Viser innlegg med etiketten Dans. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Dans. Vis alle innlegg

onsdag, februar 02, 2011

Konkurranseinstinktet slår (ikkje) til igjen

Eg byrja visst eit "nytt og betre liv" i januar. Ikkje som i massiv omveltning av livet mitt, men som i at eg har byrja å trene sånn ein gong innimellom. Og la deg nå ikkje lure av mi falske beskjedenheit, kjære leser. For "sånn ein gong innimellom" betyr ikkje nødvendigvis 1 gong kvar 4. veke. Dei siste to vekene har gjennomsnittet mitt ligge på 3 gonger i veka. Og frå å ligge på 0, føler eg det er nesten i overkant.

Og kvifor? Først og framst fordi eg kjenner at når eg deler tida mellom soving, vasing, masteroppgåve og organisasjonsverksemd, blei eg heilt nøytt til å sørge for å få satt kroppen i rørsle innimellom også - og litt meir enn berre i det eg går til og frå trikken på veg til eller frå Blindern. Eg vil sjølvsagt ikkje bli lei meg om eg får muskler og kondis også, men det er altså ikkje primært derfor. Enda eg veit om meir enn ei handfull som vil meine at det er eit enda betre argument for å begynne å trene. Men sorry mac, akkurat det funker ikkje som hovudmotivasjon for mitt vedkommande.

Så derfor er det dans mandag og tirsdag og symjing minst 1 dag i veka. Strengt tatt bør eg minst doble symjeverksemda, for min symjepartnar A har nemlig bestemt at vi skal ha klart å symje minst 10.000 meter innen 31. mars. Grunnen finn du her. Så langt ligg eg på 1.100. A på det dobbelte, eller deromkring. Etter at A i dag utbraut "eg trudde EG var treig til å svømme - så traff eg deg" begynner eg sjølvsagt å fundere på om målet er alt anna enn realistisk, men i neste nu kjem eg på at eg er 1/10 på veg. Me skal koma, um inkje saa braat, som salig Aasen sa det.

Og sidan A sin hovudmotivasjon ligg i konkurransen, og ho ligg påfallande mykje lenger framføre meg i å nå målet ho har sett for oss, fann eg ut at eg skulle iverksette ein intern konkurranse i bassenget i dag. Eg berre gløymte å fortelle ho om den. Eg bestemte meg for å klare å slå ho i første halvrunde i bassenget, altså første gonga vi svømte bassenget på langs. Og eg fekk det til. Deretter slo ho meg ned i støvleskafta, som venta. Men min spontankonkurranse medførte at hennar konkurranseinstinkt blei meir enn vekka, og før eg visste ordet av det, låg ho ikkje berre ein bassengrunde framføre meg, men to fram-og-tilbakerunder. Eg var trøysta til den gamle mannen ved siden av meg - eg var ungdommen som IKKJE svømte forbi han. Nokon må jo vere det også!

tirsdag, januar 11, 2011

Dans! Dans! Dans!

Eg har gjennomført årets første "treningstime" i dag, kurs i selskapsdans i lag med min kompis S. Inkje mindre enn 4 år etter at vi første gong snakka om at vi skulle melde oss på dansekurs i lag, klarte vi å få det til å klaffe. For dei som måtte minnest mitt innlegg om resirkulerte nyttårsforsett, kan det avslørast at eit av måla frå 2009 nå er i ferd med å settes ut i livet: meir rørsle.

Etter først ein time med vals, chachacha og tango og så ein kombinert spaser- og trikketur heim er eg støl i alle merkelege musklar eg ikkje mintes at eg hadde, men tre gonger meir våken enn då eg stod opp. Sidan eg sov heile 4 timar i natt og har vore stuptrøytt i absolutt heile dag, føles dagen herleg snudd opp ned. Igrunnen er eg ganske lukkeleg etter dagens økt. Faktisk så lukkeleg at eg gjer det eg sjølv hatar at lykkelege menneske gjer: nemlig å skryte av det, og anbefale alle å finne same kuren.

Men sidan alle gode ting er sagt av nokon annan før, gjer eg Lee Ann Womack sine ord til mine, og kjem med følgande oppmoding:
When you get the chance
To sit it out or dance
I HOPE YOU DANCE!

fredag, desember 31, 2010

Resirkulerte forsetter

Nytt år, nye lodd. I det ein går over frå det eine året til det andre, fortel ein seg sjølv og andre alt det ein skal gjere for at ikkje berre året, men også mennesket, skal bli nytt. Eg er intet unnatak. Nyttårsforsettene har ein eigen tendens til å bli rabla ned på årets siste dag. Det er liksom ein del av gamet.

Men så kom eg på at eg trudde eg hadde skrive årets liste ein gong før. Ein liten sjekk, og så, joda: trur du ikkje eg laga nyttårsforsetter i 2009 og publiserte dei fordi eg tenkte at "då må eg jo halde dei også når eg har kringkasta dei til (potensielt) heile verda, og ikkje berre skrivebordsskuffa!". Men blogghukommelsen er kort - og kanskje var det også derfor eg blogga så mykje i januar 2009 - for at folk ikkje skulle kunne få sjå dei med mindre dei leita?

Så nyttårsforsettet for i 2011: resirkulere dei frå 2009.

Sidan eg har lært, blant anna av Bente, at resirkulering er bra, gir eg meg sjølv ein klapp på skuldra for å vere mijøvennleg når eg gjer det. (Eg skriv dei jo ikkje ut på papir heller når eg allereie har dei i bloggform..)

Eg vurderer sjølvsagt å ha som mål for 2012 at eg berre kan resirkulere dei frå 2011 (som i tur er dei frå 2009). Men sidan dette med resirkulerte nyttårsforsett fort kan bli den soveputa ein trass alt eigentleg ikkje skal ha bruk for alt i byrjinga av januar, har eg allereie gjort nokre spede avtalar som kan hindre at resirkuleringa kan bli realitetshandsama.

Allereie FØR nyttår har eg skaff meg minst ein, moglegvis tre, dansepartnar(ar) - og moglegvis til to heilt ulike danseformar. Og så har eg skaffa meg ein symjepartnar, som vonleg har lyst til å bli frukostdeit, slik at vi begge har ein god grunn til å vere på lesesalen klokka 9 sjølv på ein grå måndag morgon. Og eg har opptil fleire kinodeitar klare, og då slapper eg jo godt av.

Nei, nå føler eg eg kan slappe godt av, for 2011 har gode føresetnader for å bli eit godt år. Det gjeld visst berre å ikkje slappe FOR godt av!

GODT NYTT ÅR (om nokre timar)!

onsdag, desember 31, 2008

Dans!

Eg held på å skrive eksamen, som ein kan sjå. Og tenkte eg skulle dele følgande med den som tilfeldigvis måtte komme innom denne side. Skulle gjerne ha gitt lenke til musikkvideoen, men ettersom den er stengt, måtte det bli som nokons heimesnekra You Tube-film i staden. Og det er ikkje så farlig, får då får ein teksten også.

Håper at denne songen kan vere eit godt motto for det nye året. Når du får valget mellom å sitte og å danse - dans!

Klikk her og ENJOY!