lørdag, januar 24, 2009

Krisetid og gavepakker

Eg har ikkje huslån, ikkje billån. Har eit studielån, forsåvidt, men skal ikkje betale tilbake dei pengane før om nokre år. Eg er ein av dei som inntil vidare tener på høg rente (til tross for at banken min visstnok er den som har tapt mest i år). Og eg har ganske stabile inntekter, med tilsvarande stabilt forbruk.

På toppen av det heile har eg vore ganske irritert på forbruksveksten, fordi eg meiner det er feil at vi i den rike delen av verda skal ødsle bort både våre og framtidas ressursar. Derfor totte eg eigentleg det var ganske greitt då dei første meldingene om at forbruket var på veg ned kom litt før jul. (Så klarte vi interessant nok å sette ny rekord i julegavehandling også i år..)

Med andre ord: det tok ganske lang tid før eg forstod alvoret i finanskrisa. Det tok ganske lang tid før eg forstod at kollapsen i amerikanske boligbankar og den enorme nedgangen på børsen hadde innverknad på også kvardagen til Kvarmannsen. Det tok ganske lang tid før eg forstod at risikovillig kapital ikkje berre var eit spørsmål om investering i fleire aksjer og andre slike verdier som ikkje er handfaste. At det var eit behov for risikovillig kapital også i vanleg norsk industri. Og at konsekvensen av at slik kapital uteblir får direkte innverknader på livet til menneska rundt meg, naboar, familie og venner.

Særleg hardt rammes min "offisielle" heimkommune, Farsund, melder E24. Kommunens tre største bedrifter opplever alle permitteringer, kontraktsstopp - og altså mangel på risikovillig kapital. Med store ringverknader for resten av næringslivet i kommunen - pizzabakeren som ikkje får pengene for utlevert overtidsmat, skulene som risikerer å miste elevar dersom foreldrene må reise bort for å finne arbeid - og sjølvsagt butikkene som opplever at folk ikkje handler meir enn naudsynt fordi dei ikkje veit kor lenge pengane må strekke til. (Det er jo livets evige ironi, at det er i nedgangstider vi faktisk begynner å spare)

Og det heile gjer at vi er mange som venter spent på krisepakka til regjeringa. Ei pakke som forhåpentlig blir ei gavepakke til industrien, og som samstundes klarer å få fart i hjula i bygg- og anleggsbransjen og alle andre sektorar der det er naudsynt. Å få fart i økonomien igjen er viktig - fordi det betyr tryggheit i kvardagen til kvar einskild. Og det er den tryggheita vi skal sikre. Den er tusen gonger viktigare enn forbruksvekst.

Ingen kommentarer: