Min gode venn J har i mange år drive intens lobby. Han har brukt mange timer for å få meg til å endre forbruksmønster. Prøvd med alle tilgjengelege middel å få meg til å innsjå at vanene mine måtte endres radikalt. At eg ikkje kunne fortsette å leve min kvardagssjonglering utan "ein slik ein". At det ikkje ville vere berekraftig å fortsette å springe rundt med kalender, datamaskin og ein mobil som anten er i ferd med å falle frå kvarandre eller som mister viktig informasjon. Ikkje for det, i perioden lobbyen har pågått, har eg i alle fall hatt 3 telefonar, men like forbaska...
Skal ein drive lobby mot ein sørlending, må det åpenbart skje langsiktig. Vi er ikkje å raske i vendinga, som kjent. Vi treng ei viss tilnærmingtid. Og såleis er det kanskje bare som det skal vere, når Js forsøk på å lokke meg med "ein driiiitbra app, som du bare måååå ha" eller "du, som har så mykje å gjere, på så mange felt, du kan jo ikkje fortsette med gule lapper du mister kontrollen på". For eg måtte då forstå at eg treng ein smarttelefon?
Vel. Eg har sett at han har hatt eit poeng, men eg har ikkje hatt bry til å ta meg råd. Dei pengane har eg jo tross alt mykje anna rart eg kan spenne vekk på!
Men her om dagen fekk eg mi første lærarlønn. Ikkje noko å leve på, men såvistes ikkje noko å klage over. Det er ganske god business å vere vikarlærar, nemlig. Då eg sjekka kontoen, fann telefonen ut at den skulle gå i vranglås. Igjen. Synd for den, for der og då bestemte eg meg for å gi etter for det "massive" presset. Så kunne eg bruke mi første lærarlønning på "fornuftig" vis. Og så kunne eg kanskje få ein fungerande telefon på kjøpet.
Det er ein viss ironi over det heile. For etter november har både organisasjonsaktivitet og reiseverksemd blitt ganske drastisk redusert, i alle fall inntil vidare. Så hovudargumentet til J er eigentleg borte.
Men eg bukka under til slutt. J kan innkassere siger ganske snart, for plutseleg ein dag står det eit snilt menneske på døra mi med ein ny telefon til meg..
Det nytter altså å drive lobby andsynes sørlendingar. Det tek berre mykje lenger tid...
Viser innlegg med etiketten Sørlandet. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Sørlandet. Vis alle innlegg
torsdag, januar 05, 2012
torsdag, juni 02, 2011
Du kan ta sørlendingen ut frå Sørlandet, men...
"Kva er det med dykk sørlendinger" spurte venninna mi oppgitt her om dagen. "Dei klarer å flytte ut, men så går det bare ei kort stund, så er dei på vei tilbake til Sørlandet igjen. Og ikkje nok med at dei skal tilbake til landsdelen, dei vil jo jammen med ha ting akkurat slik det var då dei vaks opp." Ho kjenner nokon frå Arendal som er fødd og oppvakse i byen, og som så fort det var på tide å flytte heimantifrå valde å busette seg i Arendal. Resten av verda er fint å reise på ferie til, men heim til Arendal må dei.
Og her sit eg, og innser at 8 år i Oslo ikkje har tatt sørlendingen ut av meg. Ikkje på noko vis. Ein ting er at eg har eit veldig behov for å forsvaret Sørlandet i alle mine samanhengar (...skulle ønske desse orda var mine..), ein annan er at når eg nå sit og prøver å leite fram ein stad å bu i Kristiansand til hausten, er "aktualitetsaksen" ganske sjokkerande: Sentrum - Østerveien - Søm/Hånes er det einaste gyldige. Har ikkje hatt bry til å vurdere å sjekke ut anna, ein gong.
Eg prøver meg sjølvsagt på å argumentere med "det er så praktisk å bu langs bussmetroen", "det er så kjekt å kunne hoppe rett på bussen til UiA", "eg må bu ein stad der eg slepp å ha bil" og "eg må bu ein stad der det går buss ofte" (som er eit argument for ikkje å ta over søsters hybel på Gimlekollen). Men kvifor då berre langs metroløypa austover, spør du kanskje? "Åååå, la meg for all del sleppe Vågsbygdveien!".
Tinnheia og Hellemyr kunne eg vurdert, sikkert, men så var det dette med den praktiske metroen. Og Slettheia betyr fort Vågsbygdveien, og sjølv om ein kan sleppe unna den, slepp ein jo ikkje unna Vesterveien, og den er jo nesten like ille i mitt hovud.
Men uansett korleis eg vrir og vender på det, har nok frk H litt rett. You can take the girl out of Sørlandet, but you can't take Sørlandet out of the girl.
Så derfor har eg brukt dagen i dag på å pakke eigedeler av ulik affeksjonsverdi ned i kasser. Bokhyllene (med unnatak av alt masterrelatert) er tømt, stova er skrapa for dvd-ar med mitt namn på, cd-hylla ser ribba ut og eg treng "desperat" nye kasser". For nå skal eg heim, altså. Bare ikkje heilt sikker på kva tid. Eller kor heim eigentleg er.
mandag, mai 23, 2011
For tante stenne bag gardin' å ser...
"Nå slår britiske aviser tilbake mot munnkurven" kunne Dagbladets nettframside melde i dag. Sjølve artikkelen fortel at britiske tabloider ikkje tør å fortelle kven han er, men at dei sørger for å protestere som best dei kan. I ein annan artikkel opplyser Dagbladet at fotballfansen skal ha sunge om denne speleren medan hans kone og barn var på tribunen - framleis utan å ha sagt kven han er.
Eg er ikkje spesielt interessert i fotball, og enda mindre er eg interessert i kven som måtte finne på å (frivillig) ligge med kven. Mi grunninnstilling har alltid vore at utruskap er ei sak mellom involverte parter (som i dei to pluss partnarar), og ikkje for det offentlege rom.
Det finst riktignok eit unnatak frå regelen om at utruskap er ein privatsak, og det er saker der (minst) ein av dei aktive partane er sjølvutnemnd moralistog "familieverdiforkjempar". Dei som går hardt ut med krav til korleis andre skal leve sine liv må tole søkelyset når dei sjølv ikkje lev opp til desse ideala - særleg om dei fordømmer andre for å gjere det same som dei sjølv.
Eg interesserer meg altså på ingen måte, sånn eigentleg. Og likevel tok eg meg sjølv i å aktivt bruke 2 minutt av mitt liv på å finne ut kven denne mannen var. Det var ganske enkelt. Db har nemlig linka til Trendistic - som lager statistikker over bruken av ord på twitter. Der søkte eg på "football player". Nokon hadde spurt etter kven det var. Nokon hadde svart vedkommande. Eit nytt søk på eit namn i Trendistic stadfesta at namnet hans - slik artikkelen hadde spådd - hadde auka kraftig i omtale på twitter dei siste dagane.
Kva kan ikkje teknologien gjere for oss i dag? Vel, for min del har den i alle fall påført meg mykje ein stor skuffelse. Ganske mykje over meg sjølv, at EG kunne finne på å foreta søket, når det ikkje interesserer meg. Og så litt over vedkommnde fotballsparker, fordi eg alltid har tenkt at han var ein sympatisk fyr (for ja, det var ein eg kjenner godt til - i seg sjølv noko talande om hans popularitet).
I Listasangen, som til liks med ganske mange andre heimstadssongar her i landet opphavleg var ei revyvise, heiter det at "Når æg ska uid å sjå min hjertenskjer/Då dreg eg heua gått for euan ner/For tante stenne bag gardin å ser/De' æ så vonnt fårr ho å la d ver". Og eg frykter at det er litt det same genet som altså slo ut i meg nå.
Det var så vondt for meg å la det vere.
tirsdag, april 05, 2011
Diskresjon er åpenbart ikkje min stil
Førre veke prøvde eg å opptre inkognito. Eg skulle til Kristiansand for å vere ordstyrer på årsmøtet til Vest-Agder Barne- og Ungdomsråd på vegne av LNU, og fordi eg opprinneleg hadde ein plan om at eg skulle gå frå toget, få i meg litt mat, gå på årsmøte og komme meg tilbake til hovudstaden og masteroppgåven fortare enn svint, hadde eg ein plan om at min visitt i k-town skulle vere så ubemerka som over hovudet mogleg. Planen slo ei lita sprekke då eg innsåg at eg enten måtte overnatte eller henge på togstasjonen til kl 2 på natta for å komme meg på nattoget. Då var det greit å ha ei lillesøster som har ein hybel med plass til storesøster.
Eg hadde lova mi fantastiske venninne K at eg skulle melde frå neste gong eg kom til Kristiansand, men sidan eg ikkje ante kva tid møtet var omme og eg altså skulle campe hos søster, braut eg løftet mitt. Eg hadde lyst til å skulle ha tid til å møte ho, og det hadde eg jo ikkje.
Det var litt daudtid mellom togets ankomst og årsmøtets start. Lillesøster skulle halde appell på datalagringsdemonstrasjonen, og vi blei samde om å møtes for å gå gjennom appell og få i oss litt mat før demoen. Ho var forsinka, så eg sprang ein tur innom Hobbyhimmelen mens eg venta. Eg hadde ikkje meir enn kome meg til Markens før tre kjende ansikt kjem mot meg. Ks søster, niese og mor. Det var sjølvsagt stas å møte dei (det er det alltid!), men eg innsåg at min inkognitoplan rauk. Så det song.
Godt var kanskje det, for Fædrelandsvennen hadde sjølvsagt sine speidarar på demonstrasjonen. Og eg hadde fått ganske mykje problem med å skulle påstå at eg (og den stygge sekken til einkvan som har flytta ut av kollektivet mitt) ikkje var til stades dersom nokon tilfeldigvis hadde surfa innom fvn.no sin nettsak frå demoen..
(Den stygge sekken, Hobbyhimmelenposen, lillebror, Marius og eg. Pluss litt av handa til intiativtakaren)
Note to self: å opptre inkognito funker ikkje. I alle fall ikkje i Kristiansand. Kjenner for mange der.. :)
torsdag, juli 09, 2009
Du veit du er på Sørlandet når...
...du høyrer det startes festival i nabolaget, og dei tre viktigaste punkta på programmet er fotball, rock og gudsteneste. :)
Og nei, bildet er ikkje frå Korshamn, men frå Loshavn, som er enda eit lite hakk meir fantastisk enn Korshamn (det skal godt gjerast). Men det er sommer, sol, Sørland og hav og bare herlig.
----
Reinert me' beine.
Som forøvrig opprinnelig er ei skrøne frå ein mann frå Eikvåg, nabohavna til Loshavn. Joda.
Kvifor er eg i Oslo akkurat nå? Eg er åpenbart på feil plass! :)
søndag, mai 31, 2009
Å ta av på sørlandsk
Fvn.no, også kjend som nettutgåva til Fædrelandsvennen, melder i dag at ein kar frå Kristiansand vann 14,noko millioner i lotto i går. Og kva svarer den ferske lottovinner? Jo, at han skal ta seg ein konjakk.
Då mammas tippelag for nokre år sidan vann ein ganske mykje mindre sum, men likevel nok til at det var femsifra til kvar, svarte mamma (som på dåverande tidspunkt feira gemalens 50-årsdag) at "det var jo fint, då skal eg kjøpe meg nye vinduer". Ikkje noko hurra, ikkje noko jippi, men tørt og avmålt at vindusshopping var det neste. (Det skal dog innvendes at jubelen kom litt seinare på kvelden, på det tidspunktet festen nærma seg tom for vin)
Stormande jubel har eit litt anna uttrykk på Sørlandet enn elles i landet.
Apropos Lotto: om du som tilfeldigvis les dette også tilfeldigvis har iTunes: logg deg inn på "iTunes Store" og bestill Morgenkåseriet frå P1 på podcast - og høyr på Godi Kellers fantastiske lottovinnerkåseri frå 8. mai. ...og Arne Hjeltnes om språk frå 20. mai anbefales også på det sterkaste. Eg ler ennå så eg rister.
Då mammas tippelag for nokre år sidan vann ein ganske mykje mindre sum, men likevel nok til at det var femsifra til kvar, svarte mamma (som på dåverande tidspunkt feira gemalens 50-årsdag) at "det var jo fint, då skal eg kjøpe meg nye vinduer". Ikkje noko hurra, ikkje noko jippi, men tørt og avmålt at vindusshopping var det neste. (Det skal dog innvendes at jubelen kom litt seinare på kvelden, på det tidspunktet festen nærma seg tom for vin)
Stormande jubel har eit litt anna uttrykk på Sørlandet enn elles i landet.
Apropos Lotto: om du som tilfeldigvis les dette også tilfeldigvis har iTunes: logg deg inn på "iTunes Store" og bestill Morgenkåseriet frå P1 på podcast - og høyr på Godi Kellers fantastiske lottovinnerkåseri frå 8. mai. ...og Arne Hjeltnes om språk frå 20. mai anbefales også på det sterkaste. Eg ler ennå så eg rister.
--
Jammen. Jan Engervik. Jammen alligavel.
Jammen. Jan Engervik. Jammen alligavel.
mandag, januar 12, 2009
Javel og javeeel
For eit par år sidan hadde eg sommarjobb på turistkontoret i Kristiansand, og stod i informasjonsboden vår på torvet. Like attmed der eg stod, stoppa det opp to gamle menn. Samtalen deira foregjekk slik (det morsomste er at det ikkje eingong er tull!):
-Javeeel!
-Javeeeeel!
-Javel?
-Javel.. Javel?
-Javel.
-Javel?
-Å... javel..
-Javel. Javel!
-Javel!
Eg reagerte ikkje særleg på samtala, sjølv om eg høyrde kvart eit ord. Reagere gjorde derimot bergensarane eg liksom skulle gi tips om kva som er verd å sjå ein vakker sommerdag i Sørlandets hovudstad. For der eg kunne lese kroppsspråk og måten gamlekarane sa ting på, var dette totalt ukjend for desse stakkarane som hadde forvilla seg til den delen av landet der ting går med litt meir nedsett tempo.
I omsetting til moderne norsk:
-Javeeel! (Neimenn, hei, er det du som er ute på desse kanter?!)
-Javeeeeel! (Neimen, hei, det var lenge sidan sist!)
-Javel? (Korleis står det til?)
-Javel.. Javel? (Joda, sånn toleg. Og med deg?)
-Javel. (Joda, det går nå)
-Javel? (korleis går det med beinet ditt? )
-Å... javel.. (nuvel, det blir liksom ikkje heilt bra, det der)
-Javel. Javel! (huff, ikkje bra. Hils kona)
-Javel! (det skal eg gjere, veit du. Ha det godt!)

Illustrasjonen viser sjølvsagt ein typisk sørlending. Han studerer eit objekt som beveger seg i akkurat passe sørlandsk tempo...
-Javeeel!
-Javeeeeel!
-Javel?
-Javel.. Javel?
-Javel.
-Javel?
-Å... javel..
-Javel. Javel!
-Javel!
Eg reagerte ikkje særleg på samtala, sjølv om eg høyrde kvart eit ord. Reagere gjorde derimot bergensarane eg liksom skulle gi tips om kva som er verd å sjå ein vakker sommerdag i Sørlandets hovudstad. For der eg kunne lese kroppsspråk og måten gamlekarane sa ting på, var dette totalt ukjend for desse stakkarane som hadde forvilla seg til den delen av landet der ting går med litt meir nedsett tempo.
I omsetting til moderne norsk:
-Javeeel! (Neimenn, hei, er det du som er ute på desse kanter?!)
-Javeeeeel! (Neimen, hei, det var lenge sidan sist!)
-Javel? (Korleis står det til?)
-Javel.. Javel? (Joda, sånn toleg. Og med deg?)
-Javel. (Joda, det går nå)
-Javel? (korleis går det med beinet ditt? )
-Å... javel.. (nuvel, det blir liksom ikkje heilt bra, det der)
-Javel. Javel! (huff, ikkje bra. Hils kona)
-Javel! (det skal eg gjere, veit du. Ha det godt!)

Illustrasjonen viser sjølvsagt ein typisk sørlending. Han studerer eit objekt som beveger seg i akkurat passe sørlandsk tempo...
Abonner på:
Innlegg (Atom)