tirsdag, januar 04, 2011

Nordisk familieglede

Eg står her og tygger vekselvis på danske GaJol og islandske Opal og høyrer på den kulaste songen eg kjem på akkurat nå - ein færøysk song om ein sånn familie eg godt kunne ha vakse opp i. Ikkje at eg har behov for å bytte ut min eksisterande, altså, men skulle eg bytta den, hadde dette vore min førstepri. Skjønt, hadde bestemor kjørt Harley og bestefar kjøpt trommesett, mamma sparka fotball og pappa fått akvariedilla hadde det kanskje ikkje vore så stor skilnad. Som det står på kjøleskapet vårt heime: families are like fudge. Mostly sweet with a few nuts.



Og om du ikkje er like god i færøysk som eg innbiller meg at eg er (kremt), kan du jo prøve å lese teksten her medan du høyrer. :)

Ingen kommentarer: