lørdag, januar 10, 2009

Fanga i krigen

Etter dagar med melding om at dei norske legane er på veg ut frå Gaza, kom meldinga i dag om at Mats Gilbert (bildet) og Erik Fosse i dag må bli på Gazaubestemt tid. Dei har gjort ein aldesles fantastisk innsats for å redde menneskeliv under heilt håplause forhold - i alle tydingar av ordet håplaus. Ein kan seie kva ein vil om deira politiske overtyding, men det kan på ingen måte overskygge den innsatsen dei har lagt ned midt i krigen.

Og samstundes lar eg meg provosere ganske kraftig av opphausinga av dei norske legane. Frå tid til annan høyres det ut som om det er det at dei er norske som gjer dei spesielle, og at det faktum at dei er norske gjer at dei er viktigare enn sine palestinske kollegar. Stoda på sjukehusa er traumatiserande, det er død og avkutta lemmar og totalt umenneskelege forhold på alle vis, og det skal ikkje undergravast. Alle legane på sjukehusa er utslitte, totalt utslitte. Men medan dei norske legane skal ut av Gaza, må deira palestinske kollegar bli. Medan dei norske legane skal reise heim til vår ekstreme overflod, sit deira palestinske kollegar utan mat i heimen. Og truleg med ei enorm redsle for at ektefelle, barn, foreldre, søsken, nære slektninger og venner svelt i hel. Med mindre det kjem ein israelsk rakett først.

Eit alt for godt vitnesbyrd om stoda i Gaza, er brevet Marthe Gerhardsen frå CARE las opp i sin appell til fakkeltoget for to dagar sidan. Eg stod på Youngstorget og græt då dette blei lese opp. Fordi ein blir så avmektig. Og skulle så gjerne sendt dei både mat og vatn og straum.

Ingen kommentarer: