søndag, september 05, 2010

Kunsten å kreve med måte.

Aftenposten meldte i går at Rådet for Innvandrerorganisasjoner i Oslo har stilt krav om aldersheimer tufta på etnisitet. Ikkje overraskande har det vakt ein del motbør. Etnisitetsinndelte aldersheimer er problematisk av fleire grunner. Somme frykter at det kan bidra til ei oppspalting av samfunnet, der ein frå å vere eitt samfunn blir mange paralelle samfunn (så vil nokon hevde at det allereie er tilfelle i delar av landet..). Ei anna er prinsippet om at ein i Noreg skal tilpasse seg måtene det norske samfunnet er bygd opp på.

"Nå er det på tide at dei lærer seg korleis vi gjer det i dette landet", har eg høyrt dei siste dagane. Og eg klarer ikkje å fri meg frå å tenke på korleis VI tradisjonelt har gjort når vi har reist ut.

Mine amerikanske slektninger vil gjerne bli gamle på det huset dei kaller Norwegian Lutheran Hospital, for der prates det norsk - listermål, til og med -, og alle dei andre som bur der hugser også korleis det såg ut i Vanse då Rutebilgården var ny. Lapskaus og vafler serverer dei også.

Dei er ikkje aleine. Oslo kommune har forsøkt seg på bygging av aldersheim i Spania. Og Carl I. Hagen fant det for godt å kreve at spanjoler som jobber med norske pasienter ver så god har å lære seg norsk. (Hans lokallagsleder på solkysten blei intervjua for nokre år sidan, og heldt ei flammande tale om kor viktig det var at innvandrere til Noreg lærte seg norsk. Seinare i intervjuet måtte han innrømme at han ikkje hadde hatt tid til å lære seg spansk - etter fem år i landet)

(Nordmenns krav om tilrettelegging gjeld forøvrig ikkje berre sine omgjevnader. Jens Stoltenberg feira 17. mai i Torrevieja i Spania i fjor. Der blei han tatt imot av lokallagsleiaren i Arbeiderpartilaget i byen, Per Neskleiv, som meinte norske styresmakter skulle sørge for at dei nordmenn som er busett i byen skulle få alle helsetenester løyst lokalt. "Det er meningsløst at nordmenn må reise hjem for å stå månedsvis i helsekø".)

Så uansett kor mykje vi liker å tru noko heilt anna, har vi også søkt saman med våre eigne i framande land - og gjerne utan å ta særleg mykje omsyn til kva omgivnadene kring oss skulle ynskje vi hadde gjort.

Men at vi har gjort det, er ikkje det same som at det er greitt. Det einaste det seier, er noko om storleiken på det glashuset vi sit i - og kor gigantisk steinen vi har i neven eigentleg er.

Akhenaton Oddvar de Leon, leder for Rådet for innvandrerorganisasjoner i Oslo, uttaler til Aftenposten at
Et aldershjem skal tilpasse seg behovene til individet når det gjelder språkkunnskaper, religiøse behov og besøk. I Norge ser vi på sykehus at Ole får ett besøk i uka, mens Ali får hele familien. Det krever organisering.
Det har han sjølvsagt rett i. Men det er ikkje det same som at etnisk inndelte aldersheimer er løysinga. For, som Thorbjørn Røe Isaksen så treffande oppsummerer det: "(...) tjenestene (må) alltid tilpasses brukeren, men det må skje på det enkelte pleiehjem og i samråd med den enkelte bruker, ikke baseres på etnisitet".

Forslaget om etnisk inndelte aldersheimer er berre eit av kravene Rådet for innvandrerorganisasjoner i Oslo kjem med. Alt frå krav om rett til statsborgarskap for norskfødde barn utan foreldre med norsk statsborgarskap til kamp mot tvangsekteskap og kjønnslemlesting er med på lista deira. Og problemet er at fleire av dei enten er politisk umoglege eller prinsipielt svært vanskelege - med det resultat at dei krava ein faktisk burde diskutere drukner.

Eg vonar at "kravslista" ikkje havnar i ei skuff fordi somme forslag ikkje kan handsamast. For kampen mot tvangsekteskap, kampen mot kjønnslemlesting, for sikring av leksehjelptilbod og arbeid retta mot lågt utdanna kvinner er superviktig - og gode integreringstiltak.

Ingen kommentarer: