lørdag, desember 27, 2008

Ein blir blind på auga først


Eg skulle sette meg ned ved kjøkkenbordet for å skrive eksamensoppgave til morgonen i dag. (Må ta att for å ha vore sjuk i 16 dager i desember og påfølgande utsett eksamensinnlevering - så då er det levering før nyttår i staden..). På kjøkkenbordet låg dagens utgaver av både Fædrelandsvennen og Farsunds Avis, og eg kunne sjølvsagt ikkje gå i gang med skriving før avisene var leste.. Ikkje at det eigentleg var veldig mykje spanande, for første utgava etter jul inneheld jo primært stoff som er skrive før jul (og som i Fevennen sitt tilfelle i stor grad var tenkt publisert julaften, kan ein forstå ut frå formuleringer i artiklane). Og kva er meir egna som "stoff utan datomerking" enn årskavalkader? Så eg har lese meg gjennom journalistenes møter med intervjuobjekter, anmelderes beste bokmøter, fotografenes favorittøyeblikk og mykje anna som tyder på at morgondagens oppsummering kjem til å vere året månad for månad.

Allereie i dag sleppte Sportsredaksjonen i Fevennen oversikten over Sørlandets beste idrettsutøver, der forøvrig berre aktive utøvere får bli kåra. Og sjølv ikkje spesielt sportsinteresserte meg las med interesse. Og irriterte meg etterkvart over at Andreas Torkildsen ikkje var å finne på lista. Ein ting var å rangere både Hushovd, Lunde-tvillingene og Verås Larsen høgere, men eg hadde då tenkt at OL-innsatsen hans burde overgå merittene til både Steinar Ege og Nila Håkedal. Og då vi brått var nede på 8. plass og Ingvild Steinsland (forøvrig tante til han som tar over serviettene mine) var den som var lista opp, begynte eg å bli lettere bekymra for Sportsjournalistikkens ve og vel. Så eg las igjennom heile lista. Kom til 100, og framleis ingen Andreas. Så då var det bare å begynne forfra igjen. Framleis ingen Andreas. Etter å ha brukt i overkant av ein halvtime på å finlese lista, blar eg irritert om - og oppdager at heile baksida (som på mange måter er framsida på sportsdelen) er via til Andreas Torkildsen. Som kom på førsteplass.

Tidvis tallblinde Signhild har sjølvsagt ikkje observert at det stod eit 2-tall føre Thor Hushovds navn.

Ingen kommentarer: