tirsdag, juni 29, 2010

Dei tre farlige tinga i livet

"Det er tre ting du skal passe deg for" sa naboen min ein gong, og sette fram ein formanande peikefinger. "Klattegjeld. Duskeregn. Og små drinker". 


Eg har nok ikkje for vane å samle på slik livsvisdom, men det har gong på gong vist seg å halde stikk. Av ein eller annan grunn er det stadig naboens formanande peikefinger som kjem fram i mitt indre søndag morgon etter ein fuktig laurdag kveld. For dei små drinkane har jo ein tendens til å vere dei beste.


Og i dag fekk eg erfart at begge dei andre også slår til. Riktignok ikkje i så stort mon at eg føler for å kalle det bitter erfaring, men erfaring er det nå. ("Og en erfaring rikere, så løfter vi på glasset" syng det nå inni meg ein stad). For det første gjorde eg opp ei gjeld til ein kompis som i utgangspunktet bestod i (primært) 200-lappar, og som på merkeleg vis hadde blitt firesifra. I desse skatte- og feriepengetider skal eg ikkje akkurat påstå at det var smertefult, men det var i alle fall ei lita oppvåkning av kor fort gjelda klatter på seg, om ikkje anna.


Så var det dette duskeregnet, då, som sant og seie var grunnen til at eg såg for meg peikefingeren i mitt indre. Mamma og meg var nemlig på spasertur i Nordbygda nå i kveld. Då vi gjekk ut, var det ting som tyda på at det ville komme regn, men det kom nå ikkje. På tilbaketuren kom duskeregnet. Vi traff ein nabo, og stod lenge og prata med ho, og lot oss ikkje affisere av regnet - for trass alt hadde ikkje himmelen åpna slusene. "Dette er jo ingenting", sa vi.


Inntil vi kom inn, og oppdaga at vi var gjennomblaute.


Så er det visst noko i det likevel, då. Ein gjer visst klokt i å passe seg for duskeregn, klattegjeld og små drinker.

---

Drip Drop. Safura. Eurovision 2010

Ingen kommentarer: