lørdag, juni 26, 2010

Kvifor du har ei saks i førstehjelpsskrinet ditt

Eg veit du alltid har lurt på kvifor det er ei saks i førstehjelpsskrinet/puta/veska di. Somme tider er saksene til og med merka med "bilsetesaks". Det er sjølvsagt berre halve sanninga. Saksa ligg der også av ein annan grunn: ho skal brukes til å få personar, til dømes Signhild, laus frå sykkelen sin!

Eg sykla heim frå jobb i dag. Det er så sterk vind på Lista i dag at eg igrunnen har brukt meir energi på å halde sykkelen oppe enn eg har på å trø rundt. Og med sterk motvind har det heller ikkje gått veldig fort rundt.

På jobb må eg bruke svarte bukser, og i dag morges fann eg fram nokre bukser som er veldig gode å gå i, men som ikkje er innsvinga under kneet. Med andre ord: dei er relativt gode og vide. I tillegg er dei laga i eit stoff som i beste fall er glatt, i beste fall er heilt imogleg å få til å halde seg på noko anna vis enn slik det er sydd saman. Med andre ord: å brette opp buksa hadde liten effekt.

Mellom jobb og heim er det ei slette på kring 2 kilometer. Då eg hadde kring 200 meter igjen av den sletta, kom det ein bil bak meg som skulle forbi. Eg bremsa ned då eg høyrde den, slik at eg var sikker på at eg hadde kontroll på sykkelen (jf denne vinden..). Og brått innser eg at eg ikkje får trødd rundt - og heller ikkje trødd i bakken. Eg sit fast. Det er berre ein ting å gjere - la seg falle ned i grøfta, og sørge for at den landinga blir så mjuk som mogleg. Eg klarte å time det slik at eg datt i grøfta akkurat i det bilen kjørte forbi.

Grøfta var akkurat såpass bratt at eg ikkje heilt kunne sjå korleis eg skulle få av meg buksa - og buksa måtte av om eg skulle komme meg laus av sykkelen på eiga hand. Men det slapp eg, for sjåføren kjørte tilbake. Og fann ei leande Signhild som ikkje var i stand til å komme seg opp, og som hadde sykkelen liggande over beina.

Mannen i bilen prøvde først å rikke buksa ut. Det var ikkje mogleg. Så spurde han kva eg hadde tenkt å gjere, og eg svarte at eg funderte på å ringe pappa og be han ta med kuttereiskap. Då kom dei på at dei hadde førstehjelpsskrin. Oppi der låg ei saks. Og ein liten klipp seinare var eg laus.



Buksa mi er, som ein kan sjå, ein stor lapp fattigere. Men eg er heil (litt småforstudd i håndledd og litt merkelig forslått på beina der sykkelen låg, men pytt) og konkluderer med at eg har fantastiske folk i nabolaget. Aner ikkje kven dei er (anna enn at dei høyrdes lokale ut), men uansett: eg er sjukt takksam for hjelpa. Og ganske lattermild. Det finnes tidspunkt der ein skulle ønske ein kunne få sjå seg sjølv utanfrå. I sakte film.

---
Bicycle ride. Blümchen. Für Immer und Evig. 2000

2 kommentarer:

boba.no sa...

Haha! Artig å høyra at andre folk gjer sånt :D

Sykkelen min låser seg på same viset – berre utan brok – viss eg girar ned frå 3×7 til 2×4 (altså 2 på venstre girspake og 4 på høgre). Dette gjer eg mest alltid i bakken rett før heimhuset. Kvar gong stoggar pedalane heilt opp, og eg må febrilsk prøva å få stogga utysket før det går gale – alltid på same plass. Veit ikkje kva folka i huset ved svingen der trur om meg, men dei har førebels tilgode å klyppa i sund broka mi :)

Signhild sa...

Hahaha. Då er me to! Eg har sykla til jobb tre gonger denne veka, og alle tre dagane har eg stoppa akkkurat på same plass - like under 70-sone-skiltet på Borhaug. Tidleg i veka fordi kneet mitt ikkje ville meir, i går fordi kjedet hoppa av og i dag fordi sykkelen ikkje gjekk med på å bli trødd rundt akkurat der. Mistenker at den gamle dama som har kjøkkenvinduet rett mot den plassen rister på hovudet når ho ser meg....

Og bank i bordet - før du anar det, kjære S, er det deg som må kuttast laus. Med mindre du held deg til strikk rundt buksekanten, då. :P