fredag, april 17, 2009

Ei Lista, Lister.

Det finst songar for ALT her i verda. Og eg har gjenoppdaga eit av mine favorittalbum i natt, Noas "Now" frå 2002. Og eg kjende meg svært brått svært ferska av songen "Worry Doll".

For kva har eg gjort i natt? Jo, i staden for å a) skrive ferdig notatet eg må levere før eg kan sove og b) sove, har eg igrunnen surfa facebook og laga lister. Gjeremålslister, handlelister, ønskelister, potensielle bloggelister (som aldri blir blogginnlegg - så i praksis betyr det "liste over ting som er kjekke/artige/keisame/osb. å hugse") og lister over fotofiler.

Men eg har eit lite stykke igjen før eg er HEILT der Noa skriv om:


lists
i make lists
of all the things that i need to fix
of all the things that I'm not prepared for
of all the many things that i dread

lists
i make lists
of all the things i tried for, but missed
of all the things i gave up, but cared for
of all the words of love left unsaid

3 kommentarer:

Kristine sa...

Haha, du Signhild, du Signhild^^

Viss det er nokon trøyst, så var eg ute på sirka det same i går.. Men for min del var det pakking som var det heilt store. Eller mangel på pakking, kjem litt ann på korleis ein ser det.

Johannes sa...

Signhild!

Signhild Stave Samuelsen sa...

Hehe, eg er veldig god til å legge klar kleda, men ikkje pakke dei ned i kofferten.

Og ja, kjære Josh? Var det noko?