søndag, mars 20, 2011

Eit samla Senterparti

Nå er eg komen attende til hovudstaden og studerkammeret etter fire aldeles fantastiske landsmøtedagar på Hell. Det har vore hardt arbeid, lange møtedagar, trivelege festar, mykje dans, latter og song. Og heldigvis mykje god politikk.

Somme har meint at dette landsmøtet politisk har vore eit "keisamt" landsmøte, for det var ikkje dei veldig store kampsakene på møtet (og særleg ikkje etter at spørsmålet om tidleg ultralyd blei oversendt sentralstyret). Dei har nok ein smule rett, men det er ganske naturleg at det blei slik akkurat i år. Valet vi står føre er eit lokal- og fylkesval. Då skal valkampen handle om kva ein ynskjer å få til lokalt, og det er lokal- og fylkespartia som skal sette den politiske dagsorden og bestemme kva Senterpartiet vil gå til val på.

Men det er sjølvsagt også nokre saker som partiet vil køyre på som hovudsaker i heile landet, fordi dei er viktige over heile landet. Skole, samferdsle, omsorg og næring vil vere SP sine hovudprioriteringer, og vi vedtok i helga fempunkt-programmer på desse temaa. I tillegg vedtok landsmøte ei rad gode fråsegner, sjølvsagt. Vi har mellom anna konkretisert kva innhald som trengs for å kunne definere noko som eit lokalsjukehus, vi har gått i bresjen for inntektsløft i landbruket og stilt krav om skjerping av oljevernberedskapen. Og, ikkje minst, så har vi vedteke at vi ynskjer ei styrking av unges økonomi.

I Senterpartiets grunnvoll ligg tanken om eit samfunn styrt nedanfrå og opp. Derfor er også landsmøtet staden der grasrota talar til partileiinga, og ikkje motsett. Eg var på mitt første partilandsmøte i 2005 og har sidan vore fast inventar. Det er så påfallande korleis partileiinga held seg borte frå talerstolen - for det er ikkje dei som skal dominere den. Det betyr sjølvsagt også at når partileiinga har sterke meininger på ulike felt, er nok SP-landsmøtet meir lydhøyr enn det ein er i andre parti. Det er også fascinerande korleis det gjerne er dei som er på sitt første landsmøte som stiller spørsmål til eller retter krav mot partileiinga - og leiinga er ikkje redd for å svare.

Etter ein turbulent haust - allereie utnemnd som partiets annus horribilus - framstår senterpartiet meir samla enn nokon gong i dei åra eg har vore med. Stemninga har vore fantastisk.

Og om nokon skulle finne på å lure: Liv Signe blei vald til partileiar med EI blank røyst i korga. Både på det ekstraordinære landsmøtet då ho tok over og på førre landsmøte var talet på blanke røyster tosifra. Ho står sterkare enn nokon sinne, uansett kva VG måtte finne på gje inntrykk av at er tilfelle i landsmøtesalen.

Til alle som var der: takk for laget! Vonar de sørger for kjærleg pleie for slitne danseføter! :)

Ingen kommentarer: