
Det er det ingen som veit, dessverre (eller heldigvis). Eg har bøker ståande framme her, bøker ståande framme hjå opphavet og bokkasser på bokkasser både her, hjå opphavet og i opphavets lager. Eg ser med skrekkblanda fryd fram til den dagen eg får samla alt. (Ikkje minst lurer eg på kor mange bøker eg har tre av...). Men eg sa som sant er, at eg har ein 15-18 meter med bøker her. Dei hadde nettopp teke UngDataundersøkinga, der det kjem fram at 1 meter er ca 50 bøker. Ein kar på framste rad rekna seg fram til at det skulle bety ein stad mellom 750 og 900 bøker. Kremt. (Han gav seg i kast med å rekne ut kor mykje penger eg hadde brukt på dei bøkene. Det reknestykket gjorde meg akkurat skamfull nok til å puste letta ut då eg såg at minst to av desse metrane er dekte med utrangerte skulebøker frå då jobben rydda biblioteket..)

![]() |
Den lille bokhylla passa perfekt der ho er kjøpt for å stå, og ikkje spesielt godt der ho står nå (det grå i enden er sofaen min..) |