Landsmøte,
Det skjer noko merkeleg i den europeiske offentligheita om dagen. Medan det i åra etter 1945 har vore illegitimt å inndele menneske på bakgrunn av genetikk og oversjå personlegdommen, opplever eg at det brått har blitt «lov», også her heime.
Vi har sett det i haustens «fleirkulturdebatt» i kjølvatnet av kronikken til Christian Tybring-Gjedde og Kent Andersen. Vi ser det i Danmark, Frankrike og Belgias ønske om forbod mot bestemte muslimske kvinneplagg på offentleg plass. Vi ser det i Sarcozys massive bortvisning av sigøynarar frå Frankrike.
I Danmark vedtok dei for nokre veker sidan at det finst ghettoer i landet. Desse ghettoane er kjenneteikna ved 40% eller høgare innvandringsandel. Ein har politisk bestemt at desse «ghettoane» er i ferd med å utvikle seg til parallellsamfunn, og for å unngå dette, vil ein lokke innvandrarane UT og danskene inn.
Landsmøte, eg har nyleg funne ut at det samfunnet eg vaks opp i, ville vore ein ghetto etter dansk standard. I klassen min på ungdomsskolen hadde godt og vel 1/3 ikkje-vestleg bakgrunn. Inkluderer vi halvdanskene og slikt, er vi oppe i 2/3 innvandringsbakgrunn.
I min barndoms bydel fanst det eit parallellsamfunn. Der måtte jentene gå i lange skjørt. Dei gjekk på eigne skoler, og dei hadde religiøse heilagdagar vi andre ikkje ante at eksisterte. For oss som gjekk på den offentlege skulen var det noko merkeleg å sjå desse utrolig trivelege folka i nabovegen ta skolebussen kvar morgon – dei var så nære oss, og likevel så langt borte frå vår virkelighet. Eg trur til og med dei hadde matretter vi aldri hadde høyrt om. Men noko seier meg at i både den danske og Tybring-Gjeddeske virkeligheita ville desse IKKJE vore definert som eit parallellsamfunn – fordi dei tilhøyrer ei heilt særeiga kristen menighet og alle kan spore genene sine tilbake til Harald Hårfagre.
Mennesket søker av natur det kjende og nære. I 8th avenue kunne dei inntil nyleg snakke norsk i delikatessebutikken, som selde heimelaga kjøttkaker, Hennig-Olsenis og norsk melkesjokolade. Og nett slik norsk-amerikanerene har klumpa seg saman i USA, søker innvandrere i Noreg seg tidvis saman med dei som snakkar sitt eige språk. Det er ikkje nødvendigvis eit problem – problem blir det først i det dei lukker seg og berre forheld seg til seg sjølv.
Eg meiner ikkje å seie at det ikkje finst utfordringer. Også mitt barndoms Hånes var prega av uro. Særleg var det eit uroprega samfunn då arbeidsløysa var stor. I frustrasjonen over ingenting å gjere, begynte gatekampene. Men dei tok slutt fordi lokalsamfunnet sjølv tok ansvar: ein mobiliserte lokale natteravner, og ungdommene følte at nokon brydde seg.
Vi løyser ikkje integreringsproblemet med å sjå på det som eit isolert problem. Vi løyser det først om vi ser på individet og den einskildes behov. Vi løyser det først når vi ser menneska. Då kan vi unngå parallellsamfunn, men det krever at vi åpner oss. Det krev at vi er trygge på den norske kulturen, og er villige til å dele vår kunnskap om det å vere norsk med dei som ikkje forstår oss. Og den som trudde at nordmenn var enkle å forstå, bør lese Wikitravels forklaringer på norsk åtferd.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar