Viser innlegg med etiketten Den norske kyrkja. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Den norske kyrkja. Vis alle innlegg

lørdag, oktober 20, 2012

Faderen. Far? Djiiiises! (Ei bokmålsk erkjenning)

Eg har skrive nynorsk i 11 år, sånn til kvardags. Eg tenker sjeldan over at eg gjer det, sjølv om eg veit at eg er meir medviten skriftsspråket mitt no enn det eg var då eg skreiv bokmål til kvardags. Det er ikkje fordi eg er så medviten korleis eg skriv. Eg var mykje flinkare til å passe på både presensformer og endingar då eg lærte meg å meistre språket enn det eg er nå - då gadd eg jo kontrollere kvart eit ord. Nå kontrollerer eg kvart jubelår og tek skrivinga på autopilot. Med vekslande endings-hell. For å seie det litt flåsete: eg kan bøyingsreglane, eg bruker dei bare ikkje alltid.Men det var ikkje mi manglande rettskriving som var grunnen til kriblinga i bloggefingrane mine. Det var erfaringa og erkjenninga eg gjorde her om dagen. Eg ER ikkje fullt ut nynorsking. Det er framleis ein del av meg som er bokmålsbrukar. 

Eg har ikkje eit religiøst språk på nynorsk.

Eg bidreg sterkt til den statistikken som fortel at store delar av medlemsmassen i Den norske kyrkja ikkje er kyrkja på ein vanleg søndag. Rett nok stikk eg innom litt oftare enn gjennomsnittet. Gode vener i kyrkjelege stillingar og ei tante i det listaske nabohuset som sit i eit sokneråd bidreg godt til slikt. (Sist eg var i kyrkja var det eigentleg aller mest for å studere den fantastiske fest- altertavla som heng i Vanse, for å vere heilt ærleg). Men nesten uansett kva for ein kyrkjebenk eg har fått tresmak i fua av å sitte på, har kyrkjespråket vore bokmål. Og då eg for nokre dagar sidan skulle undervise om korleis kristendommen si oppfatning av treeininga er, måtte eg rett og slett erkjenne at mitt religiøse språk (i den grad eg kan seiast å ha det) er bokmål. Faderen, sønnen og den hellige ånd. Skaperen, frelseren og livgiveren.

Ein Kristusfigur av eit slag som også harmonerer dårleg med mitt religiøse språk, men som eg tykkjer er veldig fin. Traff han i Mtwara, Tanzania, der han vaktar i ganga på anlegget til eit luthersk senter som vi hadde samling på då eg var der.
 

"Faderen? Far? Faren? Djiiiiises!". Slik trur eg røysta inni meg ropte medan eg rota fram forsøk på forklaringar. At læreboka eg har er på bokmål, gjorde ikkje saka betre. Så eg enda opp med å skrive bokmål på tavla den timen. Greitt å sørge for at bokmålselevane faktisk også får møte språket sitt, sjølv om dei utgjer minoriteten.

Men det heile kom eigentleg av at eg var språklaus. Eg hugsa vagt noko om Anden. (Det lo vi av ein heil kveld på konfirmasjonsleir på Hovden. Vi blei pålagt å stikke innom kapellet ein kveld, og der var gudstenesta på nynorsk. Vi kniste skikkeleg då presten sa noko om at "anden kom over dei"). Sønnen = Sonen. Så det var ikkje det vanskelege. Men denne faderen?!

Eg gjekk i bokmål-til-nynorskfella. Eg antok at det var vanskelegare enn det var. For dei fleste nynorsk-brukande kristne heiter denne delen av treeininga faktisk Faderen. I moderne nynorskomsetjing (2011-utgåva) heiter det Far. "Vår Far i himmelen. Lat namnet ditt helgast...". (Som for så vidt er det same som det heiter på moderne bokmål (2011-utgåva). "Vår Far i himmelen! La navnet ditt helliges.". No more Fader og helligholding.) Men eg kjenner at eg nok har ein veg att før "Og lat oss ikkje koma i freisting,  men frels oss frå det vonde" blir eit språk som kjennes som "mitt"..

onsdag, oktober 28, 2009

Naar Vi Døde Vaagner

...eller deromkring. Eg har nemlig innsett at målkvinna i meg aldri heilt har tatt kvelden, sjølv om ho stundom slumrer ganske så godt.

Det endelege provet fekk eg i dag. Eg las korrektur på ein artikkel, og freista finne ut kva den korrekte omsetjinga av ordet "menighetsråd" var på nynorsk. Skallen min ville nemleg ha det til at det anten måtte vere "kyrkjelydsråd" (all den tid kyrkjelyd er ordet for "menighet") eller "sokneråd" (all den tid "menighet" er dei som bur i eit kyrkjesokn). Eg veit eg har sett begge orda på prent, men all den tid dei ikkje båe kan vere sanne, fann eg ut at kyrkja.no måtte kunne gje meg svaret.

Vel inne var det berre å angi "nynorsk" som språk, og så klikke på "om kyrkja". Trudde eg. Men akk sann, den gong ei. For halve menyen til venstre i skjermbiletet stod på bokmål (!), og det same gjorde ein kvar artikkel eg kunne oppdrive om den kyrkjelege struktur.

Etter usedvanleg mykje "fram-att-att-og-att-att-att" fann eg ut at den korrekte nemninga var "sokneråd". Men før eg kom så langt, hadde eg klart å irritere meg så ettertrykkelig og grundig over målformen, eller mangelen på sådan, at eg for første gong på ei æve mekka klagebrev.

Rett nok er eg heilag (!) overtydd om at den som kjem på jobb i morgon og opner epostboksen til kyrkjerådet kjem til å tenkje at "huff, desse nynorskfolka, ass, dei gjer ikkje anna enn å klage", og eg har sjølvsagt aldri lyst til å vere ein av desse surmulande nynorskfolka som berre klager (sjølv om dei som klager somregel har ein god grunn til å klage!), men av og til er begeret så fullt at det renn over. Sjølv for ein sindig sørlending.

Og for den som måtte lure: eg klarer ikkje vere gjennomført sint, sjølv når eg meiner eg har god grunn til å vere det.

Hei!

Eg surfer ein del rundt på kyrkja.no, og lurer veldig på korleis de kan finne på å la meg få høve til å foreta språkvalet "nynorsk" når all informasjon som då kjem opp, er på bokmål? Ikkje eingong heile menyvalet er omsett til nynorsk - klikker ein på "om Den norske Kyrkja" finn ein t.d. ein meny til venstre som informerer om "Sjømannskyrkja - Norsk kyrkje i utlandet" rett under "internasjonale kirkelige kontakter" og "andre kirker i Norge".

Eg har sjølvsagt stor forståing for at ein ikkje kan sitte med dobbelt sett av nyhendeartiklar, og desse skal ein heller ikkje trenge å ha på meir enn ei målform. (Og "kred" til dykk for at meir enn 25% av sakene på framsida i augneblinken er på nynorsk!). Men når all tekst på "fastlåste sider" (eller kva ein nå skal kalle sider ein ikkje treng oppdatere - slik som "om den norske kyrkja") og store delar av menyen uansett er på bokmål, framstår knappen "nynorsk" som fint lite anna enn eit alibi. Når de gjev oss høvet til å velgje nynorsk målform på heimesidene dykkar, gjer oss som vel å nytte sidene på nynorsk visse forventninger om at sidene også er på nynorsk. Om ein ikkje har tenkt å syte for at så er tilfelle, kan ein nesten like gjerne ta bort den valfridomen. Eller - aller helst - kan ein gjere dei justeringane som trengst. Å sikre at (under-)menyane faktisk er på nynorsk, er ein god stad å byrje. Å på sikt omsette noko av den faste teksten er ein god stad å fortsette.

Alt godt og med von om positive endringar,

Signhild Stave Samuelsen,
Listelending og framleis lukkeleg Statskyrkjemedlem

---
Maalet hennar mor

søndag, september 27, 2009

P2 og venstresida...

Denne dagen skulle tilbringes på det teologiske fakultetet - med studentpolitikk i fokus. I staden har den vore tilbrakt i mitt studerkammer - med teologien i sentrum. Det var ikkje heilt meininga, kan ein seie.

Eg stod opp kvart over åtte, og satte kursen mot dusjen. Så langt kom eg ikkje - på vegen fant kroppen min ut at det å kvitte seg med næringsstoffer same veg som dei kom inn var ein god idé. Og feberen vil heller ikkje sleppe taket. Så brått var det berre å krype tilbake i senga.

Men om kroppen enn signaliserte at allmenntilstanden ikkje var som den skulle, var det likevel ikkje råd å få sove. Så kva gjer ein då? Vel, plasserer seg i ein stol, speler bubblespinner (bare for å ha noko å gjere der ein slepp å tenke) og skrur på radioen.

Eg innsåg at eg ikkje hadde hatt på radioen på lange lange tider. Ut frå kanalen radioen var innstilt på, snakker vi i tidleg vår ein gong (då eg berre måtte få med meg 20 spørsmål..).

For kanalen var P2. Som på ein dag som denne var eit særdeles godt selskap. For eg det er ikkje måte på kva eg har fått med meg som ein ganske passiv lyttar i dag. Ikkje berre fekk eg "våkne" til klassisk musikk (0g enda meir klassisk utover dagen), ikkje berre blei eg oppdatert på "crossoverfolkemusikk" og valet i Tyskland.

Men eg fekk med meg eit djubdeintervju med den nye generalsekretæren i World Council of Churches, Olav Fykse Tveit ("hallingdølen", som programleiaren - som forøvrig høyres ut som Vidar Lønn Arnesen - konsekvent kalla han).

World Council of Churches har etterkvart vorte ein særdeles klare i sine uttalar. Med sterk teologisk grunngjeving har ein gått hardt ut mot grådigheit og kapitalisme, og ein har tatt til orde for ein ny verdsorden, både sosialt og økonomisk.

Eit av dei klaraste prova på WCCs sosiale prosjekt, med heile verda (og ikkje berre den vestlege) i fokus, finn ein i det som må vere mitt favorittdokument om dagen, det såkalla AGAPE-dokumentet
(Alternative Globalisation Addressing Peoples and Earth). Som er radikalt i sine ønsker om ein ny verdensorder. Så radikalt at programleiaren i dag freista sette Fykse Tveit fast med at dette må vere "venstresidepolitikk".

Men om det hadde vore "venstresidepolitikk", er det særleg sannsynleg at dei amerikanske, konservative og ganske så republikanske kyrkjene hadde røysta for? Tvilsamt. Derimot er det eit heilt klart ynskje om ei meir rettferdig jord. For alle menneske, ikkje berre vi som tilfeldigvis er mellom dei 10% som har karra til oss 80% av ressursane.

Verda er grassat urettferdig, og det kan dei aller fleste vere samde i, uavhengig av politisk farge. Men om ein verkeleg meiner at ein må tilhøyre venstresida for å kunne ha eit ynskje om ei meir rettvis fordeling, ja, då strekk venstresida seg langt inn i eit politisk landskap ein normalt vil definere som sentrum-høgre.

---
In the House of Stone and Light. Martin Page.

tirsdag, september 08, 2009

Nei til elitedemokrati

Kvinnherad Kyrkje - foto: Signhild Stave Samuelsen

Bjarte Ystebø, redaktør av Norge Idag, melder til VG at han frykter høg valdeltaking i Kyrkjevalet. Han meiner nemlig at det er eit demokratisk problem dersom mange av ikkje-kykjegjengarane nytter røysteretten sin i Kyrkjevalet.

Det er åpenbart at Kyrkja har ei utfordring når store delar av medlemsmassen (og då sikter eg til dei som sjølv ynskjer å stå som medlemmer..) ikkje rekner Kyrkja som ein relevant del av sin kvardag. Når dei fleste av oss heller vil sove lenge på søndagane enn å sitte på ein hard kyrkjebenk, viser det ei stor utfordring for DNK. Men det er ikkje det same som at vi finn Kyrkja uinteressant.

For framleis vel vi Kyrkja til livets overganger - barnedåp, konfirmasjon, bryllup og gravferd - framleis opplever vi Kyrkja som relevant, men ikkje alltid i kvardagen. Kanskje er det ikkje så rart, for kva tid møter vi elles Kyrkjas representanter? I avisspaltene, når dei argumenterer mot sambuarskap eller kjønnsnøytral ekteskapslov. Saker der dei som kjem til orde frå Kyrkjas side har meininger som går på tvers av fleirtalet i folket, fordi det er dei konservative som er dei einaste som kjem til orde. Slik kan det ikkje fortsette. Og nettopp derfor er det viktig at vi som har røysterett, men ikkje er dei som slit kyrkjebenkene mest, nytter den. Fordi vi kan velge inn kandidater som kan balansere desse meiningene. Og som kan bidra til at Kyrkja heilt reelt blir ei Folkekyrkje.

Skal ein følge Ystebøs resonnement, skulle ein hevde at berre dei som var medlemmer i politiske parti skulle nytte røysteretten sin for at eit val skulle reknast som demokratisk. Eg trur til og med Ystebø ville vore samd i at dét ville vore ein dum - og udemokratisk - idé.

Er du usikker på kven som bør få røysta di? Då vil eg anbefale ein tur på nettsidene til Norges Kristelige Studentforbund. Dei har laga ei liste over liberale kandidatar som stiller i dei ulike bispedømmeråda,

søndag, mars 01, 2009

Kjærkommen revolusjon

Eg er heime på Lista denne helga. I går var det 93-årsdag for bestemor, og i dag fant tante ut at det var ein idé å dra med folket til kyrkje. Skjønt, folket blei redusert til meg og mamma.

Og på ein heilt vanleg søndagsgudsteneste var eg den nest yngste til stades - den yngste var 6 år og utstyrt med Nintendo DS for å sitte stille. (Det er åpenbart ganske store skilnader frå då eg var like gamal: tante pleide trive Sakkeus-boka som stod bakerst i lokalet, og så sat eg sysselsatt med å prøve å tyde skrifta fram til eg skulle heim..).Totalt var vi kanskje 70 stykker til kyrkjes, og i ei kyrkje som har 1200 sitteplasser, ser det påfallande skrint ut. Joda.

Men medan eg prøvde å la vere å le då presten fortalte om frelseren som kom på besøk til den fastande Jesus (det stod nok "fristeren" i manuset hans), byrja eg å reflektere over kor naudsynt det er at den varsla Gudstenestereformen ikkje berre kjem på plass, men også kjem med tiltak som fungerer, og som tek på alvor den store andelen av kyrkjelydsmedlemmene har andre ting å ta seg til enn å komme seg til kyrkjes søndag morgon klokka 11.

onsdag, januar 28, 2009

Framsteg for kyrkja!



Silje Kristine Meisal
blei ordinert til prest for ei vekes tid sidan, og har nå skapt bruduljer. Fordi ho ikkje har gifta seg. Ho bur i lag med far til sonen sin, men det er ikkje godt nok. Det er ikkje forpliktande nok for kyrkja. For kyrkja er ekteskapet det einaste saliggjerande for heterofile relasjonar.

Eg meiner kyrkja gjer seg sjølv ein bjørneteneste ved å ikkje anerkjenne sambuarskap. Ein ting er at ein då ikkje er i takt med den tida ein forheld seg til, men det er ikkje det viktigaste . Det at ein forfekter at det ikkje skal vere tillatt med ei mellomfase mellom kjæresteri og ekteskap, kan føre til ein høgare skilsmissestatistikk.

Eg er på grensa til å meine at sambuarskap tvert imot burde vore obligatorisk for alle som vurderer å gifte seg. Ein blir kjend med partnaren på eit anna vis enn ved "vanleg kjæresteri", samstundes som det er mindre vanskeleg å gå kvar til sitt om det skulle vise seg at ein ikkje passer i hop likevel.

For kyrkja er dette sjølvsagt problematisk blant anna fordi anerkjenning av sambuarskapet vil vere anerkjenning av at seksuelle relasjonar går føre seg utanfor ekteskapets rammer. Og ja, sjølv om det er tenkeleg at nokon vel å vente med sex til dei er gift også om dei bur i lag, er sannsynlegdomen stor for at kyrkja har rett i akkurat det. Men nå er det eit mindretal som faktisk "knip igjen" til dei er godt gift. Er det ikkje på tide at kyrkja anerkjenner dei erfaringene menneska tar med seg på vegen?

Så kan ein virkeleg diskutere kor lenge det er greitt at folk bur i lag utan å gifte seg. Eg har ikkje tenkt å komme med eit bestemt antall år, men personleg meiner eg prinsipielt at a) har ein vore sambuar ei lang stund, bør ein inngå eit meir forpliktande ekteskap, men b) eg har ingenting med kva val folk gjer for sine liv. B teller sjølvsagt meir enn min moraliserande a.

Under dagens diskusjon på fakultetet, kom det fram at det er ganske mange tidlegare TF-studentar som har blitt "tvangsgifta" før ordinering, fordi dei har vore sambuarar, og fleire av dei som snart skal ut i presteteneste er i same situasjon.

Heldigvis finst det krefter også innan kyrkja som tar til motmæle mot kyrkjas eigne reglar - t.d. leiar i Forbundet, Torkil Hvidsten. Hans glitrande motsvar kan ein lese her, og det anbefales.

Eit framsteg for kyrkja

Silje Kristin Meisal blei ordinert til prest i Hamarøy for ei vekes tid sidan, og har i dag skapt store overskrifter - kyrkja har nemlig bestemt at måten ho lev på ikkje går overeins med det å jobbe som prest. Ho lev i lag med sin kjære og deira felles barn - men dei har ikkje gifta seg. At ho er heterofilt sambuande gjer ho per definisjon uegna som prest i følge kyrkjelege lover.

Kyrkja burde anerkjent sambuarskapet for lenge sidan, også mellom eigne tilsette. Ein ting er å skulle vere i takt med den tida vi lev i, og dei gjeldande normene i samtida. Men det er ikkje det viktigaste. Det viktigaste er at kyrkja ikkje tillet eigne tilsette å følge sitt eige tempo og eige "modningsnivå". Det er eit levande paradoks at Kyrkja, i kampen for det dei definerar som "det gode samliv" har drive omfattande "tvangsgifte".

Eg studerar sjølv på Det teologiske fakultetet, og fleire av mine medstudentar studerer til prest - og bur i sambuarskap. Og normen har heile vegen vore at dersom dei skal ordineres etter endt praktikum, ja, då må dei gifte seg. Problemet er at det ikkje alltid er slik at folk er på eit stadie der dei er klare for å gifte seg, om dei bur i lag aldri så mykje. Ofte kan sambuarskapet vere ein måte å finne ut korvidt ein kan passe i lag (fordi ein blir kjend med folk på ein heilt annan måte av å dele tak med dei, spør einkvar som har flytta inn i kollektiv i lag med venner!), og det har den fordelen at ein på ein enkel måte, utan å involvere eit stort juridisk apparat, kan gå kvar til sitt om ein kjem til at ein ikkje fungerer.

Det er ikkje til å komme frå at kyrkjas samlivsstyring av eigne tilsette har ført til at somme har gifta seg før dei sjølv har vore klar for det, og det finst fleire døme på prestar som eksplisitt har sagt at grunnen til at dei i dag er skilde, er at dei måtte gifte seg "før tida".

Men som så ofte før, handler kampen for det gode samliv ikkje alltid om samliv på generelt plan, men om sex. Fordi Kyrkja forfekter at ein ikkje skal ha seksuelt samlliv før ein er smidd i hymnens lenker, lev ho også i den trua at føresetnaden for å ha sex er å ha felles seng på felles adresse - og då er det problematisk å akseptere sambuarskap. Problemet med denne forestillinga er åpenbar: korleis skal ei kyrkje med eit slik røynddomsbilete vere relevant i vår tid, der snittalderen for første samleie er betrakteleg lågare enn snittalderen for første ekteskapsinngåelse?

Kyrkja burde i staden gå i spissen for debatten om rammene for det gode samliv. Det er samlivsetikken som burde stå i sentrum. Ved å tørre å ta den viktige debatten, kan Kyrkja også oppleves som ein relevant samfunnsaktør hjå dei som i dag ikkje kjenner seg att i samlivsstandpunktet til Kyrkja.

Så får Kyrkja heller sjå gjennom fingrene med at ikkje alle deira ordinerte er klare til å ta skrittet ut i eit forpliktande samliv "til døden skiller oss ad". Så vil ein kanskje kunne klare å sikre at det er døden, og ikkje dommaren, som blir den som ender ekteskapet?