onsdag, september 15, 2010

Å vere konsekvent, men rettferdig og rimelig

På fredag i førre veke blei 71 Kosova-serbarar tvangssendt ut av landet i ein samla aksjon. Samtlege har fått avslag på sine asylsøknader, og sendes derfor ut. I Vadsø har dette ført til SMS-aksjoner og trussel om tilbakelevering av integreringsprisen kommunen fekk for to år sidan. Bakgrunnen er at desse 22 som nå blei sendt ut frå byen, både oppleves som godt integrerte og tilførte byen sårt tiltrengt arbeidskraft. Dei trekk fram som hovudargument at mange av desse var barn - og at fleire av barna har vore her lenge.

Det er forståeleg at lokalsamfunnet reagerer. Det gjer vondt å oppleve at nære venner forsvinn brått - og bokstaveleg tala over natta. Det gjer vondt å vite at ein ikkje aner kva som venter dei når dei kjem fram. Og det er godt å vite at lokalsamfunnet reagerer, for det seier noko om at dei opplever at desse som nå er utsendt som godt integrerte.

Men det er samtidig vanskelig å forstå at det jobbes så sterkt for å få beholde dei i Vadsø - på dei vilkåra Kosovaserbarane har søkt på. For dei har søkt om asyl. På bakgrunn av den spente politiske situasjonen som var i Kosova, og på bakgrunn av ei frykt for at det albanske fleirtalet ville drive etnisk rensing. Fleire av familiane kom hit før Kosova blei erklært ein eigen stat i februar 2008. Dei nyaste ankomne har vore her eit halvår. (Under føresetnad om at mediene formidler sanninga, sjølvsagt).

Det er bare det at frykten var uberettiga. Det har ikkje kome rapporter om forfølgelse i Kosovo. Og det er på denne bakgrunnen at asylsøknaden er avslått. Heilt berettiga.

Så kan vi sjølvsagt diskutere korvidt Noreg har for streng innvandringspolitikk og så vidare. Men det er ein heilt annan debatt. For skulle ein ha latt desse få innvilga sine asylsøknadar, hadde det faktisk vore misbruk av asylinstituttet. Vi skal gi opphold til dei som faktisk blir forfulgt. Men det inneber også å avvise dei som faktisk ikkje rettmessig søker om asyl. Og det var grunnen til at Amnesty også gav sin støtte til aksjonen.

Så er det to moment i denne debatten som gjer det spesielt: det første er at dei ikkje sendes tilbake til Kosova, men Serbia. Det andre er at somme av borna har vore i Noreg så lenge at dei har budd lenger i Noreg enn Kosovo.

At dei sendes til Serbia har eg ikkje tenkt å gå så nøye innpå, utover å konstatere at Kosovas demografi har endra seg radikalt etter 2008. Det skuldes, om eg har forstått det rett, ikkje minst at Attisaariplanen har lagt opp til ein desentralisert maktstruktur som, trass i at det ikkje var eit mål, har ført til at ein har fått enda større grad av intern migrasjon og etnisk konsentrasjon - og fråtatt sentralmakta høve til å motvirke dette. Med andre ord, er det sannsynleg at serbarar som har reist ut frå område som ikkje ligg nord-aust i landet er frå delar av Kosova der det ikkje lenger bur serbarar. Eg vil mistenke at det er noko av grunnen til at det nettopp er Serbia dei sendes til (sånn i tillegg til at det er sannsynlig at ein del av dei utelukkande har serbiske identitetspapir, all den tid somme av desse kom til Noreg på eit tidspunkt då Kosova var ein del av ein del av Serbia).

Men så var det hensynet til barna. Eg oppfatter at det her ligg ein dobbelt kritikk: (a) at ein har vald å sende barna ut midt i eit skoleår, av omsyn til både barn og medelever og (b) at somme av dei barna som har vore her lengst har budd lengre i Noreg enn i Kosovo, sjølv om dei er i skolealder. (a) kan sikkert vere ein berettiga kritikk, det. Nå seier riktignok skolen barna har gått på at dei ungane som er igjen på skolen har vore borte i liknande situasjoner tidlegare, fordi skolen er mottaksskole. Men enda viktigare er det at vi tek ein prinsipiell debatt kring (b). For dette er ikkje det første, og truleg blir det heller ikkje det siste, der ungane har vore i Noreg så lenge at ein kan spørre seg om dei ikkje har sterkare band til Noreg enn til heimlandet.

Det ein då kan spørre seg, er om det er på tide å vurdere amnesti for familier med barn som har budd her lenger enn eit bestemt antal år, og som har budd her så lenge fordi Noreg ikkje har klart å somle seg til å handsame søknadene. Gerd Fleischer foreslo 3 år, og det er ikkje noko dumt tal.

Samtidig er det åpenbart at det arbeidet ein har gjort for å få fortgang på handsaminga er viktig - og riktig, i alle fall så lenge rettstryggleiken er ivaretatt. Etter mitt skjønn er 24-timersregelen skummel rettstryggleiksmessig sett, og det er tross alt viktigere at sakene vurderes rettferdig enn at det skjer umiddelbart. Men på ein skala er det viktig at sakshandsamingstida ligg nærare 24 timer enn 3 år.

Ingen kommentarer: