onsdag, juni 03, 2009

Eksamensmarerittet og kreftene du ikkje veit du har før du treng dei


Illustrasjonsbilde av lesesalspulten min tatt ca 12 timer før marerittet inntraff.

Det er rart korleis det vert, uansett kor godt ein planlegger ting, og uansett kor god tid ein har brukt på ting, ender det opp med å ferdigstilles i siste sekund. Særleg gjeld det meg, trur eg, og særlegsærleg gjeld det når eg har eksamen. (Og ja, det skal stå "når" og ikkje "då". Kvar gong når og den gong da, remember?)

Hos meg gjeld prinsippet "ingen heimeeksamen uten våkenatt siste natta". Det har vist seg at uansett kor mange dagar eg har til rådvelde, ender eg opp med at siste natta tilbringes føre datamaskinen med enorme mengder bøker, mykje kaffi, mykje tid, mange liter cola light, mykje sukkerholdige varer - og hyppige dopauser. Og heldigvis ein god del skriving.

Natt til i går blei atter eit sånn natt. Eg hadde skrive kring 1300 ord (av 3000-4000) før eg drog heim for å ha skrivenatt, men hadde, for første gong på veldig lenge ganske god kontroll på KVA eg ville ha på papiret. Då klokka var ti over halv åtte på morgonen og sola tok turen inn gjennom vinduet igjen, og eg kjende eg var godt fornøyd med mine då 3600-og-nokre ord. Skulle skrive to setninger til, legge meg nokre timer og så stikke på Blindern for å printe ut og lese gjennom.

Så låser maskinen seg. Totalt. Det er bare ein ting å gjere: skru den av og starte på nytt. "Jaja, det er vel ikkje meir enn maks eit kvarters skriving den ikkje har tatt vare på", tenkte eg. Heldigvis var trongen til å sjekke kor mykje eg måtte skrive på nytt større enn trongen til å legge meg umiddelbart. For då eg åpna fila att, sette maskinen igang ein såkalla recovery-prosess. Og det einaste fila den gjenoppretta fila inneholdt, var dei 1300 orda som var å finne på fila før ei satt oppe heile natta.

Eg kjende eg hadde to ting eg kunne gjere: (1) legge meg ned og grine og slå til noko rundt meg så hardt at eg fekk vondt i armen eller (2) berre jobbe vidare ut frå det eg hadde. Eg skal innrømme at det var scenario 1 som frista mest. Men samstundes kjende eg at det faktisk var heilt uaktuelt å gjere - eg hadde jo 7 timer på meg til eg måtte levere, og det MÅTTE jo bare gå. Så eg kasta meg rundt og byrja skrive. Problemet var heile vegen at eg ikkje ante om eg hadde skrive det tidlegare i den innleverte teksten, eller om eg hadde skrive det i det som blei "kasta", men eg måtte bare skrive og skrive. Men aldri har det vore så enkelt, for eg hadde jo kanonpeil på kor ting skulle vere. På eit eller anna vis gjekk det toleg. Eg fekk både korrekturlese og sjekka somme kjelder før eg leverte, berre 10 min for seint (men med fantastiske TF gjekk det heilt ok).

Har lese gjennom oppgaven nå i dag, og joda, det er ikkje alt som heng saman, og det er dessverre slik at nokre av poenga eg refererer til har falt ut. Men pytt, den er levert og eg trur eg tør spå at eg i alle fall står på denne, sjølv om eg nok ikkje svarer 100 % på oppgava.

Men eg må ærleg innrømme at eg stussa veldig på kor eg klarte å hente desse kreftene til å gjennomføre frå. Eg hadde sove minimalt natta før, og 2 x 20 min i løpet av natta, og likevel var eg heilt lys våken frå eg oppdaga at eg ikkje hadde teksten og til den var godt og vel levert. Og vel kan noko av det sjølvsagt plasseres på konto for at må ha gått enorme mengder oppkvikkande koffein gjennom kroppen min, og det kan saktens vere ein faktor i forklaringa - men heile sanninga ligg ikkje der. Ganske langt derifrå. Derimot er det noko med at vi menneske er skapt med eit enormt "reservebatteri" - dei gongene det er absolutt nødvendig, får vi til å kaste oss rundt og bruke desse kreftene vi tapper frå reservene. Det er dette "batteriet" som gjer at ein klarer å kaste seg rundt og gjennomføre både helvetesveka i militæret og heimeeksamener sjølv etter at ein under normale omstende ville gitt opp.

Etter ein spasertur til Majorstua, tok eg trikken heim for å fores igjen, og kom på den lure ideen at eg skulle legge meg på sofaen og sjå film berre for å slappe av, før eg skulle på Rådhuset for å drikke sjampis og spise kanapear med Fabian - nærmere bestemt det fantastiske feire Barne- og Ungdomsrådet i Oslo sitt 25-års jubileum. Men eit eller anna tidspunkt mot slutten av Jane Austen Book Club sovna eg av utmattelse - og vakna først i det tilstelninga var i ferd med å ta slutt. Så mykje for at eg blei solbrent på laurdag i mitt forsøk på å få litt farge på meg før eg tok på den grøne kjolen eg hadde tenkt å ha på meg, liksom.



---
Tired. Thom Hell. I love you

2 kommentarer:

Kristine sa...

Okei, eg trur kanskje eg hadde dødd litt, dersom eg var deg. Fy søren, kvifor skjer alltid sånn når ein treng det minst?!

(Og ellers, imponert over kor ryddig du held arbeidsplassen din).

Signhild Stave Samuelsen sa...

Det var litt sånn: anten måtte ein berre gi opp, og dermed miste både studiepoeng og anna fint, eller så måtte eg bare klare det.

Og arbeidsplassen er ikkje så ryddig, eigentleg. Du skulle sett til høgre for og bak maskinen, og oppå bøkene i bokhylla. For ikkje å snakke om på dei to pultene ved siden av min.. Kremt. Det er vel ganske sannsynleg at "nokon" brukte tre pulter heile den helga, ja.