Viser innlegg med etiketten reise. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten reise. Vis alle innlegg

torsdag, september 13, 2012

Moderne eventyr

Evjebandet Løvlands allé slapp for nokre veker sidan musikkvideoen til ein singel dei kom ut med i fjor. Songen "Riket i to" er rett og slett historia om korleis livet blir for eventyrkongane som blir sittande aleine på slottet når Askeladden har fått prinsessa og halve kongeriket. På dialekt, sjølvsagt

Eg har hatt sansen for denne songen lenge (og har også lurt den inn i litt undervisning), men videoen har rett og slett løfta songen enda litt. Filmteamet har køyrt Brokke-Suleskar-vegen i eit år, og videoen viser storslått Setesdalsnatur og fine bilete frå fire årstider. Fine folk er her og. 

Sett deg tilbake og nyt!


søndag, mars 27, 2011

Frå kjærleikssong til bysong

Då eg var 14 og akkurat hadde fått gitar til jul, sat eg på rommet mitt og laga songar. Eg hadde ikkje heilt forstått dette her med at ein kan synge ein song på fleire tonar enn den som følger av besifringa, så songane mine blei ganske tonelause og lite spenstige. Tekstane var også så som så (det hender framleis at det er litt pinleg å snuble over dei)..

Men omkvedet til ein av desse "songane" eg skreiv då eg var sånn cirka 14 har i dag spelt på hjernen min. Eg hugser (heldigvis) ikkje kva songen eigentleg handla om, og eg kan ikkje lenger heile omkvedet, men det byrja i alle fall slik: "take me back to the river! Take me back to your love... I'm sorry it happened like this, but take me back to the river!". Eg antek at originalversjonen var eit melankolsk forsøk på (på ganske dårleg engelsk) å fortelle ei rørande historie, moglegvis inspirert av Katherine Patersons Alene på den andre siden, som eg hugser var ei bok eg likte godt, full av ulukkeleg ungdomskjærleik som eg var.

Uansett kva songen opphavleg handla om, er eg heilt viss på at han IKKJE var tenkt å skulle få den meininga han har fått i dag. For i dag har orda spelt i bakhovudet mitt som ein slags "eg-er-lei-meg-og-burde-kome-på-vitjing-snart-song" til Vilnius.

Foto: Wikipedia Commons

Eg er langt over gjennomsnittet glad i Vilnius. Eg var der eit bel meir enn eg var i Noreg, fordi eg var involvert i ymse norsk-baltiske prosjekt paralellt. (Eg kom med andre ord tilbake frå Vilnius for å vaske klede og pakke kofferten for å reise til Vilnius..). Særleg gamlebyen fascinerer meg aldeles, og det i så stor grad at eg altså kjenner i kvart eit fiber i kroppen min at eg må tilbake. Asap.

Det som utløyste min Vilnius-trong var at eg fann att eit postkort. Eit postkort eg hadde planer om å dele med ei dame eg har blitt enig om å dele postkort med på Postcrossing. Men bileta av Gediminastårnet og katedralen gjorde sitt til at det klør i fingra mine til å bestille billett. Har ikkje gjort det enda, men om eg skulle reise tilbake for å bare vere turist, vil det vere første gongen eg er i Litauen utan å skulle ha anna formål enn å vere der. Du verden som det frister.. :)

Fram til eg kjem så langt, får eg varme meg på gode minner. Om då Ragnhild og eg råkøyrte gjennom byen på vei til flyplassen i lag med "min" avbrytande journalist/professor. Om då Ole Aleksander og eg fekk høve til å nesten fryse oss i hel ei tidleg morgonstund midtvinters - eller då Sander nokre månader seinare byrja importen av pizza frå Cili Pica til Noreg. Eller om då min gode litauiske venn I fann ut at han skulle vise meg "snarvegen" gjennom dei eldste bygningene i byen mens mitt norske reisefølge var på shopping sidan det var så billig. Enn så lenge får eg leve i minna. Men snart, snart, kjem eg tilbake til Neris' bredd!

torsdag, februar 03, 2011

Noregsveldets attendekomst?

Eg sit på Kastrup og venter på vidare forbinding til Oslo. Eg har plassert med på «ein random stad», og Norwegian sende meg melding om at eg var velkommen ombord «og her er billetten din» lenge etter at eg hadde henta ut boardingpasset. Gratulerer med den. Men det aller morsomste er strengt tatt det å sitte her og høyre på alle fly det ropes opp til.


Eg klarer ikkje heilt å vende meg til «Norwegians rute DYXXX til Aalborg» og «Norwegians rute DYXXX til Stockholm Arlanda» - frå Kastrup.


Men så er vi jo i det min kamerat MNO kallar «Norges evige hovudstad». Vi er kanskje bare i ferd med å reversere unionen – lenge, lenge etter at den blei oppløyst?

onsdag, oktober 27, 2010

Visum og valkamp

Dette innlegget er også å finne på LNU-bloggen, men sidan eg rekner med at det finst folk som les min blogg som ikkje les LNU-bloggen, poster eg innlegget også her.


Lørdag til mandag hadde Det europeiske ungdomsrådet (YFJ) si arbeidsgruppe for menneskerettar sitt siste møte, og som LNUs representant i arbeidsgruppa, var eg med. Medan alle tidlegare møte har vore i Brussel, slapp vi denne gongen å vende nasa mot det haustkalde Europolis – NAYORA, Aserbadijans landsråd, inviterte oss til Baku.

Billettane blei tinga i god tid, og fordi alle arbeidsgruppemedlemmer er Schengen-borgarar, trong vi på tingingstidspunktet ikkje å ha fått visum på førehand, men kunne få dette på grensa. Men ei veke før avreise, blei det brått oppdaga at Aserbadijan har skjerpa inn reglementet sitt. Kva gjer ein då? Jo, ein byrjer sjølvsagt med å undersøke om det finst noko som helst slags høve til å få fiksa førehandsvisum. I mitt tilfelle ville det bety ein tur til Stockholm – ein tanke eg raskt slo frå meg då eg forstod at eg også måtte ha førehandsbetalt visumet, og pengeoverføringa frå min norske til deira svenske konto ville ta lenger tid enn eg hadde. Så då var det berre å slå tanken på å reise ifrå seg, igrunnen. Eg låg febersjuk i Oslo og kjende at det igrunnen var like greitt å berre bli liggande.

Men så, torsdag ettermiddag, kom ei noko overraskande melding frå Baku. Vi hadde fått visum likevel. Som det går fram av den aseriske ambassaden i Stockholm sine sider er det ganske vanskeleg å få visum i landet om dagen. Nokre få unnatak finst det, og eit klokt hovud tenkte at «hey, kva om vi gjer eit forsøk på å få ein invitasjon frå eit av unnataka?». Som sagt, så gjort. Unnatak 2 seier at visum kan utstedes «Upon official invitation of the President, Prime Minister, Speaker of Milli Majlis (Parliament), Head of Administration of the President of the Republic of Azerbaijan and Chairman of Ali Majlis (Supreme Assembly) of the Autonomous Republic of Nakhchivan;». Vel. Kanskje ikkje verdas enklaste jobb, men verd eit forsøk. Og det viste seg brått at fordi leiaren i NAYORA er ein god venn av sportsministeren i landet, som kunne gå god for at vi var bra folk sidan vi skulle besøke NAYORA, gjekk migrasjonsministeren himself med på å signere invitasjonen vår – og alle andre papir som var naudsynte for å komme oss av gårde (deriblant brev til flyselskapa om at dei kunne sende oss ombord).

Men kvifor gjere noko i utgangspunktet enkelt, vanskeleg?
At det kom nye visumregler frå 15. oktober har blitt forklart med eit ønske om å hindre korrupsjon på grensa og gjere det mogleg for alle gjester i landet å faktisk vite på førehand om dei får høve til å bli så lenge som dei måtte ønske – og ikkje risikere etter ankomst at dei ikkje får utvida visum. Og det er ikkje tvil om at det har sine fordeler med innskjerping for dei reisande sin del. Men det har vore spekulert i om det ligg ein mindre edel grunn for det: å hindre journalister og observatører tilgang til landet i samband med valet 7. november.

Oppladinga til valet er i full gang, og både på oppslagstavler og i butikkvinduer finn ein plakater som fortel kven ein bør røyste på i det føreståande valet. Skjønt, ein plakat her og ein plakat der gjer ingen valkamp, og samanlikna med alle andre land eg har vore i like før valet, er det overraskande kor lite ein merker at valkampen er inne i si nest siste veke. Men kanskje er det fordi «alle» veit kven som kjem til å vinne valet. New Azerbaijani Party, nasjonalistpartiet skipa av «landsfaderen» Heydar Aliyev og nå leia av sonen hans, president Ilham Aliyev, har sitte med makta sidan 1993, og blir kritisert for ikkje å lede landet etter dei prinsippa som kreves for at det skal kunne kalles eit demokrati. OSSE underkjente meinte at vala i både 2003 og 2007 ikkje er gyldige. Freedom House meiner landet går i feil retning, og rekner dei ikkje lenger som eit «delvis ope» demokrati.

Men meir om menneskerettar, Aserbadijan og Europeiske ungdomsrettar kjem vonleg ein annan dag – nå må eg nesten komme meg under dyna, i morgon går turen til Island og ungdomsforskningskonferanse.

mandag, august 16, 2010

Eg skal byrje eit nytt og betre liv! (....trur eg..)

Eg lova einkvan for ei tid tilbake at eg skulle trappe litt ned på reiseaktiviteten min den hausten som kjem. Eg hadde nemleg eit særs hektisk semester denne våren, men full jobb og all avspasering brukt på reising for andre ting. Eg trur nok omgivnadene klaga meir enn eg gjorde.

Men med masterskrivingsspøkelset hengande over meg, slapp orda "eg skal trappe ned" ut gjennom leppene mine. Og eg trur kanskje eg til og med meinte det!

Sit og blar i kalenderen min nå, og det er påfallande mange helger der det ikkje står noko. Eg har 3 sikkert-booka-helger (derav 2 utanlands), 1 kanskje-booka utanlands og to kanskje-booka innenlands.

Men så har det skjedd noko anna merkeleg: det har byrja snike seg inn særs interessante foredrag, debattar og slikt som eg faktisk har planar om å få med meg. Sjekk ut haustprogrammet på Chateau Neuf her - og kryss inn i kalenderen din du og!

Nå er det visst så at ein alltid skal trappe ned gradvis. Og denne veka er det som kjent semesterstart ved UiO. Men eg har ikkje inntatt eseLsalen ennå. Eg kom til Oslo med nattoget i dag morges, og etter ein kort dag (som i all hovudsak bestod av apotekvareleiting - korleis kan det ha seg at farmasøytar ikkje veit kva eit sterilt skiftesett er?!), bar det mot Gardermoen igjen.

Så derfor sit eg nå i København og prøver å innbille meg at eg er trøytt nok til at eg klarer å (a) legge meg snart og (b) komme meg opp igjen klokka 6. Skal vere på Kastrup til 7, for denne veka skal tilbringes på Grønland. Gler meg! Eksotiske Norden!


fredag, mai 07, 2010

Askefast i Tórshavn




Eg sit akkurat nå askefast i Torshavn. Riktignok er det ein time til flyet mitt skulle gå, men allereie i går fekk vi melding om at luftrommet ville bli stengt til i alle fall 12 lokal tid i dag. Vi var ute på spasertur ein annan stad på Streymoy, og fekk ikkje meldinga før etter at Atlantic Airways sine kontor var stengt for kvelden..

Så kva gjer ein då? Jo, ringer SAS for å undersøke prosedyrene. Og dei seier at ein ikkje under nokon omstende må tenke tanken på å ikkje møte opp på det tidspunktet flyet skal gå - det er å regne for ein "no show". Så eg tek det for god fisk, og krangler meg til at resepsjonen skal bestille shuttlebuss til meg, sjølv om resepsjonisten er ganske skeptisk til om det er nødvendig.

Etter nokre timer er vi tilbake på hotellet etter ein utsøkt middag, og resepsjonisten kan opplyse om at shuttlebussen ikkje vil gå, fordi det ikkje er så veldig mykje vits så lenge flyplassen er stengt. Det er på tide å endre strategi. Eg bestemmer meg i staden for å satse på at dei er ein smule fleksible, og at eg kan ta sjansen på å kommme med ein buss som eigentleg er for sein - om eg i det heile tatt må komme med. Telefonen på flyplassen åpner klokka 8, men kontoret i Køben åpner kl 7 - altså 6 her. Så eg finn ut at eg like godt kan sørge for å vere oppe til 6, og dobbeltsjekke behovet for å kaste meg rundt og komme avgårde.

Han som tek telefonen i Køben, er kanskje den triveligste dansken eg har snakka med. I alle fall så langt i dag. Eg spør så pent eg kan om det virkelig er så at eg må vere på flyplassen til normal tid, og prøver å mane fram den stemmen som somregel tek seg best ut med dådyrblikk, sånn at eg kan forhandle meg til å komme for seint til opprinnelig innsjekk. Og dansken seier "men KÆRE DEM! Bli endelig hvor De er! Hva skal De lave der ude i mange timer?". Han legg til at han håper eg har hotell og evnen til å følge med, for melding om kva ein skal foreta seg kjem vonleg klokka 12, men det er sannsynleg at det ikkje vil vere mogleg å fly i det heile tatt i dag. Alt i ei tone som er så kjærlig at eg nesten blir forelska. Om ikkje i han, så i alle fall i Atlantic.

Eg tenker i mitt stille sinn at om vi ikkje kjem i gang i dag, synes eg dei kan drøye til søndag med å åpne luftrommet. Sånn at eg kan gå på Teiturkonsert på Nordens Hus. Men med min flaks går sikkert flyet i lufta kl 19:30 laurdag.

Men konsert eller ikkje: nå skal eg, om så bare for nokre timer, NYTE Færøyane.

----
Dagens låt: Havnin er ein lítil bygd. Teitur: Kata Hornid. 2007.

fredag, mai 22, 2009

Så definitivt ikkje min dag..

Eg sit akkurat nå i Brussels, på eit fantastisk hotellrom på Luxemburg. Skal tilbringe helga på møte i European Youth Forums arbeidsgruppe om menneskerettar (også kjend som YFJ HRWG for dei veldig innvidde). Men det kjennes som eit lite under at eg i det heile er her.

Før eg forklarer kvifor, bør eg seie at eg er eit slikt menneske som liker å vere ute i god tid. Eg pleier derfor å seie til meg sjølv at eit fly som går 1145 går 11, slik at eg har ein god buffer in case of emergency. Problemet var at flyet mitt skulle gå 12, og seinaste check-in var 11 - og eg hadde sagt "12" til meg sjølv. Eg tok derfor utgangspunkt i at eg hadde litt god tid. Akk sann.

Av "ulike årsaker" fekk eg ikkje heilt til å stå opp 930, slik eg hadde tenkt. Men då klokka var nokre minutt over 10 var eg ferdigdusja og i fullt firsprang ut mot t-banen, fullt bestemt på å nå ein bestemt bane. Eg skal først krysse trikkesporene til 13-trikken, deretter springe over tilbringerveien til ring 3. Alt vel så langt. Inntil eg oppdager at det er ein 13-trikk på veg mot meg, og eg bestemmer meg for å løpe over skinnene før den nærmer seg, slik at eg kan klare å slippe å bli ståande, og dermed nå over veien på grønt lys - og t-banen. Joda.

For brått ligg eg langflat i trikkeskinnene. Hjulet på min fantastiske lille koffert har satt seg fast i skinnene, og der låg eg. Møkkete og full av skrubbsår på både hender og føtter var det bare å traske i veg - for å konstatere at banen var gått før eg kom på perrongen.





Så eg måtte bare vente på neste. Og dermed rakk eg ikkje 10:30-flytoget. Flytoget bruker minst 19 min frå Gardermoen til Oslo S - med andre ord var neste flytog, 10:45, garantert for seint inne til siste check in klokka 11.

Kva gjer ein då? Jo, ein ringer pappaen sin. Sender passordet til eposten på sms og smiler pent til verdas beste pappa og spør om han kan logge seg inn på eposten, finne check-in-eposten frå flyselskapet og sjekke meg inn over nett. Snille, snille pappaen min gjer som han blir bedt om. Problemet er bare at sida meddeler "vennligst vent" i intet mindre enn 20 minutt.

Eg sit på flytoget og funderer på kva i helsike eg skal finne på å gjere om eg ikkje kjem med flyet. Om eg må prøve å grine meg til plass, eller om eg må finne på noko anna. Heldigvis slepp eg ta til tårene - dama bak innsjekken på Gardermoen seier at eg får lov til å vere med flyet, men også at eg allereie er sjekka inn!

Vel installert på flyet viser det seg at det er tomt for mat, eg kan velge mellom øl, brus og chips. Tænkjuverrimøtsj, eg hadde ikkje tid til å spise frokosten eg hadde tenkt å spise på Gardermoen. I det eg går ut av flyet kjenner eg at mitt venstre kne liker forholda SVÆRT dårlig. Det har ikkje vore godt på mange år, men nå har det fått seg ein real trøkk, og deretter fått gleden av å sitte stille. Det er med andre ord meint til å gå gale.

Men eg kom meg nå fram til slutt, og fekk meg frukost sånn lenge etter lunsjtid ein gong. Og kjenner at eg saktens skal klare å hinke meg fram i nokre dager.



----
Eg gjenopptar forsøket med å finne ein passande song til kvart eit innlegg, og derfor:

Soundtrack: Møkkamann. DumDumBoys. Sus 1996.

fredag, februar 13, 2009

Då og nå


Eg er i snøfylte Vilhelmina i Nord-Sverige. Vilhelminas nabobyar heitter Frederika og Dorothea, og alle tre er oppkalla etter Dronning Frederica Dorotea Vilhelmina, som fekk desse små stadane i Lappland som morgongåve. Og byane bytta namn til hennar namn.

Og eg kan ikkje unngå å fundere på korleis det hadde vore om nokon nåverande skandinaviske monarker hadde gjort det same? Om t.d. Harald hadde gjeve Sonja Koppang i gåve, og Koppang over natta skulle endre namn til "Sonja". Og stakkars den plassen som hadde måtte fått det upraktiske namnet "Mette-Marit"..

lørdag, januar 17, 2009

Stolt Signhild


Då eg var liten, var eg ganske pisst på at det stadig heitte at i namnebøkene at Signhild "er et nyere sammensatt navn". For det stemmer ikkje spesielt godt med røynda. Eg har vakse opp med folkevisa om Stolt Signhild, ei folkevise som går attende til 1500-talet - som handler om ei kvinne som ikkje berre har bein i nasa, ho slær mannfolka ned i støvleskafta (bokstaveleg tala til og med).

Og i dag oppdaga eg ganske tilfeldig i dag at namnet mitt ikkje berre er brukt til ei av dei kulaste kvinneskikkelsene frå mellomalderen, det finst jaggu ei Sankta Signhild. Ho er avbilda på eit Ålandsk frimerke, og der ser ho slik ut:

Det ligg ei ganske artig legende bak denne helgenen, sjølvsagt. Og her fann eg denne kortfatta utgaven av teksten - som igrunnen er ganske kul.

Legenden säger att Signhild var en engelsk prinsessa som fick veta att hon måste gifta sig med en norsk prins. Tillsammans med sin nattvardsfader, sina tjänarinnor och sin älskade häst seglade hon så mot Norge. När hon kom fram fann hon att prinsen var död. Istället bestämde sig Signhild för att förkunna Vite Krist till folket uppe i norr. Signhilds skepp led ett svårt skeppsbrott i en ruggig storm och hamnade på Åland. Många dog, men på något sätt lyckades Signhild ta sig iland på Isaksö i Geta. Hon red iland på sin vackra häst och stället där den mytomspunna Sankta Signhild red i land finns kvar än idag och kallas Drottningkleven.

Frå før har eg fått med meg, av alle ting takk vere Bokklubbens omsetting av Sverres Kongesagaer, at det ved Gamle Sigtuna utanfor Uppsala ligg eit fjell som heiter Signhildsberg. Det viser seg å vere av nyare dato, og har sitt opphav i historia som er illustrert på det øvste biletet. Historia anbefales - og kan lesast her.

Kjære Signhild - vi skal på tur! Og eg trur jaggu vi skal utvide reisemålet frå "berre" Uppsala til også å fare til Åland.


---
Dagens song: Stolt Signhild. T.d. i Jenny Mortensens Trios versjon.

torsdag, januar 01, 2009

GODT NYTT ÅR!


Godt nytt år! Håper det nye året bringer med seg mykje godt!

Her hikkes det champagne og vin etter ei fantastisk artig nyttårsfeiring i B13 mens vi høyrer på the Killers og veldig snart er i ferd med å pakke til København. Vi reiser i morgon formiddag, og trosser både kuldegrader og lillesøsters horoskopopplesning, som melde frå at krepser ikkje burde reise i 2009.

mandag, november 24, 2008

Tyven tyven

Det finst mange tidstyver. Og særleg nå som eg sit her og skal skrive eksamensoppgave. For som eg tidlegare har skrive her, digger eg "tilfeldig side"-knappen på wikipedia. Og i dag har eg fått ein ny slik "dille" - UD sine landsider. Farlig farlig kor mykje interessant det står der - og kor full av reiselyst ein blir!

Dessutan er sidene herleg udiplomatiske i sin språkbruk. Teksten under er frå informasjonssidene om Armenia, avsnittet om transport. Eg innser i alle fall at eg ikkje skal bli samferdsleminister i mitt påståtte framtidige heimland...

"Vestlige bilutleiefirmaer er etablert i Armenia, men det anbefales å leie bil inkludert sjåfør. Dette fordi veinettet er meget dårlig, og ikke skiltet, og fordi kjørekulturen er svært forskjellig fra den vestlige. (....) Offentlig transport er upålitelig og ukomfortabel, og derfor ikke anbefalt."

lørdag, april 28, 2007

Mitt land Europa


Ifølge http://www.world66.com/myworld66/ og deira litt utvida Europa-definisjon, har eg vore i 31% av Europa når eg i juni også har vore i Italia og Vatikanet. Interessant nok har dei ikkje lista opp Færøyane som eit land når ein skal få sjå på Europakartet, medan same landet er eit eige land i verdskartet. Men då får eg legge til at eg faktisk HAR vore på Færøyane, og at eg gjerne vil tilbake dit ein dag..