onsdag, juni 09, 2010

Stakkar nabo

Eg har ein særdeles ufrivillig sjukedag i dag. Stod opp litt før 8, og prøvde konstant fram til litt over 11 å komme meg på jobb. Eg var heilt klar i toppen, men eg hadde ein mage som tilsa at dagens hovudaktivitet ikkje var foreneleg med å jobbe. Eg håpte i det lengste å i alle fall vere på jobb til lunsj, men gav til slutt opp.

Problemet er berre at sjølv om ein starter med å vere klar i toppen, ender ein med å vere friskere i resten av kroppen enn i toppen. Ikkje minst mangelen på næring gjer sitt (ikkje at eg ikkje får i meg næring, men det virker ikkje som om kroppen gjer noko anna med næringa enn å gje slepp på ho, gitt).

Men uansett: Stakkar naboen min. Eg er nemlig ganske avhengig av å høyre på musikk. Typ høyrer på musikk nesten heile tida eg er våken. Normalt pleier eg ikkje å plage omgjevnadene mine nevneverdig, i alle fall ikkje volummessig. Men i dag er det slik at fordi eg aldri heilt veit kva rom eg er i om 2 minutt, speles det høgt.

Om naboen min ikkje hadde noko forhold til færøysk musikk, har han det nå. Er han ikkje glad i folkrocktronika, bør han ha blitt det i dag. Så langt har han ikkje klaga, i alle fall (skjønt, eg garanterer ikkje at eg hadde høyrt ringeklokka). Vonleg følger han Valravns oppmoding: STATT UPP OG DANSA!

(Og ja, Kristine, eg lover å komme tilbake til oppfordringa di. Berre ikkje nett nå)

---
Kelling. Valravn. Koder på snor. 2009

1 kommentar:

Kristine sa...

Uff! God betring frøken :) Og som nabo til trancehelvetet på bjølsen kan eg slå fast at musikk er heilt greit. Så lenge det ikkje er dundrane høg bass, som er umogleg å stenga ute. Og høg musikk er greit, så lenge det er unntaket, og ikkje regelen ;)