tirsdag, februar 17, 2009

Kvinneundertrykkande hijab?

Eg utanfor Skopjes store moské - i hijab

Karita Bekkemellem er atter ei gang ute med eit av sine liksom-feministiske utspel. Siste tilskot på stammen er at ho nå likestiller hijab og kvinnelig omskjæring. Noko som for meg er eit bevis på at Karita ikkje har peil på kva ho snakker om. For det er milevis forskjell mellom desse to.

Og bare for å ha sagt det først som sist: ja, det skjer dessverre at unge jenter tvinges til å ikle seg hijab. Ein 5 åring med hijab har nok tatt like lite stilling til valg av hodeplagg som ein femåring med bolleklipp. Det er heller ikkje det vesentligaste - det er derimot spørsmålet om korvidt det er tillatt for jenta å ta av seg hijaben når ho blir gamal nok til å velge sjølv kva ho vil gå i. Er svaret her nei, opplev jenta heilt klart undertrykking, og då er stoda særs alvorleg.

Problemet med Karitas argumentasjon, er at det er eit fåtall som tilhøyrer denne gruppa. Det er eit fåtall jenter som tvinges til å bruke hijab. Dei aller fleste tar hijaben på av eige ønske - og talet på slike auker i Europa. Unge muslimske kvinner, også dei med røter i land der ein normalt ikkje går med hijab, tar på seg skautet for å vise at islam er ein stor del av deira identitet. Somme tar han på seg berre av og til, og lar dagsformen bestemme, medan andre gjer eit val om at hijaben skal høyre til på hovudet deira. Tilsvarande bestemmer dei sjølv når han eventuelt skal av hovudet att.

Det er ikkje hijaben Karita og andre feminister burde bruke sine krefter på - det er burka og niqab. For sjølv om begge deler unekteleg har sine praktiske sider (ein har høve til å få med seg alt, medan ingen kan sjå kva ein sjølv føretek seg), er sannsynlegdomen ganske liten for at dette er plagg ein frivillig går med. Dette er plagg ein "ikles" av foreldre og ektemenn som vil ha kontroll. Over jentas kropp.

Når det er sagt: etter å ha hatt lange diskusjoner med meg sjølv, har eg landa på at i operativ teneste bør det vere heilt forbode med religiøse symbol. Og det inneber at korsa og davidsstjernene også skal bort frå halsgropene til polititenestemennene. Men kvifor skal ikkje dei som jobber på kontora få bruke akkurat dei symbola dei vil?

1 kommentar:

æLenn sa...

Enig i at det har dukka opp en del spesielle holdninga i denne debatten. Interessant differensiering mellom operativ (ute-)tjeneste og kontorjobb. Det må æ tenk meir på. Uansett enig med dæ i at det ikke e greit med religiøse symbola når du e "ute i tjeneste". Æ har faktisk sansen for dæmm som sa det så enkelt at "når jeg er på jobb skal jeg ikke ha ytringsfrihet".

Det gjeld næmlig ikke bare religiøse markeringa. Æ e glad vi ikke finn lensmenn med Nei te EU-buttons, for å sei det sånn :-)