tirsdag, mars 01, 2011

Politikk + musikk = ?

Bosnia-Hercegovina har frigjeringsdag i dag, eg har brukt det som ei god unnskuldning for å lytte litt ekstra til artistar frå BiH. Her har Dino Merlin og Dubioza Kolektiv fått lov til å speles litt ekstra over høgtalarane for å underhalde ei elles ganske forkjøla (og dermed tunghøyrt) Signhild. Skal ein samanlikne dei med nokon i Noreg (ei samanlikning som uansett blir litt søkt), blir dei som høvesvis Bjørn Eidsvåg (DM) og Gatas Parlament møter Hopalong Knut (DK).

Brått slo det meg at desse to banda har ein ganske annan fellesnemner enn det at dei begge syng på bosnisk. Dei er nemlig politiske i sine tekster og i sitt virke, og begge jobber dei aktivt for eit samla land på tvers av etniske og religiøse skiljeliner. Nå skal eg på ingen måte påstå at dette er ein like viktig misjon hos begge - for hos Dubioza er poltikken i ryggmargen. For Dubioza er det fundamentalt å "provosere fram" politikk hos den som høyrer på - for det verste som kan skje, er at folk er likegyldige. Det betyr ein kritikk mot systemet når det ikkje fungerer, og ein kritikk mot politikarar som ikkje gjer jobben sin når dei ikkje gjer det. Dei nekter å tone partipolitisk flagg, sjølv om politikken ligg som base i det dei gjer. Det er viktig, for som Ajdin Husic så fint sa det til Balkan Insight: “They give hope that in time, a force will arise that is able to change things for the better.”

I valet i BiH i haust blei Dubioza tonangivande. Særleg på grunn av songen om Walter - ein superhelt som ikkje lenger er så super. Eg har blitt fortald at Walter var ein kjend figur i det tidlegare Jugoslavia, og at det kan ha medvirka til suksessen. Anti-superhelten slo såpass godt an at då røystene var tald opp, var posisjon blitt oposisjon - og valvinnaren brukte si takketale til å seie at "Walter vann til slutt".




Det fascinerer meg at vi i Noreg, som visstnok skal vere verdas beste land å bu i, manglar ei kobling mellom politikk og musikk. Rett nok har vi ein del visesongarar med tekstar som lett plasserer dei på høgre-venstre-aksa, nokon som rapper om kvardagsrasisme og somme trøndarar som toner flagg, men på eit gjennomgripande plan er det lite samfunnsdebatt å spore blant våre tekstsmedar. Og kanskje var det derfor denne vonleg komande kommunepolitikeren blei ganske godt nøgd då eg i stad oppdaga at det er laga ein eigen song mot Datalagringsdirektivet. Eg tviler på at den vil kunne flytte fjell, og tviler vel cirka like sterkt på at den vil vere starten på ei politisk bølge i norsk musikkliv, men det er jo lov å drøyme..


Gå til Urørt for å finne ut mer om låta og artisten


Ingen kommentarer: