fredag, desember 26, 2008

Slekt skal følge slekters gang


Overskrifta lyg litt. Dette innlegget skal eigentleg ikkje handle om generasjoner i tradisjonell forstand, men eg synes berre dei orda er så fine at eg måtte bruke dei. Det skal derimot handle om den fantastiske gleden det er når nokon vil ta over noko som ein gong var ein kjært, men som har mista litt av glansen. Vi snakker serviettsamling.

Eg var storsamlar av servietter fram til litt ut på ungdomsskolen. Eg innbiller meg at det kanskje var eit besøk på eit kjøpesenter utenfor Trollhättan som markerte slutten på mi karriere som samler av rang - eg prøvde nemlig å trive til meg ein serviett ekstra i ein isbar, og det blei ikkje akkurat mottatt med forståing. I tillegg byrja bestemor å få serviettene sine "importert" frå IKEA på den tida, med det resultatet i staden for å endre motiver heile tida (fordi ho kjøpte 20-pakker), hadde ho brått 50- og 100-pakker og eit særdeles lite samlegrunnlag: motiva var keisame og det gjekk år og dag mellom serivettene var brukt opp, slik at det var grunnlag for å håpe på eit nytt motiv. Uansett kva ein finn det for godt å bruke som utløysande årsak, er det i alle fall sikkert at eg på eit eller anna tidspunkt bare mista piffen. Serviettene blei liggande i ei skuff, og der låg dei jammen godt.

Då huset vårt blei seld i sommar, dukka serviettane brått opp innimellom anna ræl som hadde fått bu i skap og bod og loft. Og då mamma ville sortere eigedelane inn i kategoriane "kastes", "til speiderens loppemarked" og "beholdes aller nådigst" (sistnevnte kategori er einsbetydande med "gås gjennom neste år, med håp om skroting då"), fant eg ut at serviettsamlinga mi høyrde heime i kategorien "loppemarked". Dels fordi det er mange serviettar i samlinga, dels fordi eg har sett for meg korleis eg som 9 åring ville ha likt å finne ein stor kasse merka med "servietter" på loppemarked. Det ville vore ein skatt på line med å finne Sabeltanns skattekiste nokre år før. Som sagt, så gjort.

Under juledagsmiddagen i dag kom eg i skade for å nevne at eg hadde gitt bort serviettsamlinga mi til Speiderloppemarkedet, som foreløpig ikkje har blitt arrangert (fordi det stadig har blitt utsatt), og selskapets yngste, ein gut på 11, får stjerner i auga. "Kan æ kjøbe di?! Pliiis". Og eg kjenner at det er ingen i verden eg heller vil gi bort serviettsamlinga mi til. Kunne ikkje tenkt meg ein meir verdig "overtaker". Og eg gler meg over, og kjenner meg igrunnen litt stolt over, at "neste generasjon" i "familien" har tatt opp tråden.

Om eg når kvardagen begynner igjen plutselig gjenopptar vanen med serviettsamling, så er det ikkje til meg - dei skal til Kristiansand!

Ingen kommentarer: