Viser innlegg med etiketten Kristiansand. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Kristiansand. Vis alle innlegg

tirsdag, april 05, 2011

Diskresjon er åpenbart ikkje min stil

Førre veke prøvde eg å opptre inkognito. Eg skulle til Kristiansand for å vere ordstyrer på årsmøtet til Vest-Agder Barne- og Ungdomsråd på vegne av LNU, og fordi eg opprinneleg hadde ein plan om at eg skulle gå frå toget, få i meg litt mat, gå på årsmøte og komme meg tilbake til hovudstaden og masteroppgåven fortare enn svint, hadde eg ein plan om at min visitt i k-town skulle vere så ubemerka som over hovudet mogleg. Planen slo ei lita sprekke då eg innsåg at eg enten måtte overnatte eller henge på togstasjonen til kl 2 på natta for å komme meg på nattoget. Då var det greit å ha ei lillesøster som har ein hybel med plass til storesøster.

Eg hadde lova mi fantastiske venninne K at eg skulle melde frå neste gong eg kom til Kristiansand, men sidan eg ikkje ante kva tid møtet var omme og eg altså skulle campe hos søster, braut eg løftet mitt. Eg hadde lyst til å skulle ha tid til å møte ho, og det hadde eg jo ikkje.

Det var litt daudtid mellom togets ankomst og årsmøtets start. Lillesøster skulle halde appell på datalagringsdemonstrasjonen, og vi blei samde om å møtes for å gå gjennom appell og få i oss litt mat før demoen. Ho var forsinka, så eg sprang ein tur innom Hobbyhimmelen mens eg venta. Eg hadde ikkje meir enn kome meg til Markens før tre kjende ansikt kjem mot meg. Ks søster, niese og mor. Det var sjølvsagt stas å møte dei (det er det alltid!), men eg innsåg at min inkognitoplan rauk. Så det song.

Godt var kanskje det, for Fædrelandsvennen hadde sjølvsagt sine speidarar på demonstrasjonen. Og eg hadde fått ganske mykje problem med å skulle påstå at eg (og den stygge sekken til einkvan som har flytta ut av kollektivet mitt) ikkje var til stades dersom nokon tilfeldigvis hadde surfa innom fvn.no sin nettsak frå demoen..

(Den stygge sekken, Hobbyhimmelenposen, lillebror, Marius og eg. Pluss litt av handa til intiativtakaren)


Note to self: å opptre inkognito funker ikkje. I alle fall ikkje i Kristiansand. Kjenner for mange der.. :)


mandag, mars 07, 2011

Should I stay or should I go?




VS






(Bileta av Gimlemoen og Blindern er henta frå Wikipedia Commons)

Eg snakka med pappa over telefon i går. Når eg snakker med pappa, hender det ganske ofte at han bringer opp nokre kjensler i meg som minner mistenkeleg om heimlengsle. I heile dag har eg kjent på kjensla av at det er forferdeleg lenge sidan eg har vore heime-heime. Har vore fleire gonger i Kristiansand i år, men har ikkje komme så langt at eg har karra meg til Lista ennå.

For nokre dagar sidan fann eg ut at eg skulle søke PPU frå hausten av, og heilt automatisk sende eg inn søknad til UiO. Og kanskje er det pappa si skuld at det i løpet av dagen i dag har dukka opp eit "behov" for å rette søknad også mot UiA. Og før eg rakk å tenke tanken ferdig, hadde eg søkt meg inn der også.

Og brått sit eg her, då. Og innser at eg har søkt begge stadar. Om eg berre får til å levere masteroppgåva mi i mai (det MÅ eg), får eg etter alle solemerker tilbod om plass båe stadar. (Teoretisk sett får eg tilbod uavhengig av om eg får ferdig masteren, for så vidt. Einaste fordelen med å vere ein slik ein med dobbelt sett av bachelorgradar - omsider finst eit bruksområde for sånne som meg og!)

Det gir det endelege spørsmålet: Oslo eller Kristiansand? Eg aner ikkje kva eg ender opp med, kjenner eg. Frustrerande. Og litt merkeleg godt å ikkje ane kva veg ein kjem til å gå.

søndag, mai 31, 2009

Å ta av på sørlandsk

Fvn.no, også kjend som nettutgåva til Fædrelandsvennen, melder i dag at ein kar frå Kristiansand vann 14,noko millioner i lotto i går. Og kva svarer den ferske lottovinner? Jo, at han skal ta seg ein konjakk.

Då mammas tippelag for nokre år sidan vann ein ganske mykje mindre sum, men likevel nok til at det var femsifra til kvar, svarte mamma (som på dåverande tidspunkt feira gemalens 50-årsdag) at "det var jo fint, då skal eg kjøpe meg nye vinduer". Ikkje noko hurra, ikkje noko jippi, men tørt og avmålt at vindusshopping var det neste. (Det skal dog innvendes at jubelen kom litt seinare på kvelden, på det tidspunktet festen nærma seg tom for vin)

Stormande jubel har eit litt anna uttrykk på Sørlandet enn elles i landet.

Apropos Lotto: om du som tilfeldigvis les dette også tilfeldigvis har iTunes: logg deg inn på "iTunes Store" og bestill Morgenkåseriet frå P1 på podcast - og høyr på Godi Kellers fantastiske lottovinnerkåseri frå 8. mai. ...og Arne Hjeltnes om språk frå 20. mai anbefales også på det sterkaste. Eg ler ennå så eg rister.

--
Jammen. Jan Engervik. Jammen alligavel.

mandag, januar 12, 2009

Javel og javeeel

For eit par år sidan hadde eg sommarjobb på turistkontoret i Kristiansand, og stod i informasjonsboden vår på torvet. Like attmed der eg stod, stoppa det opp to gamle menn. Samtalen deira foregjekk slik (det morsomste er at det ikkje eingong er tull!):

-Javeeel!
-Javeeeeel!
-Javel?
-Javel.. Javel?
-Javel.
-Javel?
-Å... javel..
-Javel. Javel!
-Javel!

Eg reagerte ikkje særleg på samtala, sjølv om eg høyrde kvart eit ord. Reagere gjorde derimot bergensarane eg liksom skulle gi tips om kva som er verd å sjå ein vakker sommerdag i Sørlandets hovudstad. For der eg kunne lese kroppsspråk og måten gamlekarane sa ting på, var dette totalt ukjend for desse stakkarane som hadde forvilla seg til den delen av landet der ting går med litt meir nedsett tempo.

I omsetting til moderne norsk:

-Javeeel! (Neimenn, hei, er det du som er ute på desse kanter?!)
-Javeeeeel! (Neimen, hei, det var lenge sidan sist!)
-Javel? (Korleis står det til?)
-Javel.. Javel? (Joda, sånn toleg. Og med deg?)
-Javel. (Joda, det går nå)
-Javel? (korleis går det med beinet ditt? )
-Å... javel.. (nuvel, det blir liksom ikkje heilt bra, det der)
-Javel. Javel! (huff, ikkje bra. Hils kona)
-Javel! (det skal eg gjere, veit du. Ha det godt!)




Illustrasjonen viser sjølvsagt ein typisk sørlending. Han studerer eit objekt som beveger seg i akkurat passe sørlandsk tempo...