Ved ein tilfeldigheit i dag skulle eg oppsummere mine 5 største favorittalbum, og oppdaga til min forskrekkelse at av desse var heile 4 livealbum.
For min eigen del sette eg opp lista over mine 10 favoritter, og jammen er det ikkje mange livealbum der også. Og kvifor elsker eg konsertopptak? Vel, først og framst fordi dei er mindre polerte enn studioalbum. Og fordi dei har ei heilt spesiell atmosfære.
Og så innser eg, til min eigen forskrekkelse, at eg er nesten for glad i mannlege songarar. Eg lover skjerpings.
(Lista er ikkje heilt reell, for eg har nekta meg sjølv å nemne meir enn eit album frå same artist. Særlig fordi det då hadde vore bare dei same som hadde gått igjen).
Lista er sikkert annleis om ei veke, men per akkurat nå ser ho slik ut:
1. 1001 Watt - DumDum Boys (sjølvsagt live)
Min kamerat Arild introduserte meg for dette då eg gjekk på ungdomsskolen. Det er eit vendepunkt i livet mitt. Livet har aldri vore det same sidan. Eg er Arild evig takksam.
2. Live at Sioux Falls - Lillebjørn Nilsen og Steinar Ofsdal (i levande live)
Denne plata har fulgt meg absolutt heile livet. Då eg var liten, var det særlig songen om Oleanna som sette spor - såpass sterke at eg dikta opp ei norskamerikansk dame som bar namnet Oleanna og som budde i mi grandtante og grandonkels anneks. Eg forstod ikkje anna enn songane då. Gjenoppdaga albumet igjen tidleg på 2000-talet, og var brått blitt vaksen nok til å forstå dei utruleg dårlege vitsene som kjem mellom songane også. Eg berre elsker det. Og er så prega at om folk klapper feil, ligg kommentaren "some people are a little out of beat here, should we try again" ytterst på tungespissen min. Inntil eg forstår at det er ein kommentar som berre vil vekke assosiasjonar hos meg. "You know, every time a road is opened in Norway, we celebrate that. It only takes one winter to destroy it completely, and then they have to start from another end."
3. Pilegrim - Odd Nordstoga
Eg mislikte dette albumet sterkt då det kom ut. Eg har vore fan av "Ødd" sidan han song om at jenter var som Solo og whiskey, særleg på grunn av dei fantastiske og ofte småsurrealistiske tekstane. Då Pilegrim kom, var eg framleis høg på "heim til mor", og skuffelsen over det store hoppet frå countrypop med snert til dette meir melankolske og underfundige var stor. Inntil eg hadde høyrt det gjennom fire-fem gonger og kjende at det rørte meg, på ein heilt annan måte enn det han hadde gjort så langt. Og det merkelige er at dette bare blir betre og betre.
4. Live at Chasse - Racoon (surprise: live)
Eg oppdaga Racoon heilt tilfeldig gjennom deira fantastiske song "Love you more". Sidan har eg vore stor fan. Og må inntil vidare leve med dette berre på Spotify, fordi det er uråd å få tak i det i Noreg, og eg på mine x antall turer til Brussel ikkje har funne belegg for påstanden om at det utgis i BeNeLux. Vurderer ein tur til Amserdam berre for å skaffe meg det også i hardt cover.
5. Live at Trafaldamore - Madrugada (overraskande nok: live)
Madrugada er fantastisk sånn generelt. Og enda meir fantastisk live.
6. Amerikabesøk - Jonas Fjeld og Chantham County Line (live)
Eg hadde eit ikkje-forhold til Jonas Fjeld fram til den dagen eg skrudde på radioen og han snakka om bluegrassprosjektet sitt. Eg måtte bare legge turen innom Platekompaniet på heimvegen. Plata er direkte fantastisk. Og også her er kommentarane mellom songane verd plata i seg sjølv.
7. Now - Noa
Eg traff på Noa ved ein tilfeldigheit. Dama har verdas beste tekstar, og eg er sikker på at tekstane hennar aleine kan kurere kjærleikssorg og løyse verdsproblema. Apropos. Ho er israeler og jøde (men oppvaksen i USA), men av yemeittisk opphav, og derfor arabisk av utsjånad. Og har lenge samarbeida med palestinaran Mira Awad, som til gjengjeld ikkje ser spesielt palestinsk ut. Saman arbeider dei i fredsrørsla. Og syng "we can work it out".
8. Morgonstjärna - Ranarim
Dette fantastiske svenske folkemusikkbandet tok heile familien min med storm under Nordsjøfestivalen i fjor. Då dei lokka oss til å komme for å kjøpe plater etter konserten, hoppa brått den tilsynelatande sjenete trommisen fram og sa, åpenbart svært improvisert, "i kveld har vi et spesialtilbud til dykk. Om de ikkje liker plata vår, kan de sende ho i retur til oss. Så sender vi dykk ei plate vi ikkje liker". Uansett: herlig, herlig musikk. Og enda betre live. Eg venter på liveskiva, kjære Ranarim. (Pluss i margen for å ha inkludert Stolt Signhild på reportoaret, sjølvsagt. Men eg var solgt før eg hadde høyrt gjennom plata og oppdaga songen)
9. Liva - Gåte (konsert, konsert)
Eg saknar Gåte. Skikkelig. Så denne plata er vemodig å eige, men heilt inni granskauen fantastisk lell
10. Growing Up - Tsuumi Sound System
Tsuumi Sound System er også eit Nordsjøfestivalband. Desse unge finnene hadde fått ein time til disposisjon, men brukte 2,5. 2,5 fantastiske timar, vil eg legge til. Stakkars Kim Andre Rysstad, som var så trøytt at han knapt klarte å holde seg våken til den intimkonserten han skulle halde så fort Tsuumi var ferdige. Tsuumi er ein musikalsk "energizer", og eg venter også her på livealbumet, dei er nemlig enda betre live.
(Og stakkars KAR, som blei utsett for mi mors euforiske glede og klemme-i-pur-glede-tilstand. Skulle du google deg sjølv og lese dette: orsak. Men det finst ingen eigentleg unnskuldning. Ho berre er sånn. Og ho er framleis lykkelig over at du vann. Det er vi forresten alle saman.).
Og fordi eg var i så godt humør - her er ein liten "appendix"...
11. Waarp - Muse (live)
12. At San Quentin - Johnny Cash (live)
13. Hellbillies: CoolTur (live)
14. Beth Hart: Leave the light on
15. Josh Groban: Awake - og faktisk ikkje liveversjonen av den. For den er platt.
16. Petter Carlsen: You go bird
17. Helene Bøksle: Morild
18. Kim Andrè Rysstad: Tak hardt uti hånd (men kor er Marialyresatsen, Kim Andrè! :P)
19.John Beland: Bare Bones
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar