mandag, september 06, 2010

Gratis parkering = levande bysentrum?

Flekkefjord FrP gjekk i dag ut med eit framlegg om 3 timers gratis parkering i sentrum av byen. Min første reaksjon var å le, kanskje mest av alt styrt av ein ryggmargsrefleks som seier at forslag som kjem frå den kanten skal ein vere skeptisk til. "Gratis sprit, billigere bensin - nå også gratis parkering" tenkte eg. Men jo då eg hadde lese artikkelen ut, innsåg eg at det faktisk er eit forslag som fortener å bli møtt seriøst.

For Gisle Meininger Saudland har unekteleg eit poeng når han seier dette kan bidra til vekst i handelsnæringa i Flekkefjord sentrum. Konkurransen med kjøpesenteret (eller -sentra) er sterk, og kjøpesentras gratisparkering er eit av deira store konkurransefortrinn.

Det er viktig å halde bysentra levande. Dessverre ser ein at fleire og fleire av byane langs Sørlandskysten består av nedlagte butikklokaler. (Og det er heller ikkje så uvanleg med melding om at "vi har flytta til kjøpesenteret borti veien" på døra). Skal ein klare det, trengs gode tiltak. Det er ikkje gitt at dette er det som skal til, ja det er ikkje sikkert det eigentleg er eit godt tiltak, men debatten må i gang. Og det helst før det berre er fem butikkar att i bysentra.

Ingen kommentarer: