onsdag, oktober 27, 2010

Visum og valkamp

Dette innlegget er også å finne på LNU-bloggen, men sidan eg rekner med at det finst folk som les min blogg som ikkje les LNU-bloggen, poster eg innlegget også her.


Lørdag til mandag hadde Det europeiske ungdomsrådet (YFJ) si arbeidsgruppe for menneskerettar sitt siste møte, og som LNUs representant i arbeidsgruppa, var eg med. Medan alle tidlegare møte har vore i Brussel, slapp vi denne gongen å vende nasa mot det haustkalde Europolis – NAYORA, Aserbadijans landsråd, inviterte oss til Baku.

Billettane blei tinga i god tid, og fordi alle arbeidsgruppemedlemmer er Schengen-borgarar, trong vi på tingingstidspunktet ikkje å ha fått visum på førehand, men kunne få dette på grensa. Men ei veke før avreise, blei det brått oppdaga at Aserbadijan har skjerpa inn reglementet sitt. Kva gjer ein då? Jo, ein byrjer sjølvsagt med å undersøke om det finst noko som helst slags høve til å få fiksa førehandsvisum. I mitt tilfelle ville det bety ein tur til Stockholm – ein tanke eg raskt slo frå meg då eg forstod at eg også måtte ha førehandsbetalt visumet, og pengeoverføringa frå min norske til deira svenske konto ville ta lenger tid enn eg hadde. Så då var det berre å slå tanken på å reise ifrå seg, igrunnen. Eg låg febersjuk i Oslo og kjende at det igrunnen var like greitt å berre bli liggande.

Men så, torsdag ettermiddag, kom ei noko overraskande melding frå Baku. Vi hadde fått visum likevel. Som det går fram av den aseriske ambassaden i Stockholm sine sider er det ganske vanskeleg å få visum i landet om dagen. Nokre få unnatak finst det, og eit klokt hovud tenkte at «hey, kva om vi gjer eit forsøk på å få ein invitasjon frå eit av unnataka?». Som sagt, så gjort. Unnatak 2 seier at visum kan utstedes «Upon official invitation of the President, Prime Minister, Speaker of Milli Majlis (Parliament), Head of Administration of the President of the Republic of Azerbaijan and Chairman of Ali Majlis (Supreme Assembly) of the Autonomous Republic of Nakhchivan;». Vel. Kanskje ikkje verdas enklaste jobb, men verd eit forsøk. Og det viste seg brått at fordi leiaren i NAYORA er ein god venn av sportsministeren i landet, som kunne gå god for at vi var bra folk sidan vi skulle besøke NAYORA, gjekk migrasjonsministeren himself med på å signere invitasjonen vår – og alle andre papir som var naudsynte for å komme oss av gårde (deriblant brev til flyselskapa om at dei kunne sende oss ombord).

Men kvifor gjere noko i utgangspunktet enkelt, vanskeleg?
At det kom nye visumregler frå 15. oktober har blitt forklart med eit ønske om å hindre korrupsjon på grensa og gjere det mogleg for alle gjester i landet å faktisk vite på førehand om dei får høve til å bli så lenge som dei måtte ønske – og ikkje risikere etter ankomst at dei ikkje får utvida visum. Og det er ikkje tvil om at det har sine fordeler med innskjerping for dei reisande sin del. Men det har vore spekulert i om det ligg ein mindre edel grunn for det: å hindre journalister og observatører tilgang til landet i samband med valet 7. november.

Oppladinga til valet er i full gang, og både på oppslagstavler og i butikkvinduer finn ein plakater som fortel kven ein bør røyste på i det føreståande valet. Skjønt, ein plakat her og ein plakat der gjer ingen valkamp, og samanlikna med alle andre land eg har vore i like før valet, er det overraskande kor lite ein merker at valkampen er inne i si nest siste veke. Men kanskje er det fordi «alle» veit kven som kjem til å vinne valet. New Azerbaijani Party, nasjonalistpartiet skipa av «landsfaderen» Heydar Aliyev og nå leia av sonen hans, president Ilham Aliyev, har sitte med makta sidan 1993, og blir kritisert for ikkje å lede landet etter dei prinsippa som kreves for at det skal kunne kalles eit demokrati. OSSE underkjente meinte at vala i både 2003 og 2007 ikkje er gyldige. Freedom House meiner landet går i feil retning, og rekner dei ikkje lenger som eit «delvis ope» demokrati.

Men meir om menneskerettar, Aserbadijan og Europeiske ungdomsrettar kjem vonleg ein annan dag – nå må eg nesten komme meg under dyna, i morgon går turen til Island og ungdomsforskningskonferanse.

Ingen kommentarer: