runde nå er gjennomført, kan jula erklæres offisielt over.

Filmen er akkurat like dårlig som alltid, og steget tilbake til å sjå film på VHS er (om mogleg) enda meir vanskeleg enn det var i fjor. Men det gjer jo ingenting. Det skal vere sånn. Det er jo ein del av tradisjonen.

Og når det først er jula som er tema, må eg seie eg vurderer å glede meg stort til å reise tilbake til Oslo igjen. Om ikkje anna, så for å slippe unna denne pokkers julematen. Eg har aldri skjønt poenget med ribbe og pinnekjøtt, og ser heller ikkje den heilt store festivitasen i torsken (men om eg kan bytte ut to av tre får fisken bli!). Eg hadde håpt at sidan alle desse tre nå var ferdigservert, var årets julematdyst over. Men akk - romjul er restemattid. Så det var bare å sitte klar for runde 2. Og det er enda masse ribbe igjen. Takk og lov at eg slepp runde 3!

fredag, desember 26, 2008

Hurra for samholdet (og limet som held ein i hop)


I familien min har det alltid vore ei utfordring å få samla troppene til felles hygge dersom hyggen ikkje er einsbetydande med mat eller besøk. Til nøds kan ein få samla fææmily'n rundt TVen om det er eit spesielt program eller ein film (men då sovner somregel minst ein, og den er gjerne mamma, sjølv når forslaget var hennar).

Men nå, etter 25 år, er trenden snudd. Og det i så ettertrykkelig grad at ikkje ein gong mamma lot seg lokke med då tante ville ha familien med ut på juledagstur rundt Stave. (Alle som kjenner mamma vil skjønne kor alvorleg det er - mamma som ellers drar oss etter håret ut i luften!)

Og heile grunnen ligg i eit lite, men genialt brettspill: Ticket to Ride. Etter anbefaling frå husets eldste datter og lett masing frå husets yngste, låg spelet under treet på julaften. Spelet er enkelt nok til at alle kan bli med, spanande nok til at tempen kan holdes oppe - og så tar det faktisk slutt før det blir keisamt. Alle som har prøvd å spele Monopol til endes, veit kor viktig dét er!

torsdag, desember 25, 2008

Den eigentlege "Deilig er Jorden"


"Deilig er Jorden" er ein av dei vakraste julesongane eg veit. Ironisk nok, all den tid eg meiner songen eigentleg er misforstått som julesong - det er jo ein all-års song. Eg forbind han nok aller mest med den eine teaterforestillinga Johan G. Olsen kjøpte kvart år då eg gjekk i KBUT, og som enda med at sal og scene skulle synge i lag. Særleg dagane før, med intens tekstpugging i garderoben, har lagt seg på minnet.

Så sat eg her då, natt til første juledag, og hadde ikkje lyst til å sove, sjølv om eg nok burde. Og min gode venn "tilfeldig side-knappen" på wiki fann ut at han skulle leie meg inn på sida som handler om "Fager er jordi", den opphavlege omsettinga både til nynorsk og riksmål - og den heilt opphavlege tyske teksten. Og eg digger det.

Eg song meg hes på julaftengudstenesta i Vanse kirke, og vurderer å ta turen innom juledagsgudstenesta - berre for å kunne synge den slik den _eigentleg_ blei omsett.


Tysk
(folkesalme frå Schlesien)
Dansk
(B.S. Ingemann (1850))
Nynorsk
(omsett av Gunnar T. Rysstad (1900))

Schönster Herr Jesu,
Schöpfer aller Dinge,
Gottes und Marien Sohn!
Dich will ich lieben,
Dich will ich ehren,
Meiner Seelen Freud und Wonn.

Deilig er Jorden!
Prægtig er Guds Himmel!
Skjøn er Sjælens Pilgrimsgang!
Gjennem de favre
Riger paa Jorden
Gaae vi til Paradis med Sang!

Fager er jordi,
herleg er Guds himmel,
Glade gjeng sjelene pilgrimsgong.
Gjenom dei fagre
rike paa jordi
Gjeng me til paradis med song.

Alle die Schönheit
Himmels und der Erden
Ist gefaßt in dir allein.
Keiner soll immer
Lieber mir werden
Als du, schönster Jesus mein!

Tider skal komme,
Tider skal henrulle,
Slægt skal følge Slægters Gang —
Aldrig forstummer
Tonen fra Himlen,
Sjælenes glade Pilgrimssang!

Tider skal koma,
tider burt skal kverva,
Ætt skal fylgja ættarrad.
Aldri skal tagna
tonen fraa himlen,
Sjeli sitt glade pilgrimskvad.

Schön ist die Sonne,
Schön ist der Mond,
Schön sind die Sterne allzumal:
Jesus ist feiner,
Jesus ist reiner
Als die Engel im Himmelssaal.

Englene sang den
Først for Markens Hyrder;
Skjønt fra Sjæl til Sjæl det lød:
Fred over Jorden!
Menneske! fryd Dig!
Os er en evig Frelser fød!

Englane song det
fyrst for hyrdingflokken,
Vent det tona for sjeli mødd:
Fred yver jordi,
menneske, gled deg,
Oss er ein evig Frelsar fødd!

Schön sind die Blumen,
Schöner sind die Menschen
In der frischen Jugendzeit;
Sie müssen sterben,
Müssen verderben:
Jesus lebt in Ewigkeit.



mandag, desember 22, 2008

Publiseringspoeng, takk

Då eg jobba i Studentparlamentet ved UiO, handla mykje av jobben min om publiseringspoeng og utrekning av sånne. Særlig brukte vi mykje tid på å finne ut korleis tellekantsystemet skulle fungere, og korleis vi skulle få UiOs forskarar til å gå over frå publisering av sine funn i såkalla "nivå 1-tidsskrifter" (typen aviser og artikler av "lettere karakter") til "nivå 2-tidsskrifter" (tidsskrifter som er anerkjent som "tyngre", særleg internasjonale). Vi var jamvel med på å diskutere om det heldige ville vore å arbeide for å få eit nivå 3 - for dei heilt spesielle tidsskriftene som t.d. the Scientist og dess like.

Og kvifor skriv eg dette? Vel, eg vil gjerne få dei 500 kronene ekstra som nokon tentativt kunne tjent på at eg nå har fått publisert ein artikkel i årboka til Lista museum (bildet). Handler til og med om eit tema som er relevant for faget mitt, nemlig om herrnhutisme. Jepps, pietisme på høgt nivå.

Strengt tatt burde eg vel publisert den i open access, om eg skal leve opp til politikken eg hardt forfekta i fjor. Det skjer i alle fall ikkje i år.

fredag, desember 19, 2008

Endeleg og omsider

Eg har ynskja å gjere det i fleire år, men har ikkje klart å finne ei unnskuldning før. Det har sitra i meg i det eg har gått forbi, og eg har hatt så lyst til å gå inn, men eg har ikkje turt. Eg har vore redd for korleis det ville føles å ha det overstått. Eg har vore redd for å bli skuffa, redd for å oppleve at forventningene som har bygd seg opp over tid ikkje kunne innfris, at eg rett og slett har sett for høge krav til meg sjølv og mine omgjevnader.

Men i går tok eg mot til meg. I går fann eg omsider ei vanntett unnskuldning. Det er nå overstått, og eg kan lykkeleg rapportere at opplevinga stod til forventningene. Og vel så det.

Eg har ENDELEG vore på shopping hos den sagnomsuste kjeden Adéle. Som med sine totalt utdaterte parykker og dertilhøyrande klede påfører einkvar (tilfeldig) forbipasserande lengsel etter ein dag å tørre å utforske butikken på eiga hand. Etter å ha ei unnskuldning god nok til å kunne kjøpe seg mot.

Servicen var upåklageleg – heile eit kvarter før stengetid stod innehavaren (ho gav i alle fall inntrykk av å vere det) klar med jakka på, og oppgjort kasse, men med salgsinstinktet klart. Bare 4 minutt etterpå var eg den lykkelege eigar av ei svart bomullsstrikkejakke i størrelse 40 (eller blei det 42?). Drog kortet, og prisen tyder på kvalitet, den var i alle fall stiv og fin.

Til de som aldri heilt har klart å ta mot til dykk og utforske denne Osloperla, kan det rapporteres om at ho ser akkurat like herleg lite moderne ut på innsida som ein kan få inntrykk av når ein skuer butikken frå utsida.

Og svært lykkeleg vandra eg frå Sagene til Torshov mens eg håpte at absolutt alle eg trefte på min veg ville legge merke til den fantastiske plastposen min, den med det flotte bodskapet «alltid Adéle nytt». Rett nok skal eg ikkje beholde jakka sjølv (den skal fungere som accessoair på mi vakre bestemor), men posen min, den får du aldri! Ikkje eingong du, Alexander, sjølv om eg sjølvsagt er veldig lei meg for at eg tok jomfruturen utan deg!

søndag, november 30, 2008

Julenostalgi

Det nærmer seg jul. Ein ting er at julemarsipanen er i butikken og snart lov å ete, men enda viktigere: Kristiansand Barne- og Ungdomsteater har première for si fantastiske juleforestilling i kveld. Og her sit eg i Oslo med eksamen til langt over ørene, og konstaterer at mitt gamle kostyme framleis er i bruk, nå i omsydd variant atter ei gong. Og slik gleder jo ein utdatert kbut-er.. :)

Og til alle kjære KBUT-ere: brekk eit bein i kveld! :D

torsdag, november 27, 2008

Betale for frivillig innsats?!

Kjære Norges Røde Kors. Det er klart det er forståeleg at de også vil ha dykkar bit av den store julegavekaka, og eg har sjølvsagt stor forståing for at de lanserer dykkar eigne alternativ. Eg har bare litt problem med å forstå nett KVA det er de vil at eg skal kjøpe. "Kjøp en frivillig til jul", lokkar de. Og hadde det vore slik at eg skulle bidra til å betale for det utstyret den frivillige trong, hadde det vore ok. Eg kunne fint gitt mamma og tante Liv både vatn, klede og plaster i Bangladesh til jul, og eg trur til og med dei hadde blitt glad for det. Men å gje bort den frivillige leksehjelperen, det kjenner eg eg har problem med. For kva er det eg betaler for då? Åpenbart ikkje blyantene, ordbøkene eller kalkulatorene ho kan dra nytte av - men hennar frivillige innsats, ein innsats ho ikkje får betalt for?!

Eller kanskje dette først og fremst er ein smule villedande reklame?